Slaktar Støres metoo-handtering – melder seg ut av Ap i protest

Ho meiner at kvinner blir utrygge av signalet Ap sender når Trond Giske får full deltaking i partiet. No melder lokalpolitikar Anna-Sabina Soggiu seg ut.

Anna-Sabina Soggiu

Anna-Sabina Soggiu forstår ikkje at det ikkje finst hinder for at Trond Giske skal kunne delta fullt i Arbeidarpartiet.

Foto: Jonas Kvernmo Mailand

– Ap-leiinga burde signalisere sterkt at vi ikkje ønskjer tillitsvalde som har nytta verva sine til å feil bruk av makt, seier Anna-Sabina Soggiu (38).

Etter mange år som aktiv i lokalpolitikken melder ho seg no ut av Arbeidarpartiet.

På veg ut slaktar ho måten Jonas Gahr Støre har handtert Giske-saka på.

Ho reagerer kraftig på at Ap-leiinga i starten av februar slo fast at det ikkje er noko som står til hinder for Trond Giskes fulle deltaking i partiet.

Soggiu er også overraska og skuffa over at tidlegare nestleiar Trond Giske kan få nye verv i Arbeidarpartiet etter å ha brote det etiske regelverket til partiet, slik Trøndelag Ap har stilla han inn til.

– Eg forstår ikkje at det ikkje finst hinder for at slike personar skal kunne delta fullt i partiet, seier ho.

Saknar oppgjer med ukultur

Soggiu har vore aktiv i lokalpolitikken i Oslo, som nestleiar i Gamle Oslo og styremedlem i homonettverket i Oslo. No seier ho frå seg alle verv, og seier ho heller ikkje vil vere medlem av partiet meir.

Ho meiner at Ap med å fristille Giske, aksepterer at det vil føre til hinder for kvinnene som varsla om han.

Ho meiner at Ap har teke meir vare på han det er varsla mot, enn dei som har varsla.

– Partiet gir signal om at kvinner ikkje er trygge i Ap, seier Soggiu.

Det handlar om å skape tillit eksternt til at partiet vil vere ein aktør som tek likestilling alvorleg, meiner ho.

Fortalde Støre om overgrep

8. februar sende ho ein e-post til Ap-leiar Jonas Gahr Støre for å fortelje si historie og seie at ho melder seg ut.

Ho fortel at ho som ung AUF-ar opplevde eit overgrep utført av ein tillitsvald på hyttetur, og blei kjent med ein ukultur der gutar «tok føre seg av yngre tillitsvalde».

I fjor såg Soggiu Trond Giske-saka som eit viktig symbol på metoo-debatten i Noreg, og håpa at ukulturen i partiorganisasjonen ville bli gjort noko med.

No sit ho skuffa tilbake over Ap-leiingas handtering av det heile.

– Eg hadde håpa at det var rom for å ta eit ordentleg oppgjer med ukulturen, ikkje berre i Ap, men på alle samfunnsarenaer. Då partiet ikkje klarte det, fekk eg til slutt behov for å seie frå, seier Soggiu.

Ho meiner at resultatet er blitt at det å varsle om seksuell trakassering ikkje vil få konsekvensar over tid.

– Kvinner må møte den dei har varsla om på dei arenaar der vi skal drive politikk, seier Soggiu.

– Kva ønskjer du at Støre skal gjere, ikkje berre med Giske-saka, men for å bygge tilliten du treng for framleis å vere medlem og aktiv i Ap?

Eg kunne ønskje at han reiste seg opp, og med ei tydeleg og klar stemme sa at vi tek likestillingspolitikken ekstremt alvorleg, og vi finn oss ikkje i at vi har bøllar som regjerer i vårt eige parti.

– Kven er bølla her, då?

– Dei som framleis ser ut til å vere meir på lag med dei som har utsett andre for noko galet, enn å stå opp for dei kvinnene som faktisk torde å bruke røysta si for nokre få månader sidan.

Støre avviser skuldingar

Ap-leiar Jonas Gahr Støre avviser at kvinner skal føle seg utrygge eller at partiet set opp hinder for kvinner fordi Giske får halde fram i partiet.

– Det er eg heilt usamd i. Våre retningslinjer blei brote, og det fekk omfattande konsekvensar for Trond Giske. Så seier vi at det ikkje er nokon formelle hinder for hans deltaking i partiet, som ein må kvalifisere seg for gjennom tillit.

No er han oppteken av at partiet må sørge for at dei som er på jobb i Ap kan vere trygge, både kvinner og menn.

– Det er vårt ansvar å passe på.

– Forstår du at kvinner som har varsla ikkje vil jobbe saman med Giske?

– Det kan eg forstå, og det skal dei sleppe. Om nokon seier det, tek eg det til etterretning, og vi legg til rette på arbeidsplassen.

Han takkar Siggiu for innsatsen i partiet så langt.

– Så håpar eg ho igjen finn det meiningsfullt å jobbe for verdiane ho har, nettopp i Ap, seier Støre.

SISTE NYTT

Siste meldinger