Hopp til innhold

Slik blir reglane for utanlandsreiser og karantenehotell

Reisande frå EØS-land med låg smitte slepper karantenehotell frå 27. mai. Det er Thrudur Maria Hjartardottir glad for.

Erna Solberg på fredagens pressekonferanse om koronasituasjonen.

Statsminister Erna Solberg på dagens pressekonferanse.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

27. mai, eller førstkommande torsdag, er datoen regjeringa har bestemt seg for å halde fram gjenopninga av landet.

Regjeringa forlengjer det globale reiserådet til 1. juli. Dette gjeld òg for dei fullvaksinerte, fram til størstedelen av den vaksne befolkninga har fått vaksine.

– Vår tilråding er at dersom du vil ha føreseielegheit bør du planleggje for noregsferie, seier statsminister Erna Solberg på pressekonferansen.

Men endringar i reisereglar vart òg presenterte då regjeringa hadde pressekonferanse. No blir det gjort endringar i føresetnadane for dei som er på karantenehotell.

Skilje mellom nødvendige og unødvendige reiser fjerna

Skiljet mellom nødvendige og unødvendige reiser blir fjerna ved innreise til Noreg slik at reisande frå Storbritannia og EØS/Schengen-land med låg smitte slepp å vere på karantenehotell.

Personar som har vore i område med høg smitte må på karantenehotell, uavhengig av formålet med reisa.

Det blir også innført unntak frå innreiserestriksjonane for utlendingar som er busette i område som ikkje er underlagde karanteneplikt i Noreg.

Thrudur Maria Hjartardottir

Thrudur Maria Hjartardottir kan snart få besøk av bestevenninna.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

– Eg blir veldig letta. Endeleg ser vi lys i enden av tunnelen, og snart kan få besøk, seier Thrudur Maria Hjartardottir.

Sjølv har hudpleiaren frå Island, som er busett i Førde i Sunnfjord, ingen planar om å reise til heimlandet før både ho sjølv, mannen og borna er fullvaksinerte.

Men då beskjeden frå regjeringa om at dei vil fjerne restriksjonar på innreise frå land med lite smitte kom vart Hjartardottir likevel veldig glad.

På Island har dei nemleg kome veldig langt med vaksineringa av innbyggjarane.

Håper på venninnebesøk

– No håpar eg å få besøk i sommar av besteveninna mi og mannen hennar som eg ikkje har sett på to år. Det gler eg meg svært mykje til. Då skal vi drikke kvitvin på balkongen, og så skal eg vise ho litt av Sogn og Fjordane.

Sin eigen familie på Island trur ho at ho ikkje får besøk av før til neste år, då det er ein konfirmant i heimen.

Men sjølv skulle ho helst sett at vaksineringa gjekk såpass fort at hennar eigen familie snart kunne ha reist til heimlandet.

– Det er viktig for oss å få besøke Island igjen. Faren til mannen min er sjuk og bur på aldersheim. Vi veit ikkje kor lenge han kjem til å leve.

oppdrag frå helsedepartementet presenterer FHI og Helsedirektoratet tre alternativ for bruken av karantenehotell i Noreg.

Helsedirektoratet tilrår at skiljet mellom nødvendige og ikkje-nødvendige reiser blir fjerna som kriterium for unntak frå karantenehotell.

Ifølge oppdragsteksten bør dette blir erstatta med kriterium knytt til smittesituasjonen i landet den innreisande har oppheldt seg i.

«Tilrådinga frå Helsedirektoratet vil i praksis innebere stor innstramming og føre til at vesentleg fleire reisande enn i dag blir pålagde opphald på karantenehotell i karanteneperioden», skriv Helsedirektoratet i oppdragsteksten.

AKTUELT NÅ