Hopp til innhold

Småfly naudlanda på bilveg, er no i lufta igjen

Eit småfly som naudlanda på ein bilveg ved Lørenskog i Akershus, er no på vengene igjen. Vegen som småflyet naudlanda på var stengt på grunn av flaumen, og piloten får no skryt av politiet.

Småfly naudlanda på Sykehusveien

NAUDLANDA: Cessna 172S-flyet naudlanda kontrollert på ein flaumstengd veg i Lørenskog.

Foto: Niclas Saether

Piloten fekk problem med motoren og såg ingen annan utveg enn å naudlande på ein bilveg ved Lørenskog i Akershus.

Flyet er grundig undersøkt og har tatt av frå bilvegen. Sjå video under.

Småfly naudlanda på bilveg, men tok av igjen etter ein sjekk.

Flyet tek av etter kort tid.

Småflyet er av typen Cessna 172S med registreringsnummeret LN-AGW, og høyrer til Gardermoen flyklubb.

Det gjekk bra med alle om bord på flyet. Sykehusveien var stengt på grunn av flaumen på Austlandet, noko piloten var klar over, ifølgje politiet.

Ifølgje Romerikes Blad er det snakk om ein pilot og ein passasjer som var om bord i flyet. Begge to er menn på 18 år, skriv avisa.

Eit småfly har naudlanda på ein bilveg ved Lørenskog i Akershus. Vegen var stengt på grunn av flaumen, og piloten får no skryt av politiet.

Havarikommisjonen undersøkte flyet, og konkluderte med at alt såg greitt ut. Flyet tok av etter ei lita stund.

Visste at vegen var stengt

– Flyet var på veg frå Gardermoen til Kjeller då piloten undervegs fekk tekniske problem med flyet. Piloten var kjent med at Sykehusveien var stengt på grunn av flaumen og valde å lande her, fortalde Marit Furuset, som er innsatsleiar i Romerike politidistrikt.

Furuset legg til at det går bra med både pilot og passasjer.

– Dei beheldt roa og tok dei rette vala, sa ho.

AKTUELT NÅ