Småviltjakt med blyhagl i haust

Forbodet mot blyhagl blir truleg oppheva i sommar. Dermed er haustjakta tilbake i gamle former.

Rypejakt

Denne hausten kan småviltjegarane igjen fylle beltet med blyhaglpatroner.

Foto: Erik Veigård / Scanpix

Miljødirektoratet kom mandag med forslag til nye forskrifter for bruk av blyhagl etter at regjeringa lenge har signalisert at dei vil sleppe blyet ut i naturen igjen. Innhaldet i forskriftene er krystallklart, men med ein merkbar bismak; dei tillet bruk av blyhagl, men direktoratet understrekar sterkt at dette betyr auka blyforureining av naturen.

Gjeld frå juli

Endringane skal nå ut på høyring, og informasjonsavdelingen i Klima- og miljødepartementet opplyser at forskriftene etter dette truleg kan iverksetjast frå juli.

«Det er en endring av forbudet mot blyhagl i produktforskriften § 2-2 som vil kunne tre i kraft i begynnelsen av juli», skriv departementet i ein epost til NRK.

Dermed er mange jegerar glade for å kunne bruke betre ammunisjon som gir mindre skadeskyting frå jaktstart 10.september, medan miljøvernarane ristar på hovudet av det dei ser på som et miljøpolitisk tilbakesteg med ytterlegare blyforureining.

Ikkje bly i våtmark

Dei nye forskriftene tillet ikkje bruk av blyhagl i våtmarkssområder. Formuleringane er laga slik at bruk av blyhagl er unntak - ikkje regelen. Forslaget frå direktoratet er formulert slik:

Under jakt og felling er det ikke tillatt å bruke blyhagl, med unntak for jakt på li- og fjellrype, storfugl, orrfugl, rugde, jerpe, duer, ærfugl, skarv, hare, rev, rådyr, og felling av jerv og gaupe. Unntaket gjelder også for jakt på gjess og ender som oppholder seg på innmark, jf. friluftsloven § 1a.

Forskriftsendringane får ingen betydning for leirdueskyting. I forslaget til endringar står det heilt tydeleg: Det er forbudt å bruke blyhagl på skytebane.

Glade jegerar

Espen Farstad

Espen Farstad i Norges jeger- og fiskerforbund er glad for at jegarane igjen kan bruke bly.

Foto: Signe Karin Hotvedt / NRK

Espen Farstad er informasjonssjef i Norges Jeger og Fiskerforbund (NJFF) er svært positiv til prosessen nå.

– Det er gledeleg at Klima- og miljødepartementet raskt har tatt tak i denne saka etter Stortinget si behandling. Det ser ut til at haustjakta kan foregå med blyhagl for den som ønskjer det.

Han seier at NJFF primært hadde ønskt ei områderegulering av blyhaglforbodet, med forbod i våtmarksområder og på skytebanar, men med opning for bruk av blyhagl elles under jakt.

Les også:

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger