Hopp til innhold

Solberg svara på skrivefeil-kommentar

Statsminister Erna Solberg fekk denne veka kritikk for skrivefeil i ein status på Facebook-profilen sin. «Jeg har dysleksi og skriver selv», svara Solberg tilbake.

Erna vert kritisert for skrivefeil.

Erna Solberg gav klart svar på kritikken om skrivefeil

Foto: Junge, Heiko/NTB scanpix, faksimile fra facebook (montasje)

Etter ein middag måndag kveld, la statsminister Erna Solberg ut eit bilete med følgjande tekst på si facebook-side:

«I kveld Jar jeg hatt en fantastisk hyggelig middag med fargerike damer med ulik egen eller foreldre med innvandrerbakgrunn. Slike damer gjør Norge ennå bedre .»

«Pirkette»

Som vanleg kom det raskt inn kommentarar av både positiv og negativ art, men ein person kritiserte statsministeren for å ikkje skrive korrekt norsk.

«Litt pirkette, men syns Norges statsminister strengt tatt bør ha assistenter som kan skrive korrekt norsk», skriv facebook-brukaren.

Til dette kom det raskt eit kort, men klart svar frå statsministeren:

«Jeg har dysleksi og skriver selv».

Får støtte

Statsministeren fekk raskt støttande kommentarar på kritikken på Facebook. Men ho har fått ros også på andre sosiale medium. Blant anna frå advokat John Christian Elden, som skreiv på Twitter at statsministeren svara godt for seg.

For ordens skuld skal det seiast at brukaren som kritiserte Solberg, ikkje har heilt orden på rettskrivinga sjølv. Pirkete vert skrive med éin t, og ikkje to. Noko blant anna sportsjournalist i TV 2, Davy Wathne, har påpeika:

Laster Twitter-innhold

– Viktig å vere open om skrivevanskar

Generalsekretær i Dysleksi Norge, Caroline Solem, meiner det er viktig å vere open om at ein har skrivevanskar.

– Når profilerte og kjende personar er opne om skrivevanskane sine, er det lettare for andre å vere det også, seier Solem.

– Skriv meir, det synest vi er fint, er Dysleksi Norge si oppmoding til Solberg.

Saka held fram under videoen.

Caroline Solheim i Dysleksi Norge mener Erna Solberg bør fortsette å skrive meldinger selv til tross for dysleksi.

Generalsekretær i Dysleksi Norge, Caroline Solem, meiner det er bra at Solberg er open om skrivevanskane sine.

Svarar som oftast ikkje på ufine kommentarar

I dag er statsminister Erna Solberg på oppdrag i Stavanger, men rådgivaren hennar, statssekretær Sigbjørn Aanes, seier til NRK at ufine og mobbande kommentarar som oftast ikkje får svar. Men denne gongen vart det gjort eit unntak.

– Det er ikkje første gong ho svarar på kommentarar som går på at ho har mange skrivefeil. Til det svarar ho at ho har dysleksi, seier statssekretæren.

Solberg står sjølv for mesteparten av innlegga i sosiale medium.

– Litt av tanken bak sosiale medium er å vere i kontakt med folk, og dersom alt skal gjerast av rådgjevarar så fell den effekten bort, seier Aanes.

AKTUELT NÅ