NRK Meny
Normal

Snart kan bustadlånet ditt bli endå billegare

Allereie neste veke kan det kome ei ny runde med rentekutt frå bankane, trur ekspertar. Danske Bank lovar renterkrig for å kapre nye norske kundar.

Bolighandel

BILLEGARE: Fleire økonomar trur nye rentekutt er rett rundt hjørnet. Dermed kan bustadlånet ditt bli endå billegare.

Foto: Colourbox

Fleire bankar er på hugget, ifølgje siviløkonom Pål Ringholm, analysesjef for kreditt i Swedbank. Kreditteksperten meiner nye rentekutt er rett rundt hjørnet.

– Norges Bank kjem til å senke renta, og bankane kjem til å følgje etter, seier Ringholm til NRK.

Danske Bank med på rentekrig

12. desember i fjor nedjusterte Norges Bank styringsrenta til rekordlåge 1,25 prosent.

Trond Mellingsæter

RENTEKRIG: Påtroppande sjef i Danske Bank i Noreg, Trond Mellingsæter, lovar hardare kamp om lånekundane.

Foto: dendanskebank.com

Neste rentebeslutning blir gjort offentleg kjent i neste veke, torsdag 7. mai.

Trond Mellingsæter tek snart over som toppsjef i Danske Bank i Noreg. Rentekutt blir ein viktig faktor for å kapre fleire kundar, ifølgje den påtroppande sjefen.

– Rente er ein av fleire viktige faktorar. Vi har ein klar og uttalt ambisjon om å ta ein betydeleg større plass i den norske marknaden. Vi skal vekse, og vi skal vekse meir enn marknaden gjer, seier Mellingsæter til NRK.

– Det er ei god kjensle

Leiar i fagforeininga Akademikerne, Knut Aarbakke, har allereie sikra sine medlemmer endå billegare lån.

– Danske Bank gir oss 2,6 i flytande rente, og vi har eit fastrentetilbod som nærmar seg to blank, seier Aarbakke til NRK.

– Det er ei god kjensle. Den kollektive forbrukarmakta vi har, har faktisk ført til ein slags rentekrig, seier han.

– Eg trur renta skal vidare nedover. Det seier også fagøkonomar som jobbar med dette. Det at fastrentenivået er så lagt, er eit signal om bankane også trur at renta skal vidare nedover.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger