Hopp til innhold

Søkte skogens ro: Blei halden vaken av rave-musikk heile natta

Stadig fleire melder om høglydt festing i skog og mark. Politiet i Oslo meiner slike festar ikkje er trygge å delta på.

Cecilie Sletvold i Oslomarka.

Cecilie Sletvold er glad i å sove ute i naturen, men blei heldt vaken av musikk frå det ho kallar eit «monsteranlegg» ei helg i august.

Foto: PRIVAT

– Dette var ikkje vanleg vennegjeng-støy. Dette var eit heilt anna nivå.

Det seier Cecilie Sletvold (53). I starten av august overnatta ho og hunden hennar ved vatnet Øyungen i Nordmarka i Oslo. Det blei ei natt utan søvn for henne.

– Det var nesten folketomt ved vatnet, så eg benka meg ned og hadde ein heilt fantastisk kveld. Det var heilt stille og roleg. Men ved midnatt starta musikk-levenet, fortel Sletvold.

Ikkje stille før klokka 8

Sletvold er mykje ute i naturen, og søv ute rundt 20 netter i året. Ho har opplevd liknande festing ved andre vatn i marka rundt Oslo, men då gav det seg i 2-tida. Det gjorde det ikkje denne gongen.

– Klokka blei 5, 6, 7, og til og med 8 før musikken gav seg. Dette er ikkje normalt, tenkte eg.

Rave

NRK har vore i kontakt med ein person som har deltatt på rave i skogen i Oslo. Vedkommande ønsker ikkje å uttale seg i saka, men har gitt tillating til å publisere dette bildet som er tatt frå ein fest i år.

Foto: Privat

NRK har vore i kontakt med ein person som har deltatt på rave i skogen i Oslo. Vedkommande ønsker ikkje å uttale seg i saka, men har gitt tillating til å publisere dette bildet som er tatt frå ein fest i år.

Foto: Privat

Musikken minna om typisk «rave-musikk» som techno og trance. Ho meiner lyden kom frå nordvest, minst seks kilometer unna.

– Det var ikkje berre eit lite musikkanlegg som ein kan ha med på telttur, det var ein rungande bass. Det var veldig tydeleg at det må ha blitt brukt DJ, fordi alle låtane berre fløyt i kvarandre, legg ho til.

Sletvold jobbar mykje med musikk sjølv. Ho trur musikken i marka kan ha vore eit kraftig stereoanlegg eller eit PA-anlegg, som er eit oppsett for musikkspeling i alt frå kjøpesenter til større konsertar.

– Det var så høgt at ein burde målt desibelen, seier ho.

Video delt med tillating frå ein som deltok på rave.

Bekymra for dyrelivet

Sletvold understrekar at ho har full forståing for at folk vil feste, og at det kan vere fint å samle ein gjeng ute i naturen. Men dette var ikkje ein «normal» fest.

– Ein ting er at eg og dei få menneska som låg rundt Øyungen blei plaga, men eg tenker meir på kva dette har å seie for dyrelivet i skogen, fortel ho.

– Vi har bandtvang, vi har bålforbod og ei rekke andre tiltak, så då tenker eg at støy også er noko vi må vere varsame med i naturen, legg Sletvold til.

Vurderte du å varsle politiet?

– Viss det hadde vore slik støy rundt der eg bur til klokka 8 om morgonen, så hadde eg ringt politiet. Men eg vurderte ikkje det i marka. Eg veit, nesten med sikkerheit, at politiet ikkje ville tatt seg bryet med å finne ut kvar i marka det kom frå, seier Sletvold.

Hengekøya til Cecilie Sletvold.

Her ved Øyungen hadde Cecilie Sletvold rigga seg til for kvelden.

Foto: Cecilie Sletvold / Privat

Her ved Øyungen hadde Cecilie Sletvold rigga seg til for kvelden.

Foto: Cecilie Sletvold / Privat

At folk reiser ut i skogen og festar slik er problematisk, meiner ho.

– Viss ein ser at folk finn seg nye arenaer, så må det setjast ned reglar.

Ikkje lovleg

Oslo-politiet er kjent med at det føregår ravefestar i naturen rundt Oslo. Dei er spesielt bekymra over risikoen folk tar ved å delta.

Runar Skarnes, operasjonsleder Oslo politidistrikt

Seksjonsleiar i Oslo politidistrikt, Runar Skarnes, seier dei alltid vil prøve å avslutte ulovlege arrangement.

Foto: Oslo politidistrikt

– Vi meiner kombinasjonen av mange faktorar medfører høg risiko for dei som vel å delta. Dette relaterer vi blant anna til bruk av ulovlege og ukjente stoff, fortel seksjonsleiar Runar Skarnes i Oslo politidistrikt.

Etter det politiet erfarer er det mangelfullt vakthald og oppsyn med deltakarane på slike festar.

– Det er grunn til å tru at dei fleste rave bryt kommunale reglar, når det gjeld korleis dei gjennomfører arrangementet og truleg også skjenking, seier Skarnes.

Stor utfordring for naudetatane

Ein anna risikofaktor er om det blir tatt nok omsyn til brannvern, spesielt når det er tørt i marka.

– Mange raves leggast relativt langt frå veg og inn i ulendt terreng i marka eller industrilokale som ofte er ueigna. I tillegg er det grunn til å tru at det i liten grad blir tatt omsyn til smittevern, seier Skarnes.

Samla sett fører det til at naudetatane får ei stor utfordring om dei må rykke ut til ei ulykke på festen.

– Er dette noko de prioriterer?

– Det vil vere avhengig av politiets kapasitet på det gitte tidspunktet. Politiet vil alltid forsøke å avslutte eit arrangement som definerast som ulovleg.

Brot på friluftslova

Generalsekretær i Norsk Friluftsliv, Bente Lier, seier det er ein koronatrend at folk flytter sosiale samlingar ut i naturen.

Bente Lier, Norsk friluftsliv

Bente Lier i organisasjonen Norsk Friluftsliv ber alle hugse på at lyd kan bere kilometervis i naturen, særleg ved vatn.

Foto: Norsk friluftsliv

Det meiner ho er hyggeleg, men:

– Når vi veit at dei aller fleste søker til naturen for å finne stille og ro, så er det lett å tenke seg at store musikkanlegg ikkje høyrer heime ute i naturen, seier Lier.

Lier fortel at også ho har blitt heldt vaken av festing i naturen. I tillegg får dei tilbakemeldingar frå folk om dette frå tid til annan.

Festing i naturen kan vere brot på friluftslova, meiner Lier.

– I friluftslova har vi allemannsretten, som er retten til å ferdast i utmark uavhengig av kven som eig grunnen. I den same lova står det også at vi også skal vise omsyn til menneske og dyr. Så når ein ikkje viser omsyn, er det ikkje i tråd med allemannsretten.

Øyungen

Ifølge ei undersøking frå Norsk Friluftsliv oppgir fire av fem i Oslo-området at dei har flytta sine sosiale aktivitetar ut.

Foto: Cecilie Sletvold / Privat

Dyra held seg unna

I likskap med Sletvold, er Lier også bekymra for kva slik festing har å seie for dyra i skogen.

– Det er klart det vil vere forstyrrande for dyra viss det kjem uvande lydar, særleg på våren når det er hekking. Så ikkje minst av omsynet til dyra er det viktig å ikkje lage for mykje støy i naturen, seier ho.

Petter Bøckman

Zoolog Petter Bøckman meiner festing i naturen ikkje er eit stort problem for dyrelivet.

Foto: Kristian Elster / NRK

Men zoolog Petter Bøckman ved Naturhistorisk museum (UiO) seier festinga derimot ikkje har mykje å seie for dyra.

– Er det bråk, så held dei seg stort sett unna. Elg, rev, flaggermus og slike dyr, dei kjem berre til å flytte aktiviteten sin litt lenger vekk, seier Bøckman, som heller er meir bekymra over at folk ikkje ryddar vekk bosset sitt.

Cecilie sin hund.

Det blir fleire teltturar for Sletvold og hunden.

Foto: Privat

Skal på hengekøye-tur igjen

Sjølv om det var ei ubehageleg natt for Cecilie Sletvold, let ho seg ikkje skremme av hendinga.

– Kvir du deg for å sove ute igjen?

– Absolutt ikkje, eg skal ut igjen til helga, seier ho med eit smil.

NRK har vore i kontakt med ein av arrangørane av utefestar i marka rundt Oslo. Dei takka nei til å uttale seg i saka.

Hei!

Har du deltatt på eller arrangert rave i naturen? Eller har du andre tips om denne saka? Då vil eg gjerne høyre frå deg!

AKTUELT NÅ