Slik skal Volkswagen fiksa juksebilane

Løysingar for Volkswagen-bilar som er ramma av utsleppsjuks er no godkjende av det tyske biltilsynet. Løysingane går berre ut på korte verkstadaksjonar, Volkswagen i ein epost til norske kundar.

Porsche Cayenne

FIKSER JUKSEBILAR: I 2016 startar arbeidet med å fiksa Volkswagen-bilane i Noreg som er råka av juks med CO₂-utslepp.

Foto: JOHN MACDOUGALL / Afp

Etter utbetringane vil bilane leva opp til utsleppskrava utan at forbruket og ytingane til bilen vert påverka, opplyser Volkswagen i ein epost sendt til norske kundar.

I eposten går det også fram at dei tekniske løysingane for bilane som er råka av juks med CO₂-utslepp no er godkjende av det tyske biltilsynet.

Dei tekniske løysingane skal vera som følger:

  • Bilane med 2-litersmotor får ein programvareoppgradering. Oppgraderinga vil ta rundt ein halvtime for kvar bil.
  • Bilane med 1.6-litersmotor får installert ein såkalla luftstraumsutjemnar som saman med ein programvareoppgradering forbetrar prosessen til motoren. Arbeidet med dette skal ta omtrent ein time.

Planen for bilane med 1.2-litersmotor blei lagt fram for vegmyndigheitene 30. november, og det er venta svar snarleg.

Fiksar bilane i 2016

I første halvdel av 2016 skal arbeidet med å fiksa bilane med 2.0-litersmotor starte. Utbetringane for 1.6-litermotorane startar ikkje før andre halvdel av 2016.

Opplysningar om tidslaupet for bilar med 1.2-litermotor og korleis ein etter kvart kan reservera verkstadtid for bilen kjem seinare, ifølge opplysningane i eposten.

Volkswagen lover no å teste utsleppa frå sine bilar under vanlege køyreforhold, og dei lover å la uavhengige verifisere at testane går riktig for seg, ifølge AP.

– Våre utsleppstestar skal verifiserast av interne og eksterne tredjepartar og me innfører også universelle testar som skal utførast under vanleg køyring, seier styreformann i Volkswagen Hans Dieter Poetch.

I tillegg skal langt færre av Volkswagens bilane enn først anteke vera råka av juks med CO₂-utslipp, ifølge den tyske avisa Frankfurt Allgemeine Zeitung. I EU skal det vera snakk om 40.000 bilar, og ikkje 800.000 som det tidlegare er meldt.

SISTE NYTT

Siste meldinger