Hopp til innhold

Solberg er overraska over dårleg leiarskap

Statsminister Erna Solberg meiner det er alvorleg mange opplever at det ikkje får nokon konsekvens når dei melder frå om seksuell trakassering. Ho trur #metoo-kampanjen har vist kva ansvar leiarar har i slike saker.

Statsminister Erna Solberg om #metoo

Statsminister Erna Solberg meiner #metoo-kampanjen har avdekka dårleg leiarskap i mange verksemder og organisasjonar. No håper ho kampanjen skal føre til større merksemd rundt kva ansvar leiarar har i slike saker.

Etter at Hollywood-produsenten Harvey Weinstein blei skulda for valdtekter og seksuell trakassering, har mange delt sine historier gjennom #metoo-kampanjen. I Noreg sette Aleksander Schau eit ekstra fokus på tema då han i fleire twittermeldingar fortalde om konkrete episodar i norsk medie- og kulturliv.

Statsminister Erna Solberg seier til NRK at omfanget av seksuell trakassering i Noreg ikkje overraskar henne. Ho er meir overraska over kor lite mange leiarar har gjort i desse sakene.

– Det kan verke som om det er ein del leiarar som ikkje har teke på alvor at det er eit lovforbod mot trakassering på arbeidsplassen. Det er eit leiaransvar å både lytte til og handle når det blir meldt om slikt.

Solberg fryktar også for den signaleffekten slike saker kan ha.

– Det er alvorleg dersom kvinner som opplever seksuell trakassering ikkje tør å melde frå fordi dei fryktar dei skal bli sett på som vanskelege, at dei opplever at dei ikkje blir trudde når dei melder frå. Det vil seie at trakasseringa kan halde fram.

Håper det får konsekvensar

Dei siste åra har det vore fleire kampanjar som #metoo-kampanjen i sosiale medium. Slike kampanjar går etter kvart i gløymeboka, men Solberg trur kampanjen denne gongen kan få konsekvensar for arbeidslivet.

– Denne kampanjen har vore eit spark bak til leiarar som treng å forstå det grunnleggande at det ikkje er dei som melder frå som er problemet. Det er det dei som utøver seksuell trakassering som er.

Ho meiner mange leiarar kan ta lærdom av dei erfaringane som har kome i kjølvatnet av kampanjen.

– Dette har gjeve eit heilt anna fokus på kva ansvar ein leiar har, anten det er i arbeidslivet, i frivillig sektor, idretten eller politikken, til å motverke eit dårleg arbeidsmiljø der trakassering kan skje.

AKTUELT NÅ