Hopp til innhold

Skyhøge straumprisar førte til app-krasj

Folk har strøyma til straum-appane for å sjekka straumforbruket. Det har ført til problem.

Strøm, Strømpriser, høyspent, mast, elektrisitet

NY REKORD: NY REKORD: Måndag sette straumprisen i Sør-Noreg ny rekord.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Forbrukarar i Sør-Noreg måtte betala rekordmykje for straum måndag. Dei siste vekene har straumprisane i landet gått frå rekord til rekord.

Måndag var straumprisen, utan nettleige og avgifter, på over 4 kroner pr. kilowattime mellom klokka 17 og 18.

Folk følgjer med å vil vita kva dei betaler for straumen. Det har fleire straumselskap fått erfara.

Stor pågang

– Appen har fungert, men det har vore tidspunkt der det har gått treigare. Vi har hatt ekstrem høg trafikk, seier Rolf Bjarne Eriksen, leiar for sal og kundeservice hjå straumselskapet Los.

Med rekordhøge straumprisar er det mange som tek kontakt. Eriksen kan fortelja interessa for straum er høg.

– Vi har i dag hatt ein pågang på både kundesenteret og på appen som er godt over gjennomsnittet, seier han.

Edgeir Vårdal Aksnes i Tibber

Edgeir Vårdal Aksnes, administrerande direktør i Tibber.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Også Edgeir Vårdal Aksnes, administrerande direktør i Tibber seier pågangen har vore stor.

– Vi opplevde ein ekstrem pågang i går kveld og i dag tidleg. Mange brukarar kom ikkje inn. Det skal no vera løyst opp for dei fleste, seier han.

Kundane er bekymra

– Kundesenteret vårt har sjølvsagt merka kraftprisane i dag. Det har vore ein ekstrem belastning på alle inngåande kanalar, både telefon, e-post, chat og på app. Diverre så har vi også hatt utfordringar med appen i dag, opplyser Ørjan Bøyum, dagleg leiar i Kraftriket.

Bøyum seier at overbelastninga er grunngjeve i kapasitetsavgrensing.

– Vi er ikkje eskalerte til å handtera den mengda som har kome i dag, for det har vore ganske ekstremt, legg han til.

Ørjan Bøyum

Ørjan Bøyum, dagleg leiar i Kraftriket.

Foto: Kraftriket

Han fortel at dei aldri har opplevd ein så stor pågang.

– Eg har ikkje vore borti liknande før, og eg har jobba mange år i denne marknaden. Det er mange kundar der ute som er bekymra om dagen, seier han.

– At folk følgjer med og vil vita kva dei betalar for straumen, kva betyr det for forbruket?

– Det kan bety mykje. Eg trur kanskje ikkje så mange klarar å redusera så mykje på forbruket, men kanskje dei klarar å flytta litt på forbruket ved å ha den innsikta dei får via appen, meiner Bøyum.

Høge prisar heile vinteren

Kraftselskapet håpar at situasjonen i dag er unik.

– Vi ventar ikkje same trykket framover, men denne veka blir nok ganske hektisk, seier Bøyum.

Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt meiner på si side at folk må førebu seg på at dei høge straumprisane vil vara heile vinteren.

Analysesjef Tor Reier Lilleholt i Wattsight

Analysesjef Tor Reier Lilleholt i Wattsight.

– Prisen til sluttbrukar, då avgifter, moms og alt dette er tatt med, kjem i gjennomsnitt til å liggja over to kroner kilowattimen vinteren igjennom, seier han til NTB.

Han presiserer at vi også kjem til å få veker der prisane vil liggja langt over og under dette.

Frå 1. januar innfører regjeringa kutt i straumavgifta. Reduksjonen vil tilsvara ca. 10 øre per kilowattime.

AKTUELT NÅ