Hopp til innhold

Slik er det å vere i fengsel under koronaen: – Viktig med strenge tiltak

RINGERIKE FENGSEL (NRK): Strenge smitteverntiltak har gjort soninga annleis for Robin (29) og dei andre innsette i norske fengsel. Dei er meir innelåst og isolert.

Robin på cella si

TIDSFORDRIV: Pandemien har ført til at det blir fleire timar på cella for Robin (29).

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Eit fengsel er på mange måtar eit lukka samfunn, men det stoppar likevel ikkje eit virus frå å sleppe inn bak murane. Difor har Kriminalomsorgen innført strenge smitteverntiltak.

– Det har blitt færre aktivitetar. Det er mindre fotball og volleyball, og meir innlåsing, seier Frank (46).

Han sonar ein dom på to år for narkotikalovbrot. Han er halvvegs i soninga og sat inne då Noreg stengde ned 12. mars. Frank og Robin vedgår at det har blitt tyngre å vere i fengsel under pandemien.

– Det har blitt meir tid for seg sjølv, seier Robin.

Frank (46) i Ringerike fengsel

Frank (46) ser mykje på tv når han er på cella si. Han er nøgd med tv-pakken som fengselet tilbyr dei innsette.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Det er innført fleire ulike tiltak for å hindre smitte:

  • Strenge reglar for besøk
  • Avslag på permisjonar
  • Meir innlåsing på cella for å redusere kontakt med andre innsette
  • Mange innsette får ikkje gå på jobb i fengselet

Stort smittepotensial

Per 21. desember har totalt 79 tilsette og 41 innsette fått påvist koronasmitte i fengsel rundt om i landet.

– Å få smitte inn i eit fengsel kan bli svært alvorleg, seier Dag Andersen.

Han er fengselsinspektør i Ringerike fengsel.

Dag Andersen, Ringerike fengsel

– Dagleglivet i fengselet skal vere så normalt som mogleg, seier fengselsinspektør Dag Andersen.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

– Når ein bur så tett saman som her, er potensialet for at smitte spreier seg stor. Difor er det viktig med strenge tiltak og å halde dei innsette i små grupper, seier han.

Ringerike fengsel har i dag rundt 150 innsette. Det er eit fengsel med høgt sikkerheitsnivå og mange har gjort alvorleg kriminalitet. Dei innsette har alle teke mange val før dei kom hit.

Straffa for det dei har gjort er å vere innesperra. Det å vere fridomsrøva. Men soninga har også eit anna føremål: Å skape gode borgarar som skal tilbake til samfunnet, utan å vende tilbake til kriminalitet.

Difor er det viktig å bruke dagane i fengsel til noko fornuftig.

Innsette jobbar i Ringerike fengsel

I trevareverkstaden jobbar fleire av dei innsette. Dei som jobbar her lærer å bruke nevane.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Får ikkje gå på jobb

I trevareverkstaden i Ringerike fengsel jobbar det til vanleg rundt 30 innsette. Det er aktivitetsplikt for alle som sonar, men koronaen har ført til at ikkje alle får gå på jobb.

– På det verste var det berre fem innsette som fekk gå på jobb her, seier verksmeister Tore Kjemperud.

Dei 25 andre måtte vere på cella.

Fengselsinspektør Dag Andersen trur strenge tiltak, i alle fall om dei varer over tid, kan ha negative konsekvensar for dei innsette.

– Det er fridomsrøvinga som er straffa. Dagleglivet i fengselet skal vere så normalt som mogleg, seier Andersen.

Verksmeister Tore Kjemperud og fengselsinspektør Dag Andersen i Ringerike fengsel

Verksmeister Tore Kjemperud og fengselsinspektør Dag Andersen fortel at strenge smitteverntiltak har påverka drifta i trevareverkstaden.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Skal feire jul i fengsel

Det luktar julebakst lang veg. Ein av dei innsette står ved det rykande krumkakejernet. Chris Rea syng «Driving Home For Christmas» utover fellesarealet. Paradoksalt nok. Det er radioen som står på.

Dei færraste her skal heim til jul. Dei skal ha fengselsjul.

Koronaen har ført til strenge reglar for besøk. Det meste av kontakt med familien blir gjort via nettbrett. Ein gong i veka får dei innsette moglegheit til å ha videomøte med sine næraste. Det har gradvis blitt opna for fysiske besøk, men dei må skje bak ein glasvegg.

Dei fleste besøksromma i Ringerike fengsel er så små at den innsette berre kan få besøk av ein person av gongen. Dei innsette får ikkje klemme kjærasten sin eller borna sine.

Det er svært uheldig, men dessverre ikke til å unngå, at tiltakene begrenser innsattes muligheter til kontakt med sine nærstående.

Skriv frå Kriminalomsorgen

– Det er det like greitt å snakke på Ipad, seier Frank.

Julestake i Ringerike fengsel

Det er pynta til jul bak murane i Ringerike fengsel.

Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

Mange juleaktivitetar er avlyst i fengselet på Ringerike. Det blir til dømes ingen julekonsert i år. For Frank er det like greitt. Han gruar seg nemleg til jul. Det betyr endå meir aleinetid.

– Og då blir meir sakn. Det beste med jula er at det snart er januar, seier Frank.

– Men veldig god mat, då, seier han med eit smil.

I Ringerike fengsel blir det servert ribbe på julaftan. Og alternativ kost til dei som ikkje et det.

Bli med på innsida:

Robin og Frank på juleverkstad, Ringerike fengsel
Foto: SIMON SOLHEIM / NRK

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger