– Det er viktig no at kvardagen går vidare

Folk på Kongsberg er sakte men sikkert i ferd med å ta byen tilbake etter dei tragiske drapa sist veke. I dag opna Coop Extra-butikken som blei ein av åstadane.

Kjersti Schanke

NØGD KUNDE: Kjersti Schanke er ein av dei som gjekk inn på Coop Extra på Kongsberg måndag morgon.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

– Det er viktig no at kvardagen går vidare, seier Kjersti Schanke.

Schanke var ein av dei første kundane på Coop Extra måndag morgon. Butikken har vore stengd sidan dei blei åstad for dei dramatiske hendingane sist onsdag kveld.

I dag tidleg opna Coop Extra-butikken på Kongsberg igjen.

– Dei tilsette møtte meg med eit hei og var som dei alltid har vore. Det er spesielle dagar i Kongsberg, seier Schanke.

Bilde av området hvor drapene på Kongsberg skjedde

Grafikk over området hvor drapene på Kongsberg skjedde.

– Snarrådig og svært klokt

– Dei tilsette som var til stades under hendinga opptredde snarrådig og svært klokt i situasjonen, seier Coop i ei pressemelding i samband med gjenopninga.

Onsdag kveld gjekk 37 år gamle Espen Andersen Bråthen til angrep på uskuldige menneske i den vestre bydelen på Kongsberg.

Fem menneske blei drepne og tre skadde.

Coop Extra-butikken i Myntgata blei ein av åstadane for dei grufulle handlingane til Bråthen.

Drapa skjedde i private bustadar i nærleilken av butikken.

Blant anna blei ein politimann i sivil skoten inne på butikken. Han blir sett på som ein helt fordi han fekk folk unna gjerningsmannen.

Coop Extra på Kongsberg.

SYNLEG PROV: Ei av pilene til gjerningsmannen trefte utgangspartiet i Coop-butikken.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

– Sterkt prega

Utanfor butikken kan du no sjå synlege spor. Ei av pilene han skaut, trefte eit tryggleiksvindauge og laga eit synleg merke over det som skjedde.

Ingen av dei tilsette i butikken blei fysisk skadde.

– Men dei er sterkt prega av hendinga og har blitt følgd opp av kriseteam, skriv Coop i pressemeldinga.

Alt onsdag kveld var kriseleiinga i Coop på plass på Kongsberg for å hjelpe dei tilsette så godt dei kunne i den akutte fasen.

– I etterkant av hendinga har dei tilsette også fått tett oppfølging frå eksternt krisepersonell. Fagkunnig bistand vil vere tilgjengeleg for tilsette så lenge det er behov for det.

Mathias Slørstad Fiske kunde Coop Extra Kongsberg.

STÅ SAMAN: Mathias Slørstad Fiske er glad for at folk i Kongsberg har stått saman etter dei tragiske hendingane.

Foto: Knut Brendhagen / NRK

– Fint at vi står saman

Mathias Slørstad Fiske frå Ås jobbar på Kongsberg. Han fortel om tøffe dagar for folk i byen.

– Det er fint at vi klarer å stå saman når det først skjer.

– Korleis var det å gå inn?

– Nei, men litt småuggen følelse rett og slett. Eg fekk henta pakka eg trengde.

Sidan drapskvelden har folk i Kongsberg lagt ned blomar og sett opp lys fleire stader i sentrum, også utanfor Coop-butikken.

SISTE NYTT

Siste meldinger