Hopp til innhold

Slik kan du reise på ferie utan å ta fly

Flystreik og trøbbel i bransjen etter pandemien, gjer at fleire reisande får ferien sin amputert. Her er nokon tips til andre måtar å reisa på.

Danskebåten på vei fra Bergen mot Stavanger og Hirtshals

DANSKEBÅTEN: Skal du til Danmark, er det relativt lett å ta ferje frå den sørlege delen av Noreg.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Sommarferien er i gang for mange. Fire av ti har tenkt seg til utlandet, viser ein rapport frå Virke.

Dei fleste skal til Europa, kan bransjedirektør for reiseliv i Virke, Audun Pettersen, fortelja.

Dei største destinasjonane er Danmark, Sverige og Spania. Deretter kjem Hellas, Italia og Frankrike.

Men trøbbel i flybransjen gjer folk bekymra for at ferien kan hamna i vasken.

Den gode nyheita er at avstandane til andre land i Europa er overkommelege med andre framkomstmiddel.

Her kan du finna ut kor langt du kjem utan å fly.

Ferjer

Dette alternativet er nok meir tungvint jo lenger nord i landet du bur, men kombinert med bil eller tog er det iallfall mogleg. Vil du ut av landet, er nok det mest tilgjengelege Danmark.

NRK ga nasjonen kjempesuksessen «Hurtigruten minutt for minutt». Den vakre sjøreisen med danskebåten fortjener intet mindre. Eller, i det minste fortjener den et drøyt minutt.

I 2015 laga NRK denne videoen om danskebåten på eit drygt minutt.

I tillegg til alle mindre ferjestrekningar, er det mogleg å ta ferja frå Bergen til Stavanger, for deg som skal reise innanfor Noreg.

Ferjeselskapet Color Line har merka ei auke i interesse for ferjeturar til Europa dei siste vekene og dagane. Det fortel konserndirektør for kommunikasjon og samfunn i selskapet, Erik Brynholdsbakken.

– Me har allereie rekordpågang, og det me nå ser gå føre seg på flyplassar over heile Europa kan verke forsterkande.

I tillegg ser dei ei aukande trafikk andre vegen, med stadig fleire europearar som kjem til Noreg. Då særleg tyskarar og nederlendarar.

Color Line Superspeed

Color Line Superspeed går mellom Larvik og Hirtshals og Kristiansand og Hirtshals.

Foto: Hanne Rebecca Nilsen / NRK

Til Danmark

Ferjer til Hirtshals frå:

  • Bergen
  • Kristiansand
  • Langesund
  • Larvik
  • Stavanger

Ferjer frå Oslo til:

  • København
  • Frederikshavn.

Til Sverige

Ferje frå Sandefjord til Strømstad.

Til Tyskland

Frå Oslo til Kiel.

Til Nederland

Frå Kristiansand til Eemshavn (Groningen).

Tog

Jernbanenettet i Noreg er tettast på Austlandet, men det er strekningar vidare til både vestlandet, Sørlandet, midt-Noreg og nord-Noreg. Skal du til utlandet, kan du ta tog via Oslo, Trondheim eller Narvik.

Til Europa

Med ein interrailbillett kan du reisa rundt med tog i Europa, frå 4 dagar i løpet av ein månad til kvar dag i 3 månadar.

Du kan ikkje bruka billetten til togreiser internt i Noreg, berre til ut- og heimreisa.

Tog ut frå landet går frå:

  • Trondheim
  • Oslo via Kongsvinger
  • Oslo via Halden
  • Narvik

Prisane varierer ut frå kva type billett du vel, og kor gamal du er. Du kan også kjøpa familiepakkar, der du får med to barn under tolv år gratis.

To ungdommer på interrail, Oslo Østbanestasjon i juni 1981.

Å dra på interrail har vore ein populær reisemåte for ungdom heilt sidan ordninga blei innført i 1972. No blir det også meir populært blant seniorar og familiar. Bildet er frå Oslo Østbanestasjon i juni 1981.

Foto: Henrik Laurvik / NTB

– Å reisa skinnelangs, anten i Noreg eller Europa, gjev deg moglegheit til å sjå byane og stadene, og føla stemningar og lukter på ein anna måte enn om du flyr.

Det seier kommunikasjonssjef i Entur, Ragnhild Skaara Imset, som fortel at dei har merka ei auka pågang i salet av interrailbillettar.

Imset seier at ein del av billettsalet er skylda trøbbelet i flybransjen.

– På Entur sine betente stasjonar erfarer me nå at fleire tar kontakt for å kjøpa interrailbillettar for å vera sikre på å koma seg ut av Noreg, nå som det er store utfordringar i flybransjen, seier Imset.

Andre årsaker til auka kan vera eit tilbod Entur hadde for slike reiser, samt vanleg ferieplanlegging og eit ønske om å reisa utlands igjen.

Til Norden

Transportkonsernet Vy har også togavgangar frå Oslo til Göteborg. Her kan du ta toget vidare mot både Stockholm og København.

Frå Narvik kan du ta toget til Kiruna i Sverige og vidare til hovudstaden, kor du kan ta toget vidare til til dømes Helsingfors i Finland.

Tog frå VY passerer planovergang som er sperra.

Vy har avgangar frå Oslo til Göteborg i Sverige. Turen tar omtrent tre og ein halv time.

Foto: Bård Nafstad / NRK

I Noreg

Jernbanenettet i Noreg er tettast på Austlandet, slik at du ofte må innom Oslo for å ta toget vidare nord eller vest.

Her er ei oversikt over jernbanestrekningane over 100 kilometer i Noreg.

Vestlandet og Sørlandet:

  • Sørlandsbanen: Mellom Oslo, Kristiansand og Stavanger.
  • Bergensbanen: Mellom Oslo og Bergen over Hardangervidda.
  • Arendalbanen: Mellom Nelaug og Arendal

Midt-Noreg og Austlandet:

  • Raumabanene: Mellom Dombås til Åndalsnes.
  • Dovrebanen: Mellom Oslo til Trondheim
  • Rørosbanen: Mellom Hamar og Røros, med forbindingar nord mot Trondheim og sør mot Oslo.
  • Dovrebanen: Mellom Eidsvoll og Trondheim.
  • Østlandsbanen: Mellom Oslo til Kornsjø.
  • Gjøvikbanen: Mellom Oslo og Gjøvik.
  • Vestfoldbanen: Drammen til Porsgrunn.
  • Kongsvingerbanen: Lillestrøm til Riksgrensen.

Nord-Noreg:

  • Nordlandsbanen: Mellom Trondheim til Bodø.
  • Ofotbanen:

Sørlandsbanen går frå Oslo via Kristiansand til Stavanger.

og reisa over Hardangervidda til Flåm eller Bergen.

Nordover frå Oslo kan du ta toget til Røros, Trondheim og Bodø. Skal du til nordvest-landet, kan du ta toget frå Oslo via Lillehammer eller Dombås til Åndalsnes i Møre og Romsdal.

Sjølv har Vy merka ei auke i talet på bestillingar her i Noreg, nærmare bestemt på Bergensbanen dei siste vekene og dagane.

– Men me kan ikkje seia at dette er på grunn av streik og uvisse i flybransjen. Dette kan like gjerne vera at sommarferien no har byrja for mange.

Det fortel kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby i Vy til NRK.

Han råder folk som skal ta toget i sommar til å bestilla sete og pakka smart. Du er ikkje garantert sitteplass om du ikkje bestiller det, og normalt er det to kolli per person på toget.

Buss

Skal du reisa innanfor Noreg i sommar, er det ruter i store deler av landet. Dette tar normalt litt lenger tid enn å fly, men kan vera eit alternativ om flyet ikkje går som planlagt.

I tillegg kan du ta buss til ulike delar av Norden, og byta buss vidare til andre deler av Europa.

Haukeliekspressen

Nor-Way bussekspressen har ruter i store deler av sør-Noreg.

Foto: ØYVIND BERG / WIKIMEDIA COMMONS

I Noreg

Innanfor Noreg kan du koma deg til dei fleste stader med buss. Både busselskapet Nor-Way, Vy Buss og dei lokale busselskapa har bussruter over lengre og kortare strekningar.

Til dømes er det ruter mellom Bergen og Stavanger, Stavanger via Kristiansand til Oslo, Oslo til Trondheim, Bergen til Stryn via Førde og Oslo til Beitostølen eller Årdalstangen i Sogndal.

Vil du reisa til Tromsø, går det buss frå Bodø og Fauske til Narvik, kor du kan ta bussen vidare til Tromsø. Eventuelt kan du ta toget til Narvik og buss vidare til Tromsø.

Til Norden

Vil du reisa til Finland, kan du ta buss frå Tromsø til Helsinfors, Rovaniemi eller Kilpisjärvi.

Frå Oslo kan du ta buss til Stockholm, Göteborg og København. I tillegg kan du reisa langs søraustkysten av Sverige, til Karlstad, Uddevalla, Helsingborg eller Malmø.

Kommunikasjonssjef Lundeby i Vy, seier det har vore ein del bestillingar på deira reiser til Göteborg, Stockholm og København dei siste vekene, men ikkje meir enn sommaren 2019.

Reisande går forbi ein Flixbus på hovudstasjonen i Berlin, Tyskland.

Med Flixbus kan du ta bussen til Berlin, der denne bussen er parkert.

Foto: STEFANIE LOOS / Reuters

Til Europa

Dei fleste bussrutene frå Noreg går til andre land i Norden, men derifrå er det mogleg å skifta buss vidare sør eller aust.

Busselskapet Flixbus tilbyr også lengre reiser frå Oslo, til mellom anna Berlin i Tyskland og Praha i Tsjekkia.

Bil

For dei som skal på sommarferie i Noreg, er bilen eit vanleg val når det kjem til reisemåte.

Sommaren 2020, då fleire blei nøydd til å feriera i Noreg, laga NRK ei sak med tips til dei som skulle ut på bilferie.

Tipsa kan du lesa i denne saka Skal du på bilferie i sommer? Her er tipsene fra de som var før deg

Bilferie med Arvid Bjørklund og Katrine Øverlie Svela

Heile 64 prosent av elbileigarar i Noreg planlegg bilferie. Det kan føra til ein del ladekø for denne gruppa i sommar, ifølge Norsk elbilforeining.

Planlegging av turen gjeld også for elbilferien ute i Europa, ifølge kommunikasjonsrådgjevar i NAF, Nils Sødal.

– Hovudregelen er at elbilferie går greitt i nordvest-Europa, men førebu ladinga, seier han.

Ifølge NAF er kan det vera lenger mellom lademoglegheitene utanfor landet sine grenser.

– Allereie i Sverige merkar du ein forskjell, og jo lenger sør- og austover i Europa du kjem, dess meir utfordrande blir det å få hurtiglada elbilen, meiner Sødal.

Elektrisk bil til lading på hurtiglader.

Hurtigladarar er vanskelegare å finna dess lenger sør- og austover i Europa du kjem, ifølge NAF.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

NAF tilrår å sjekka kva ladeoperatørar som har tilbod langs di rute, lasta ned appane deira og legga inn betalingskortet ditt i appane.

I tillegg er appane Plugsurfing og Shell Recharge appar som du kan bruka på tvers av ulike ladeoperatørar i heile Europa, fortel Sødal.

Ein siste påminning frå NAF er at dess høgare hastigheit du køyrer i, dess meir aukar forbruket og rekkevidda vil bli redusert.

Ute i Europa er fartsgrensene markant høgare på motorvegen enn i Noreg.

– Legg gjerne ruta langs omvegar, og ikkje berre køyr transportetappar på motorvegen. Det er ofte meir å oppleva langs småvegane, seier Sødal.

Fartsgrenseskilt viser 120 kilometer i timen langs ein motorveg på veg mot Bremen i Tyskland.

Fartsgrensene er generelt sett høgare ute i Europa enn i Noreg. Her er eit fartsgrenseskilt på 120 kilometer i timen på ein motorveg inn mot byen Bremen, Tyskland.

Foto: Morris MacMatzen / Reuters

NAF sine fem tips til elbilferien i utlandet

  1. Oppdater deg på lading i landet eller landa du skal reisa til. Last ned appen Plugsurfing eller likande appar som går på kryss og tvers av landegrenser.
  2. Lad når du stoppar, ikkje stopp for å lada. Då slepp du å føla på rekkeviddeangst som øydelegg ferieturen, er rådet frå NAF.
  3. Ta med ladekabel med mode 3-kabel på turen. Det er felles ladestandard for normallading i heile Europa.
  4. Overnatt på stader som tilbyr lading. Då kan du starta dagen med fullt batteri.
  5. Ro ned, ta pausar og nyt køyreturen. Hugs, du er på ferie.

AKTUELT NÅ