Hopp til innhold

Slik er det interne hierarkiet til russen: – Det er hjarterått å høyre

Eit system med A-, B- og C-bussar pregar det sosiale livet på fleire vidaregåande skular. Å bli stemt ut kan opplevast nådelaust.

russ-audition-060523

«KJIP» TRADISJON: Gutane på russebussen «Sting» seier ABC-systemet i russetida er ganske teit og bidreg til at mange stressar for å bli sett på som kule. Frå venstre: Jonatan Sekulic, Jakob Møllhausen og Anders Roen.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

– Det er ganske teit. Det er rart at ABC har blitt ein «greie» og er viktig for folk, seier Jonatan Sekulic.

Han og kompisane, Jakob Møllhausen og Anders Roen, er russ på Ullern vidaregåande i Oslo og med på russebussen «Sting».

Den blir rekna som ein såkalla A-buss på Ullern og er dermed på toppen i eit hierarki mange ikkje kjenner til.

Russebussen "Sting"

GODT BRUKT: Bussen «Sting» er utrusta med eit utal kraftige høgtalarar og har sidestilte sete. Elles ber køyretøyet preg av å ha levd eit langt liv.

Foto: Ingvild Edvardsen / NRK

Rangering av bussar og menneske

Å rangere bussane i A-, B- og C-bussar er ein innarbeidd tradisjon på fleire vidaregåande skular i Oslo-området. Dette bekrefer fleire russ og helsesjukepleiarar NRK har snakka med.

Dei fortel at den hierarkiske ordninga pregar det sosiale livet gjennom heile vidaregåande.

Kvar ein er rangert, kan påverke status og kven du kan henge med på fritida. Autidtionar og utstemming er vanleg.

Auditionar kan skje ved at eit par-tre personar som vil inn på bussen, blir invitert med på noko sosialt. Deretter stemmer dei andre anonymt over kven som skal få plass.

Det er eit system med klassar på ein måte. A-bussen er den beste, og så kjem B og C, seier Isrid Tveitt, som er russ ved Oslo Handelsgym.

Andrea Tangen Jensen og Isrid Tveit

BRYR SEG IKKJE: Andrea Tangen Jensen og Isrid Tveitt seier dei sjølv ikkje har vore opptekne av å hamne på rett buss, men har inntrykk av at mange på skulen deira bryr seg.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Andrea Tangen Jensen, frå same skule, seier ABC-systemet er ei indirekte rangering av menneske.

– Det er om å gjere å vere på A-bussen. Då er du best og har status.

– Å vere på B-buss betyr at ein ikkje blir sett på som dei kulaste på skulen, at ein er litt under dei andre, seier Alma Kolle Riis på Blindern vidaregåande.

Alma Kolle Riis og Amalie Arndt

VIL HA DET GØY: Alma Kolle Riis og Amalie Arndt seier dei er mest opptekne av å ha det gøy i russetida.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Russen på A-bussen startar ofte planlegginga først, gjerne allereie på ungdomsskulen, fortel ho og bussvenninna Amalie Arndt.

– Som å gå på audition kvar dag

I kantina på Asker vidaregåande slår helsesjukepleiar, Tone Lise Jakobsen, av ein prat med elevar frå årets russekull.

Tone Lise Jakobsen, helsesykepleier ved Asker vidergående sammen med russ

TETT PÅ: Helsesjukepleiar Tone Lise Jakobsen er oppteken av å ikkje leggje ansvaret på ungdommane. Russen på biletet sit ikkje ved bordet til «førstebussen»

Foto: Tore Linvollen / NRK

Eg møter så mykje flott ungdom. Det er viktig for meg å understreke det.

Jakobsen har i fleire år ropt varsko om russetida som ho kallar ekskludering og mobbing sett i system. Hierarkiet er godt synleg i kantina.

Her på skulen veit «alle» at ved bordet i kroken sit førstebussen på VG3, så er dei suksessivt ned til VG1 i andre enden.

Viss ein ikkje har klart å komme på buss, eller vorte stemd ut, kan det opplevast vanskeleg å vere i kantina, seier Jakobsen.

Tone Lise Jakobsen, helsesykepleier ved Asker videregående skole

FRUSTRASJON: Tone Lise Jakobsen seier ho opplever at også russen som er på buss er frustrert: – Dei er utslitne fordi dei må jobbe tre dagar i veka og samtidig få gode karakterar.

Foto: Tore Linvollen / NRK

Ho fortel om episodar dei siste åra der «utstemde» har prøvd å setje seg med vennene på russebussen, men har opplevd «blikking» før dei andre flyttar seg til eit anna bord.

Det er hjarterått å høyre. Det gjer noko med tankane dei har om seg sjølv. Ingen vil ha med deg å gjere.

– Gigantisk sosialt eksperiment

Helsesjukepleiaren seier kampen for å komme med på ein buss, kan vere eit altoppslukande prosjekt i tre år på vidaregåande.

– Dei seier: «Det er som å gå på audition kvar dag. Eg kan ikkje ha ein dårleg dag. Eg må vere noko eg ikkje er for å få innpass»

– Kva gjer hierarkiet med det sosiale livet?

– Vi veit at mange har det kjempebra på buss, men å bli ekskludert er vanskeleg. Bursdagar, 17-mai og nyttårsaftan, alt blir feira med russebussen. Når ein er villig til å snu ryggen til bestevennen for å sikre ein plass i fellesskapen, seier det noko om den ekstreme krafta i denne dynamikken.

Russ på Blindern vidergående

Russ på Blindern vidaregåande skule.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Kva synest du om dette?

– Det er eit gigantisk sosialt eksperiment vi utset ungane for. Det er heilt skrekkeleg at vi vaksne lèt dei få lov til å halde på med det.

– Oppblåse problem

Blant russen er det delte meiningar om betydninga av russe-hierarkiet.

Det er eit oppblåse problem. Her på Blindern merkar ein ikkje så mykje forskjell på A-, B- og C-bussar, seier Ferdinand Pfanzelter Vetleseter.

Russ på Blindern videregående skole

BLINDERNRUSS: Ikkje alle er samde i at russetida er ekskluderande.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Han sit saman med andre A-russ i kantina på Blindern. Her er alle velkomne, seier dei.

– Det er irriterande at media framstiller det som om berre bussane sit saman. Vi gutane sit overalt. Viss det kjem ein som ikkje er på buss, så seier vi ikkje stikk, seier Leo Spade Nodeland.

Leo Spade Nodeland

STATUS: Leo Spade Nodeland trur ikkje statusen hans aukar. – Men folk kan tru at den aukar.

Foto: Tom Balgaard / NRK

– Kva inneber det å vere på ein A-buss?

– Ikkje noko spesielt. I mange tilfelle bruker ein veldig mykje meir pengar, men ikkje her. Eg trur ikkje folk ser på meg på ein annan måte fordi eg er på A-buss.

– Får dårleg samvit

Gutane frå Ullern vidaregåande understrekar at dei sjølv aldri har definert seg som A-buss.

Det er andre folk som trekkjer den konklusjonen, seier Anders Roen.

Anders Roen, Jonatan Sekulic og Jakob Møllhausen

PRØVER Å INKLUDERE: Gutane frå Ullern VGs meiner hierarkiet rundt russebussar ikkje er så kynisk som det kan verke som.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Dei forstår kritikken frå helsesjukepleiaren og innrømmer at bussar med eit maks tal sete bidreg til ekskludering.

– Når vi stemmer nei til ein person, får vi skikkeleg dårleg samvit og tenkjer mykje på det. Det er utruleg kjipt for han, seier Roen.

Dei seier dei har prøvd å inkludere gutane som ikkje kom med i ulike høve gjennom vidaregåande.

– Og no i russetida er det mange som blir slitne og det opnar seg plutseleg opp veldig mange plassar. Då kan vi ta med fleire, seier Jonatan Sekulic.

AKTUELT NÅ