Hopp til innhold

Slik vil PST overvake flypassasjerar 24 timar i døgnet

Det er planlagt å opprette ei eiga eining som skal overvake alle som reiser inn og ut av Noreg med fly. Målet er å avsløre terroristar eller alvorleg kriminalitet.

Gardermoen, Oslo

FLYPASSASJERAR: Politiet og Tolletaten etablerer ei eiga eining som skal drive med overvaking av passasjerlister.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Planen er at eininga skal vere operativ og på plass i Kripos sine lokale frå 1. januar 2022, og i full drift frå 1. juli. Det kjem fram i ein sluttrapport som NRK har fått innsyn i.

Assisterande sjef i Politiets tryggingsteneste (PST), Roger Berg, har leia arbeidet og i rapporten står det at «det vil være behov for en tre-skiftløsning for å sikre vurdering og behandling av passasjeropplysninger for all flytrafikk til og fra Norge.»

Den såkalla flypassasjeropplysningseininga (PIU) vil bli drifta som eit samarbeid mellom PST, Kripos og Tolletaten.

Terrorhandlingar og alvorleg kriminalitet

– Det er eit stort behov for denne informasjonen. Heile Europa har det, og Noreg er eitt av få land som ikkje har det, seier Berg til NRK.

Målet med å overvake lister over flypassasjerar er å førebyggje, oppdage, etterforske og straffeforfølge terrorhandlingar og alvorleg kriminalitet, ifølgje rapporten.

PST har tidlegare fått kritikk for å ha lese passasjerlister utan heimel. I 2019 konkluderte EOS-utvalet med at praksisen var ulovleg.

– Det er sjeldan vi gir så skarp kritikk, sa leiar av EOS-utvalet, Svein Grønnern, til NRK.

– Vi stoppa med ein gong vi fekk kritikk frå EOS-utvalet, og vi har beklaga, seier Berg til NRK.

Han fortel at det i forkant av kritikken var stor utryggleik rundt kva PST kunne hente av flypassasjerdata og ikkje.

– Har dokker hatt tilgang på disse listene etter kritikken frå EOS-utvalet?

– Vi har hatt tilgang gjennom å gå til domstolen og få retten til å pålegge flyselskapa om å utlevere informasjonen. Det har vi hatt moglegheit til, men det er både ressurskrevjande og tidkrevjande.

Assisterande PST-sjef Roger Berg

Assisterande sjef i Politiets tryggingsteneste (PST), Roger Berg, fortel listene er viktige av omsyn til flytryggleiken, men også for å avsløre alvorleg kriminalitet.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Skal lagre informasjon i fem år

PST har teke dette opp med Justis- og beredskapsdepartementet. Før påske sende departementet ut eit forslag om endringar i grenselova på høyring.

Regjeringa vil gjere det lovleg å innhente disse opplysningane, på same måte som i dei fleste andre landa i Europa. EU har vedteke det såkalla PNR-direktivet, noko som pliktar flyselskapa å utlevere opplysningar om alle som reiser.

Den nye eininga skal samle inn, lagre og analysere informasjonen, men også utveksle informasjon og analyseresultat med andre land og Europol.

Informasjonen kan bli lagra i fem år.

– Datatilsynet er skeptiske, seier Jan Henrik Mjønes Nielsen, juridisk seniorrådgjevar i Datatilsynet.

Dei er skeptiske til omfanget og fordi dei meiner innsamlinga er lite målretta.

– Dette vil kunne innebere ei form for skjult overvaking, seier Nielsen.

Vil finne «kjente og ukjente personer»

Ved hjelp av avanserte analyseverktøy er målet «å finne både kjente og ukjente personer, og finne nye mønstre (...). Dette vil gjøre det mulig å finne de ukjente blant reisende som ikke allerede ligger til overvåkning», ifølgje rapporten.

– Det skal ikkje bli ei generell overvaking av flypassasjerar, seier Roger Berg i PST.

Han fortel at eininga skal jobbe isolert og på utsida av resten av politiorganisasjonen.

– Det er berre dei som jobbar i denne eininga som vil ha den fulle tilgangen til alle passasjerlistene, seier Berg.

VMUYc3y-O74

Eininga blir etablert hos Kripos på Bryn i Oslo og vil bli eit samarbeid mellom PST, Kripos og Tolletaten.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Han legg til:

– Det blir ikkje vilkårleg kven som kan hente ut data frå denne eininga. Det vil jobbe eigne juristar der og det vil vere god legalitetskontroll slik at alle kriterium blir følgde.

– Men dei som jobbar der vil ha fri tilgang på alle passasjerlister?

– Den eininga har tilgang på flypassasjerdata på alle som flyr, seier Berg.

I rapporten er det skissert eit døme der det er mistanke om menneskesmugling: Ved å slå opp i historisk informasjon kan politiet sjå om denne personen har hatt eit tilsvarande reisemønster tidlegare, noko som kan styrke mistanken.

Kan avsløre personar på «watchlists»

Administrerande direktør i NHO Luftfart, Torbjørn Lothe, som representerer flyselskapa, seier bransjen ikkje oppfattar dette som problematisk fordi føremålet er å avdekke terror og alvorleg kriminalitet.

– Dette felleseuropeiske regelverket er allereie gjennomført i dei fleste europeiske land, så dette er ikkje noko nytt. No innførast eit tilsvarande regelverk i Noreg, seier Lothe til NRK.

Torbjørn Lothe

Torbjørn Lothe er administrerande direktør i NHO Luftfart.

Foto: NHO Luftfart

PST opplyser at personar som står oppført på såkalla «watchlists», personar som er vurdert som farlege, lettare kan bli følgd med på.

– Dei vi står ovanfor gjer det dei kan for å gøyme seg bort, og vil ikke gi til kjenne at dei er på reisefot. Difor er det viktig for oss å kunne innhente denne informasjonen både av omsyn til flytryggleiken, men også av omsyn til anna alvorleg kriminalitet, seier Roger Berg i PST.

Det er løyvd 30,6 millionar kroner til å etablere eininga, og frå 2022 er det estimert at det vil bli årlege kostnader på i overkant av 30 millionar kroner.

AKTUELT NÅ