Hopp til innhold

Innrømmer at bakgrunnssjekken svikta

– Det kan vere nødvendig å stille endå meir detaljerte spørsmål, seier Statsministerens kontor om kvifor det tidlegare forholdet mellom Odd Roger Enoksen og ei ung kvinne ikkje kom fram.

Kristine Kallset

Kristine Kallset er stabssjef hos Statsministerens kontor (SMK) og hadde i haust bakgrunnssamtalen med Odd Roger Enoksen.

Foto: Ingrid Tinmannsvik / NRK

– Eg trur ingen som har følgt med dei siste månadene tenker at alt har fungert perfekt her.

Det seier stabssjef Kristine Kallset (Ap). Ho er ansvarleg for bakgrunnssjekkane hos Statsministerens kontor (SMK).

– Eg tenker det kan vere nødvendig å stille endå meir detaljerte spørsmål, slik at folk faktisk har tenkt gjennom alle sider av saker. Det er openbert at vi må vurdere heile vegen om det fungerer bra nok når slike ting kan skje.

Odd Roger Enoksen (Sp) gjekk laurdag av som forsvarsminister etter at VG skreiv om at han hadde hatt ein seksuell relasjon til ei ung kvinne.

Kvinna var blant anna med Enoksen på jobb i 2006, og var også hans gjest under opninga av Stortinget. På dette tidspunktet var Enoksen 50 år og olje- og energiminister i Stoltenberg-regjeringa.

Er kontrollen med fortida god nok?

Avhengig av at folk er ærlege

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) sa i helga at Enoksen ikkje hadde blitt statsråd i hans regjering om forholdet var kjent.

– Det er ein samtale som er tillitsbasert. Vi er avhengige av at dei det gjeld legg alle tema på bordet, seier Kallset til NRK.

Kallset seier ho ikkje kan kommentere samtalen ho og Enoksen hadde hausten 2021. Ho viser til at media har skrive om at forholdet ikkje var kjent for SMK.

– Men i eit eksempel der eg hadde fått vite ein slik type informasjon, så hadde eg gått til statsministeren med det og sagt at dette har kome fram.

Den unge kvinna møtte Enoksen fleire gonger, og vitja mellom anna eit møte han hadde med ein annan statsråd.

Forsvarsminister Odd Roger Enoksen (Sp), 20. februar 2022

Tidlegare forsvarsminister Odd Roger Enoksen seier han opplyste om at han hadde vore utru i bakgrunnssjekkane med SMK. Han sa ingenting om kvinna sin alder.

Foto: NRK

– Burde nokon som var sentrale i den raudgrøne regjeringa på 2000-talet ha reagert på at ein statsråd hadde med seg ei svært ung kvinne i mange samanhengar?

– Eg trur vi gjennom dei seinare åra, med metoo og folk som har sagt frå om heilt uakseptable ting, ser at tilbake i tid var det liten merksemd rundt desse tinga, seier Kallset.

– Det håpar eg er endra for framtida.

Fleire konkrete spørsmål kan vere nødvendig

Kallset seier det kan vere nødvendig å ha meir fokus på mellom anna ugreie relasjonar, maktmisbruk og seksuell trakassering.

– Eg stiller ganske mange konkrete oppfølgingsspørsmål viss tema kjem opp i samtalen. Men det kan hende det er nødvendig å stille endå fleire konkrete oppfølgingsspørsmål og snakke meir rundt temaa.

Verken Støre eller Sp-leiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum seier dei kjente til saka då Enoksen blei utnemnd som minister i haust.

No blir det jobba med å få på plass ein ny forsvarsminister i løpet av påskeveka.

Regjeringsskifte 2021. Jonas Gahr Støre og Odd Roger Enoksen foran Slottet.

Statsminister Jonas Gahr Støre meiner det var rett at Enoksen trekte seg som forsvarsminister.

Foto: Heiko Junge / NTB

Både Odd Roger Enoksen og Hadia Tajik har dei siste månadene trekt seg frå ministerpostane på grunn av saker som ligg langt bak i tid.

– Eg tenker det vi har sett over dei siste månadene viser at det er grunn til å vere ærleg i slike samanhengar, fordi ting har ein tendens til å kome fram. Og då er det betre for alle partar at det har kome fram i forkant og at ein har gjort ei ordentleg vurdering, seier Kallset.

Ho meiner dei aller fleste er reielege og førebur seg godt til ein slik samtale.

– Men vi har ingen garantiar for at folk er ærlege, slik må det nesten vere i eit system som er tillitsbasert.

To varsel frå 2000 og 2001

I 2017, medan metoo-saker blei rulla opp både i Noreg og utlandet, tok den tidlegare Sp-politikaren Hilde Lengali kontakt med partileiinga for å fortelje om to hendingar mot Enoksen. Det handla om forhold tilbake til 2000 og 2001, då Enoksen var partileiar.

I eitt tilfelle skal han ha dytta henne ned på senga på eit hotellrom. Enoksen seier han ikkje hugsar denne episoden.

Året etter skal han ha kome inn i ein damegarderobe, der Lengali stod naken. Enoksen har seinare beklaga denne episoden.

Les også Varsel mot forsvarsministeren: – Det gjorde noe med tryggheten min

Hilde Lengali har levert et formelt varsel mot forsvarsminister Odd Roger Enoksen og sier han er hovedgrunnen til at hun i sin tid meldte seg ut av Senterpartiet.

Sakene blei lagde bort i 2017 fordi Enoksen ikkje hadde ei aktiv rolle i partiet lenger. Då han blei forsvarsminister i haust, tok Lengali kontakt med partiet på nytt for å varsle om hendingane.

– No visste ingen om denne siste historia om denne unge kvinna, men tenker du at dei som visste om Lengali si historie burde ha informert Statsministeren kontor og at det kunne ha endra noko?

– Eg ønsker ikkje å kommentere ein heilt aktuell enkeltsak, svarar Kallset i SMK.

Generalsekretæren i Sp, Knut M. Olsen, blei informert om Lengali sine varslar, men informerte ikkje SMK om dei. Kallset seier ho antar at partileiinga har tett kontakt i forkant av statsråd-utnemningane.

Les også Lengali etter Enoksen-avgang: – Håper døtrene våre slipper å oppleve det vi har opplevd

Hilde Lengali

NRK skreiv tidlegare at den unge kvinna var med Enoksen fleire gongar på Stortinget. Det rette er at ho møtte han der på ein skuletur i 2005, og var med på opninga av Stortinget hausten 2006.

AKTUELT NÅ