Hopp til innhold

Skyting mot butikk på Stovner i Oslo

Det vart onsdag kveld skote mot ein butikk like ved T-banestasjonen på Stovner i Oslo. Politiet opplyser at dei har funne eit automatvåpen på staden.

Politiet tar seg inn i butikken det ble skutt mot. Det ble funnet et automatvåpen utenfor.

Politiet tok seg seint onsdag kveld inn i ein butikk ved Stovner T-banestasjon, etter at det vart skote mot butikken.

– Vi fekk melding om at det var høyrt fleire smell utanfor Stovner T-banestasjon. Da vi kom til staden fann vi eit automatvåpen liggjande på bakken utanfor ein matbutikk. Eit augevitne har fortalt at ein til fire personar har sprunge frå staden. Det er også skotskadar på ein bygning, seier innsatsleiar Thomas Broberg i Oslo politidistrikt til NRK.

Han vil ikkje gi fleire detaljar om våpenet som er funnen. Ingen er pågripen i saka.

Høyrde ti skotsalvar

Politiet jobbar no med å hente inn overvakingsbilete frå området. Vitne har fortalt at dei høyrde ti skotsalvar, før dei såg fleire personar springe frå staden. Det er eit stort politioppbod på åstaden, og politiet leitar etter gjerningspersonen eller personane med hundar.

Etter det NRK kjenner til vart det ikkje skote mot Kiwi-butikken, men mot butikken som ligg ved sida av, Vårt Marked. Politiet har starta avhøyr av innehavaren av denne butikken seint onsdag kveld.

Automatvåpen Stovner

Mannen som skaut har etterlate seg eit automatvåpen utanfor Kiwi-butikken ved T-banestasjonen på Stovner.

Foto: Katrine Nybø / NRK

– Bil i stor fart

Vitne NRK har snakka med fortel at så mange som fire personar kan ha sprunge frå staden. Ein 15-åring spelte basketball saman med ein kamerat på basketballbana like ved då han høyrde skota.

– Vi høyrde først eitt skot, så fire-fem til i rask rekkefølgje Vi såg ikkje dei som skaut, men vi såg ein bil som køyrde av garde i høg fart like etter skytinga, seier 15-åringen til NRK.

Politiet snakkar no med vitne på staden og prøver å skaffe seg oversikt over det som har skjedd. Det er ingenting som tyder på at det er skote mot menneske.

Dei har søkt gjennom butikken det vart skote mot, men dei fann ingen skadde menneske inne i lokala.

Stovner skyting

Det vart skote mot denne butikken i Fossumveien på Stovner onsdag kveld.

Foto: Katrine Nybø / NRK

Høg og tynn

Mannen som skal ha fyrt av skota blir av vitne skildra som ung, høg og tynn. Han hadde svarte klede og hettegenser, og han skal ha dekt til ansiktet

Politiet vart varsla om skytinga klokka 22.13 onsdag kveld.

Laster Twitter-innhold
Stovner

AKTUELT NÅ