1. Utrydde ekstrem fattigdom og svolt.
– For første gong sidan ein starta målingar, har talet på ekstremt fattige gått ned dei siste åra. Velstandsutviklinga i Kina og India er viktige årsaker til dette. Likevel ligger det framleis ann til at meir enn ein milliard menneske i ekstrem fattigdom når fristen for Tusenårsmåla går ut i 2015.
2. Alle skal få grunnskuleutdanning.
- Rundt tusenårsskiftet auka talet på barn som får tilgang på skule, og i 2010 fekk 90 prosent av verdas barn gå på skule. Etter 2004 har imidlertid framgangen gått ned. Halvparten av de 58 millioner borna som ikkje får skule bur i konfliktområder.
3. Jobbe for likestilling og styrke kvinners posisjon i samfunnet.
Det er tilnærmet like mange jenter som gutar som får skulegang, men det er fleire jenter enn gutar som ikke fullfører utdanninga. Tidlige ekteskap er ei av grunnane til dette. 19,7 av alle folkevalte parlamentsmedlem i verda er kvinner, og det er langt færre kvinnelege leiarar i politikk og næringsliv.
4. Redusere talet på barn som døyr.
Talet på barn som døyr har gått kraftig ned dei siste tjue åra. Nord-Afrika er regionen kor nedgangen er størst med 67 prosent nedgang, medan det sør for Sahara berre har vore ein nedgang på 30 prosent. 82 prosent av alle barn som døyr bur i det sørlege Afrika.
Risikoen for å døy før fylte 5 år er halvert sidan 1990.
5. Betre mødrenes helse og redusere talet på dødsfall under svangerskapet.
Talet på mødre som døyr har gått ned over heile verda.
2 av 3 born blir nå født under tilsyn av kompetent helsepersonell
Det er stor skilnad på rike og fattige land, og det er langt att før tusenårsmålet er nådd. Verst er situasjonen sør for Sahara der 500 kvinner døyr per 100.000 fødslar. Kun 25 prosent av kvinnene sør for Sahara nyttar prevensjon.
6. Kjempe mot hiv/aids, malaria og andre sjukdommer.
Færre menneske vert smitta av HIV enn før, og nedgangen er størst lengst sør i Afrika. Denne regionen er også hardast råka. Heile 70 prosent av alle HIV-smitta personar i verda bur her. Utdeling av mygnnett har bidratt stort til at talet på menneske som er smitta av malaria no er 17 prosent lågare enn i 2000. Talet på tuberkulosesjuke ser ut til å bli halvert innan 2015, og målet er difor innan rekkevidde.
7. Sikre miljømessig bærekraft.
Det skjer framleis avskoging, men mindre enn før grunna preventive tiltak i Asia. Finanskrisa førte i det minste noko godt med seg, og skapte ein nedgang av globale Co2-utslepp. Dette kan snu når økonomien vert betre att. 92 prosent av verda har i dag tilgang på drikkevatn, og målet er difor nådd. Men 783 millionar menneske manglar framleis vatn likevel. Talet på folk med tilgang på sanitære forhold har auka, men det er langt att før målet er nådd.
8. Utvikle eit globalt partnarskap for utvikling.
Dei siste åra har andelen bistand i verdas statsbudsjett blitt mindre. Finanskrisa får skulda for dette. Fleire utviklingsland har no fått ta del i verdsmarknaden enn før. Også andelen ulandsgjeld har gått ned. Langt fleire mennesker i utviklingsland har no tilgang på internett og telefon enn tidlegare.
Kjelde: FN-sambandet (fn.no)/Norad