Måndag skulle Maja Wilhelmsen og familien reisa frå Tromsø til Split i Kroatia med fly frå SAS.
Då streiken slo ut, hadde dei kome seg til Oslo. Her fekk dei beskjed frå flyselskapet at flyet kunne bli kansellert på grunn av streiken.
Det stoppa ikkje den målretta familien.
Familien Wilhelmsen i leigebilen på veg til København.
Foto: PrivatI Kroatia har dei leigd hus saman med to andre familiar. Eit kansellert fly skulle ikkje øydelegga ferien.
Med leigebil har dei no køyrt til København.
– Men me skal prøva å gjera reisa til ein feire også, seier Wilhelmsen.
Måndag kveld får NRK ei oppdatering frå familien.
– Gjort avtale med ein kompis om is og øl ved Nyhavn i morgon, skriv Wilhelmsen i ein SMS.
Tysdag tok dei også turen til Tivoli i København.
29.000 meir enn planlagt
Tysdag kveld tar dei flyet vidare til Sarajevo i Bosnia-Hercegovina. Der har dei booka hotell i gamlebyen.
– Gler oss til å vandra i brusteinsgater, drikka tyrkisk kaffi og eta bosnisk bakst.
Familien Wilhelmsen på McDonalds for å stabilisera blodsukkeret etter streike-styret på flyplassen.
Foto: PrivatEtter ei natt i Sarajevo tar dei eit tog til Split, før dei kjem seg fram til endedestinasjonen Orebic.
Reisa tar tre reisedøgn. Med det blir ferien i Orebic forkorta frå ni til sju dagar.
Til saman kostar turen omtrent 29.000 kroner meir enn planlagt.
Tenk alternativt
Er flyet ditt kansellert på grunn av SAS-streiken gjeld det å tenka alternativt.
Lenger ned i artikkelen kan du sjå kor lang tid ei alternativ rute vil ta.
Byråsjef i reisebyrået Benett Elverum, Merethe Olsen, kan fortelja at dei ser både på ferjer, tog, buss og andre flygingar for å hjelpa sine kundar.
Denne veka er det meir krevjande å finna alternative ruter. Og dyrare.
– Du må rekna med å betala ganske mykje for å komma deg vidare, seier Olsen.
Ho fortel at folk har strøyma til telefonen deira då SAS-streiken blei offentleggjort klokka 12 måndag.
– Me fekk ikkje tatt alle på ein gong, så me måtte berre notera telefonnummer og ringa tilbake.
Auka pågang har også ferjeselskapet Color Line og flyselskapet Flyr merka.
Erik Brynhildsbakken, konserndirektør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Color Line.
Foto: Color LineBåde aktiviteten på nettsidene og hos kundesenteret har auka like etter klokka 12 måndag.
Skal du ut og reisa i næraste framtid, gjeld det å vera kjapp.
– Det blir nok fort fylt opp, og ein burde reagera relativt raskt om ein ønsker å sikra seg ein plass i næraste framtid, seier konserndirektør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Color Line, Erik Brynhildbakken.
Flyselskapet Flyr har framleis nokon seter ledige dei neste to vekene, men kommunikasjonsdirektør Anita Svanes fortel at tilbodet er breiare frå midten av juli.
– Nettsida er alltid oppdatert, så ein kan umiddelbart sjå om det er ledig eller ikkje der, seier Svanes.
Her følg ei liste av populære reisemål og kor lang tid det vil ta med bil, fly og kollektiv, ifølge Google Maps.
Tida er rekna med Oslo som startpunkt. For flyreisene viser oversikta kortaste flyging.
Las Palmas Gran Canaria, Spania
Folk på Las Canteras-stranda på Gran Canaria. Bilde er frå mai 2020.
Foto: BORJA SUAREZ / ReutersBil
Tid: Tre til fem døgn
Tog, buss og ferje
Tid: Tre døgn og fire timar (76 timar).
Fly
Tid: Fem timar og 45 minutt.
Tenerife, Spania
Strandpromenaden i Los Cristianos på Tenerife, Spania. Ferjeselskapet som tar deg til Tenerife og Gran Canaria heiter Fred Olsen Express.
Foto: Marianne Løvland / NTBBil
Tid: Ca. tre døgn (71 timar).
Tog, buss og ferje
Tid: Tre døgn og åtte timar (80 timar)
Fly
Tid: Sju timar og 35 minutt.
Rhodos, Hellas
Turistar på Tsampika-stranda på austsida av Rhodos.
Foto: Halvard Alvik / NTB scanpixBil
Tid: Nesten to døgn (46 timar).
Tog, buss og ferje/båt
Tid: Tre døgn og tre timar.
Fly
Tid: Fire timar.
Kreta, Hellas
Loutro på sørsida av Kreta i Hellas. Landsbyen er utan vegforbinding. For å koma deg dit må du ta båt eller ta beina i fatt.
Foto: Halvard Alvik / NTBBil
Tid: Rett under to døgn (45 timar).
Tog, buss og ferje
Tid: To døgn og 17 timar.
Fly
Tid: Fire timar.
Antalya, Tyrkia
Stranda vest for Antalya. På seinsommaren i fjor braut det ut ein stor skogbrann i nærleiken av turistmålet som kravde fleire menneskeliv.
Foto: Burhan Ozblici / APBil
Tid: Eit døgn og 17 timar.
Tog, bane og buss
Tid: Tre døgn og 18 timar.
Fly
Tid: Fire timar og fem minutt.
Mallorca, Spania
Byen Magaluf på Mallorca er ein populær turistdestinasjon. Særleg for festglade ungdom, som dei på bildet.
Foto: JAIME REINA / AFPBil
Tid: Eit døgn og ni timar (35 timar)
Tog, buss og ferje
Tid: Eit døgn og 19 timar
Fly
Tid: Tre timar og 20 minutt.
Nice, Frankrike
Ein turist tar ein selfie føre «Promenade des Anglais» i Nice. Bilde er frå 2017.
Foto: ERIC GAILLARD / ReutersBil
Tid: Rett over eit døgn (25 til 26 timar)
Tog og buss
Tid: Eit døgn og åtte timar.
Fly
Tid: To timar og 55 minutt.