- Det er meldt om fleire uhell og ulukker, blant anna på riksveg 4 på Reinsvoll på Toten. Ein person er meldt skadd.
- På fjellovergangane i sør er det snø- og isdekke.
- Riksveg 7 over Hardangervidda er no opna igjen etter å ha vore stengt. Vegen er strødd og bilar er berga, men det kan fortsatt være glatte partier her.
- Snøen legg seg på innfartsvegane på Austlandet.
- I heile Nord-Norge må du regne med glatte vegar. Statens vegvesen åtvarar om at det kan legge seg ei tynn ishinne på den svarte asfalten.
- Lange køar i Oslo, blant anna på Skedsmokorset
Er du av typen som er seint ute med å leggje om til vinterdekk, bør du kanskje vurdere heimekontor eller å la bilen stå tysdag morgon.
Det er meldt om fleire mindre uhell på glatta.
Politiet melder om fleire trafikkuhell og avkjøringer over heile fylket. Ingen er alvorleg skadde, men dei oppmodar folk om å la bilen stå om ein ikkje er skodd for forholda.
– Det er snødekke og til dels også is- og snødekke. I utgangspunktet er det ikkje vanskelege køyreforhold. Men for dei som har sommardekk, så kan det medføre stor fare.
Det seier trafikkoperatør i Statens vegvesen, Ken Ove Holm, til NRK tysdag morgon.
Han snakkar først og fremst om fjellovergangane. Men også i låglandet austanfjells legg snøen seg.
Gult farevarsel
Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for snø for Buskerud, Oslo, Akershus, Oppland og Hedmark.
– Nedbøren kjem frå sørvest og breier seg austover. Vi har såpass låge temperaturar at nedbøren truleg vil kome som snø, seier vakthavande meteorolog Per Egil Haga til NRK.
På Austlandet blir det no meldt om at snøen legg seg på vegane. Saltebilar og brøytebilar er i beredskap og i full drift der det er naudsynt.
I Oslo meldast det om stegvise lange køar, mellom anna på Skedsmokorset. Ifølge tips har trafikken her stått stille i rundt 40 minutt.
- Sjå korleis Vegvesenet «vassbomba» fjellet:
Sjåfør i Sogn: – Burde latt bilen stå
Det snør tett også i Gudbrandsdalen. Snøen ligg på bakken og det er slaps og glatt på vegane, melder NRK sin reporter i Vågå.
Der har det skjedd eit trafikkuhell på Tessand, der ein bil har mista kontroll og hamna på sida i vegen.
Også i lågareliggande strok i vest er det ugreitt å køyre no. Inga Reidun Sjøthun køyrde fylkesveg 55 mellom Gaupne og Sogndal på sommardekk i dag.
– Det begynte med sludd heilt nede med fjorden i Gaupne, men mot Indre Hafslo og Heggmyrane vart det meir og meir snø. Det var vondt å køyre med sommardekk, seier ho.
Sjøthun seier ho burde latt bilen stå.
– I dag var det ikkje råd med nye sommardekk. Slik føret er no bør ein absolutt ha vinterdekk. Men eg møtte brøytebilen, så det blir nok betre utover dagen i dag.
Snøen legg seg på Austlandet
På innfartsvegane til Oslo er det sludd og snø, blant anna på E134 over Kongsberg, riksveg 159 Karihaugen, riksveg 4 og E16 Romerike og Lunner.
– På innfartsvegane høgare opp i terrenget ser det ut til at det kan kome 3–4 centimeter snø i løpet av tidleg tysdag morgon, seier Haga.
Det er ikkje venta at snøen vil liggje lenge, verken i låglandet eller i fjellet.
– I første omgang er dette berre ein forsmak på vinteret. Mildvêret er tilbake onsdag og torsdag. Mot helga skal det bli kaldare igjen, men då er det ikkje varsla nedbør.
Meteorologen peikar på at nord i landet har vinteren no tatt skikkeleg grep.
– I heile Nord-Noreg må du rekne med at det er glatte vegar. Statens vegvesen åtvarar om at det kan leggje seg ei tynn ishinne på den svarte asfalten, melder Statens vegvesen.