NRK Meny
Normal

Småbarnsmor: – Nøye planlegging gjev fleire feriar

Dei droppa ferien i fjor, for å ha råd til ferie i år. No reiser familien på fem til Texas i USA. Til sommaren går til turen til New York. Og dei er ikkje aleine, for nordmenn ser ikkje ut til å bry seg om låg rente, lav kronekurs og fleire arbeidslause.

Familie på ferie

SPARER: Trebarnsmor Inger Kristin Fagerheim seier familien har spart lenge for å ha råd til turen til Texas. Her med minstejenta Luca Isabelle Årsborg (3) på ein annan tur tidlegare.

Foto: pivat

– Vi droppa ferien i fjor sommar, og har sidan då spart pengar for å kunne reise på denne turen, fortel trebarnsmor Inger Kristin Fagerheim.

Ho og mannen Tony Årsbog, og dei tre barna Nickolay (11), Leana Victoria (5) og Luca Isabelle (3), set seg på flyet i midten av mars, og reiser til vener i Texas. Berre flyturen og hotell kostar 40 000 kroner.

Opp 20 prosent på reisekassa

Famlile på ferie

GLER SEG: Familien skal møte vener i Texas som måtte flytte på grunn av oljekrisa i Noreg. Frå venstre: Nickolay (11), Leana Victoria (5) og pappa Tony Årsbog.

Foto: privat

– Vi skal vere vekke i ti dagar, og eg reknar med at vi kjem til å bruke ein liknande sum på opphaldet der, seier ho.

Og familien føyer seg inn i rekkja av reiseivrige nordmenn.

– Feriebudsjettet er på eit toppnivå i 2016, eit nivå som ligg 23 prosent over 2015 nivå, seier Sverre McSeveny-Åril, direktør i Virke Reise utland.

Sverre McSeveny-Åril

AUKE: – Vi ser heilt klart ein tendens til at fleire vil bruke pengar på ferie i år, seier direktør i Virke Reise Utland, Sverre McSeveny-Åril.

Foto: Virke

Dei undersøkjer kvart år nordmenn sitt reisebudsjett, og i år vil summen på 45.600 kroner vere snittet for ein familie på tur.

– Det er ein oppgang på 3,5 prosent frå 2014, og alt tyder på folk prioriterer reiser og feriar høgt. Fleire har bestilt ferien i løpet av årets første månader, enn det dei har gjort dei tidlegare åra, seier McSeveny-Åril.

Han fortel at det er brot på det dei har sett før.

– Då har folk venta stadig lenger med å bestille si reise.

Til New York i sommar

Småbarnsmora Fagerheim er overraska over at det er ein så stor auke i talet på folk som reiser på ferie no.

– Med tanke på den situasjonen mange er i, må eg seie eg er overraska. Eg har høyrt om fleire som betaler ferien på lånte pengar, og det er urovekkjande.

Ho sjølv følgjer nøye med på tilbod frå reiseselskapa, og finn dermed rimelege billettar

Tony Årsborg og Inger Kristin Fagerheim

RIMELEGE TURAR: – Vi var ikkje på ferie i fjor, og har difor råd til å reise i år fordi vi har spart midlar, seier Inger Kristin Fagerheim, her med mannen Tony Årsbog.

Foto: privat

– På den måten sparer vi mykje. Og nøye planlegging fører også til at ein får ein langsiktig plan økonomisk.

Og på grunn av den nitide planlegginga, har familien råd til ferie til sommaren og.

– Då reiser vi til New York og bur hos familie. Då må vi ut med 23 000 i flybillettar, og det har vi allereie spart til.

Og barna vert involverte i planlegginga.

– Vi snakkar med dei, og i fjor sommar synest dei det var kjedeleg å vere heime. For det er eit press på at alle skal ha vore på ein eller annan ferie, om sommaren spesielt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger