NRK Meny
Normal

Slik påverkar Nasjonal transportplan ditt distrikt

Hordaland, heimfylket til statsminister Erna Solberg (H), ser ut til å kome best ut av løyvingane til veg, sjø og jernbane i Nasjonal Transportplan (NTP) for 2018 til 2029. Her er ei oversikt over løyvingane over heile landet.

Nasjonal transportplan.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) og stortingsrepresentant Nicolay Astrup (H) under framlegginga av Nasjonal Transportplan onsdag.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) varslar at det kan vere mogleg å forsere arbeidet med den ras- og ulukkesutsette strekning mellom Bergen og Voss med to år. Også opprustinga av Bergensbanen kan bli forsert.

Solvik-Olsen gjer det klart at regjeringa vil prioritere vedlikehald og drift i Nasjonal Transportplan for 2019–2029.

Likevel er det ikkje kake, jubel og hornmusikk på Voss i dag.

- Dette er å bevege seg med musesteg , seier ein misnøgd ordførar, Hans-Erik Ringkjøb (Ap).

Anklages for å bløffe velgerne etter bompengerekord

Kort oppsummert: Dette betyr den nye transportplanen for de største prosjektene i Hordaland.

VIDEO: NTP for Hordaland.

Ei fylkesoversikt som regjeringa har utarbeidd viser det er fordelt 53,2 milliardar kroner til prosjekt i Hordaland. Buskerud kjem på andreplass med 41,4 milliardar, Oslo får 35,7 milliardar, 26,9 milliardar går til Hedmark og 26,7 milliardar til Nordland.

Sogn og Fjordane

Dei borgarlege partia kritiserte den raudgrøne regjeringa for ikkje å gjere nok for Vikafjelltunnelen. No har dei sjølve lempa heile prosjektet ut av Nasjonal Transportplan.

– Dette er verre enn det verste vi kunne tenkje oss , seier ordføraren i Vik, Olav Turvoll (Sp).

Dette får Sogn og Fjordane ut av NTP

Oslo og Akershus

I hovudstadsområdet er det sett av 14,7 milliardar kroner til Fornebubanen og ein ny tunnel gjennom Oslo sentrum. Regjeringa går også inn for ei samanhengande utbygging av E18 vestover på heile strekninga frå Lysaker til Drengsrud vest for Asker sentrum.

Ny E18 til Slependen innen 2030

Har 20 millioner for lite – 28 av 32 søkere får nei

Buskerud

I Buskerud er det forvirring om kva som skal skje med Oslofjord-tunnelen . Det er signalisert at det skal byggjast eit nytt løp i tunnelen , medan samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) ikkje vil avvise at det er aktuelt å erstatte tunnelen med ei bru.

Møre og Romsdal

Det er blant anna sett av 600 millionar kroner til utbetring av E39 mellom Lønset og Hjelset i Molde, og også Lerstadvegen i Ålesund står på lista over prosjekt som får pengar.

Trøndelag

Det er sett av ein milliard kroner til ei ny Sluppen bru over Nidelva i Trondheim. Også strekninga mellom Vindåslien og Korporalsbrua på E6 og strekninga Skjerdingstad til Melhus sentrum, også det på E6, er inne på lista.

Nordland

E6 gjennom Sørfold har mange tunnelar og smale vegar, og blir ofte skildra som ein flaske hals. Regjeringa løyver pengar til utbetring, men milliardane kjem først etter 2024 .

Må vente på rassikring: – Vi kan ikke vente til 2024

Troms

Det er løyvd over 10 milliardar kroner til ulike samferdselsprosjekt i Troms, blant anna til ny trasé på E8 i Ramfjord, innfartsvegen til Tromsø.

Ikke fornøyd med Nasjonal Transportplan

Finnmark

Regjeringa vil bruke 2,7 milliardar kroner på samferdsleprosjekt i Finnmark . Ein del av denne summen går til ny Skarvbergtunnel i Porsanger kommune.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger