Slik vil dei raudgrøne endre skulen: Fleire fagfolk og mindre testing

Dei raudgrøne partia lovar ein meir praktisk skule med mindre testing om dei får makta. Dei lovar fleire lærarar, men vil senke kompetansekrava. Høgre etterlyser lovnader om meir kunnskap i skulen.

Dei raudgrøne partia vil ha fleire lærarar og mindre testing. (Illustrasjons-/arkivfoto)

ENDRING: Dei raudgrøne partia meiner utviklinga har gått feil veg i skulen, og lovar endring om det blir regjeringsskifte.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

NRK har gjennomgått dei viktigaste punkta til Ap, Sp og SV for å lage eit bilde av korleis utdanningspolitikken kan bli endra viss det blir regjeringsskifte.

Vi har også bede dei tre partia sine utdanningspolitikarar definere fem punkt som er viktigast for kvar av dei å få forandra. Dette peikar seg ut som dei viktigaste fellespunkta:

  • Løyse lærarmangelen
  • Ein meir praktisk skule
  • Meir tillit til fagfolk, mindre fokus på testar

Test-oppgjeret

Alle dei tre partia ønskjer å ta eit oppgjer med det dei meiner er eit testregime som har styrt utdanningssektoren under åtte år med høgrestyre.

Torstein Tvedt Solberg i Arbeiderpartiet

ALVORLEG: Aps Torstein Tvedt Solberg meiner mykje er feil med Høgre-skulen.

Foto: Vidar Ruud / NPK

– Vi har ei alvorleg, negativ utvikling med aukande lærarmangel og sulteforing av skular og barnehagar, seier Torstein Tvedt Solberg, utdanningspolitisk talsperson for Arbeidarpartiet på Stortinget.

– I tillegg har vi fått eit for stillesittande og teoretisk skule der det er for mykje fokus på testing, måling og standardisering slik høgresida likar, meiner han.

– Høgre sitt gammaldagse syn på læring med teori og testing har i altfor stor grad fått prega skuledagen. No treng vi ein meir praktisk og variert skuledag, særleg dei yngste, seier Mona Fagerås, som representerer SV på Stortinget.

Alle partia seier deira alternativ er å skape det dei omtalar som ein meir praktisk skule. For eksempel foreslår Arbeidarpartiet i sitt partiprogram å gjere «praktiske ferdigheiter» til ei grunnleggande ferdigheit i skulen.

Alle tre er opptekne av å styrke praktiske og estetiske fag, og dei har stått saman på Stortinget om å innføre meir fysisk aktivitet i skulen. Lovnaden om ei betre og meir praktisk yrkesfagutdanning blir trekt fram av Ap og Sp.

Men kva skal bort?

Kva oppgjeret med testregimet konkret skal innebere og kva testar som skal bort, er mindre avklart.

  • Senterpartiet vil at Noreg ikkje skal vere med i den internasjonale skuletesten PISA.
  • Senterpartiet og SV vil gjere om nasjonale prøver til utvalsprøver - altså at ikkje alle elevar tek dei.
  • Arbeidarpartiet lovar at Noreg skal vere med i PISA, og vil «rydde opp» i nasjonale prøver, men ikkje fjerne prøver.

– Testing er definitivt noko Senterpartiet er kritiske til, seier Marit Knutsdatter Strand i utdanningskomiteen på Stortinget for Senterpartiet.

Marit Knutsdatter Strand

TESTING: Det er ikkje Sps Marit Knutsdatter Strand særleg glad i.

Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

– Får du dei andre med på det du vil då?

– Det blir ein interessant diskusjon. Senterpartiet har nok gått lengst i å ville avvikle det nasjonale testregimet. Eg håpar iallfall vi får til ein gjennomgang av alt det som er pålagt frå nasjonalt hald.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) meiner dei tre politiske motstandarane er på veg bakover.

Forsknings- og høyere utdanningsminister Henrik Asheim

90-TALSFELLA: Statsråd for forsking og høgare utdanning, Henrik Asheim (H), åtvarar.

Foto: Fredrik Hagen / Fredrik Hagen

– Dei ser ut til å vere på veg tilbake til dei same feila som venstresida gjorde på 90-talet. Dei vil ha mindre kunnskap om skulen og dei har ikkje merksemd på kva som skaper læring i klasserommet, men fokuserer utelukkande på ressursar i seg sjølv. Det gir ein skule der elevane lærer mindre, og det går mest utover dei som treng mest å lære på skulen.

Men for dei tre raudgrøne handlar oppgjeret med det dei omtalar som test-skulen om å gje tillit til dei som jobbar i skulen.

Ein tillitsreform er ein del av det felles politiske tankegodset partia har fremma i Stortinget.

– Høgre har hatt for lite tiltru til fagfolka i førstelinja, det blir brukt for mykje tid og ressursar på å dokumentere at ein ikkje gjer ein dårleg jobb. Det gjeld heilt frå akademia og ned i barnehagen, seier Marit Knutsdatter Strand.

Fleire fagfolk

Ap, Sp og SV har vore svært opptekne av å få fleire lærarar inn i skulen, og meiner regjeringa har styrt mot lærarkrise. Regjeringa har svart med at det slett ikkje ser så ille ut. Ein SSB-rapport nyleg viste at låge fødselstal bidreg til at lærarmangelen betrar seg. Men rapporten sa samtidig at det fortsatt vil vere mange ufaglærte lærarar i skulen om ein ikkje gjer noko.

Dei tre har i Stortinget stått saman om følgande grep:

  • Dropp kravet om karakteren 4 i matematikk frå vidaregåande skule for å kunne ta lærarutdanning
  • Ikkje gje kompetansekrav for lærarar tilbakeverkande kraft

Krava om kva utdanning som krevst for å ha lov til å undervise i dei viktigaste faga i grunnskulen har vore omstridde fordi det har gjort at mange lærarar som tok utdanning for ein del år sidan ikkje lenger har godkjent utdanning utan å vidareutdanne seg.

På den raudgrøne sida har dette blitt omtalt som «avskilting av lærarar».

Statsråd Asheim går med på at Noreg treng fleire lærarar. Men ikkje meir enn det.

– Ja, det trengst fleire lærarar, men eg kjem aldri til å bli med på den raudgrøne tilnærminga med at måten å løyse det på er å senke krava til dei som skal bli lærarar, seier Asheim.

Prioriterer pris

Mona Fagerås (SV) Fylkesråd for næring i Nordland

SFO: Prioritert frå SVs Mona Fagerås.

Foto: Bjorn ER Lunde

På Ap og SVs prioriteringsliste er reduserte prisar i barnehage og SFO viktige punkt.

– Ingen skal måtte gå åleine heim på grunn av foreldra sin økonomi når dei andre leikar og lærer vidare seier SVs Mona Fagerås som vil ha gratis SFO for småskule-elevane. Ho vil i tillegg prioritere forbod mot forteneste i barnehagesektoren, men får neppe med seg dei andre på å gå så langt.

Men Aps Solberg framhevar reduserte barnehageprisar som eitt av sine prioriterte fem punkt.

– Er det ikkje eit dilemma i dette med å prioritere store pengar til redusert pris framfor tiltak som løftar kvaliteten?

– I våre alternative budsjett har vi klart å prioritere både pris og kvalitet i barnehagen og fleire lærarar i skulen, seier Solberg.

Men fråværsgrensa overlever

Eitt av dei mest omdiskuterte grepa frå regjeringa siste åra ser ut til å leve vidare også ved eit eventuelt regjeringsskifte: Den nasjonale fråværsgrensa i vidaregåande skule.

Frå 2016 har det vore slik at ein ikkje får karakter i eit fag dersom ein har meir enn ti prosent udokumentert fråvær. Fråværet i vidaregåande gjekk ned fram til korona endra skulekvardagen, men det har vore diskusjon om grensa rammar elevar med helsemessige utfordringar og om den førte til unødvendige legebesøk for å få sjukmelding.

– Grensa bør innrettast betre og ikkje vere så rigid, men vi ønskjer ei fråværsgrense, seier Tvedt Solberg i Ap.

Statsråd Asheim kjenner seg ikkje heilt trygg på det punktet heller.

– Ja, den nasjonale grensa overlever nok, men den kjem nok til å bli mjuka veldig opp om dei får makta. Eg trur det er veldig øydeleggande. Ei slik grense må vere ei grense som har konsekvensar om du går over den, seier Asheim.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger