Hopp til innhold

Snorre Storset blir ny sjef for Nordea Norge

Snorre Storset tar over etter Gunn Wærsted som ny administrerande direktør i Nordea Norge.

Snorre Storset

NY SJEF: Snorre Storset blir ny administrerande direktør og skal leie dei 2 700 tilsette i Nordea Norge.

Foto: Dan Coleman

– Dette blir ei spennande utfordring, seier den påtroppande direktør i Nordea, Snorre Storset til NRK.

Storset tar over som sjefsstolen i Nordea Norge med det same, og frå 1. februar skal han òg leie heile Nordeas spare- og investeringsområde Wealth Management.

Gunn Wærsted

Gunn Wærsted har leia Nordea Norge sidan 2007. Rett før jul vart ho utnemnt til ny styreleiar i Telenor.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Storset tek over jobben etter Gunn Wærsted, som gjekk av etter å ha blitt utnemnt til ny styreleiar i Telenor. 43 år gamle Storset meiner sjølv han er rett mann for jobben.

– Eg har ein brei bakgrunn både frå ulike delar av norsk finansnæring, men også frå inn- og utland, seier Storset.

Han har vore tilsett i Nordea sidan 2010, og har mellom anna leia Nordea Liv og Pensjon. Sidan november 2015 har Storset vore ein del av konsernleiinga i Nordea.

På sin første dag i jobben er Storset både optimistisk og ambisiøs for framtida. Han fortel at banken skal gjennom ei stor digitalisering.

– Vi går i front og bytter ut heile IT-plattforma vår slik at alle våre 11 millionar kundar i Nordea får det absolutt beste tilbodet i framtida, med nye og gode løysingar, seier Storset.

Nordea er Nordens største bank, medan Nordea Norge er Noregs nest største bank, etter DNB. Trass dårlege tider i norsk oljenæring trur ikkje Storset dette kjem til å få store konsekvensar for Nordea.

– Vi har ei sterk finansiell ryggrad, og ei økonomisk løfteevne, så sjølv om det er ein litt tynnare periode i delar av norsk næringsliv er ikkje dette noko problem for oss å makte, seier Storset.

AKTUELT NÅ