Hopp til innhold

SKUP-pris til NRK Brennpunkt

Avsløringa av Sløvåg-skandalen er kåra til det beste graveprosjektet i norsk presse i 2008.

Brennpunkt vinner SKUP 2008

Thor Woje delte ut SKUP-prisen til Kjersti Knudssøn og Synnøve Bakke i NRK Brennpunkt.

Foto: Grimstad, Bjørn / SCANPIX

Stiftinga for ei Kritisk og Undersøkande Presse (SKUP) delte i kveld ut den prestisjetunge prisen.

Prisen på 50.000 kroner går til det beste graveprosjektet i norsk presse, og er den mest høgthengande journalist-prisen i landet.

NRK-Journalistane Synnøve Bakke og Kjersti Knudssøn gjekk av som SKUP-vinnarar for 2008 med Brennpunkt-saka Mitt skip er lastet med

Les: Vest Tank vasket skitten bensin

Les: Alt om tankeksplosjonen i Sløvåg

Les juryen si grunngjeving for prisen på skup.no

Dei to journalistane fekk også SKUP-prisen i 2005 med saka Kvikksølvjentene som handla om kvikksølvbruk i tannlegetenesta.

Heider til Dagens Næringsliv

Journalistar frå heile landet er samla på den årlege SKUP-konferansen i Tønsberg denne helga. I tillegg til hovudprisen vart fem diplom delte ut i kveld, tre av dei gjekk til Dagens Næringsliv.

Avisa hausta diplom for "Klimakvoter i gråsonen", "Fast & fiks" og "Den forsvunnede diamanten". Sistnemnde sak dreia seg om bråket rundt fotballspelaren John Obi Mikel.

VG fekk diplom for "Avsløringen av Nakenprat", og fem studentar ved Høgskulen i Volda fekk diplom for "Kulturprosjektet Innovata".

Miljøjournalistar fekk stipend

Are Kalvø sto i spissen for underhaldninga under prisutdelinga, og dreiv ap med den eine kjendis-journalisten etter den andre.

Tore Sandbergs stipend på 100.000 kroner gjekk til Marie Oalussen og Anja Wright. Journalistane i Tønsbergs blad arbeider med miljøjournalistikk.

- Vi kan ikkje gå ut med kva pengane skal gå til, det vil tida vise, sa dei løyndomsfullt då dei mottok stipendet.

48 nominerte

Spennet er stort mellom dei 48 sakene som har kjempa om SKUP-prisen for 2008. Frå nasjonale saker som har dominert media over lang tid, til lokale prosjekt som har fått viktige fylgjer i lokalsamfunn.

98 journalistar frå heile landet håpa på heider og ære, 66 menn og 33 kvinner. Dei fleste prosjekta har vore større samarbeidsprosjekt, men i 16 av bidraga står berre ein journalist bak.

I fjor vann Finansavisen og Morten Hofstad SKUP-prisen for sakene om Terra-skandalen.

NRK bidreg mest

VG er den mestvinnande mediebedrifta i SKUP-histora. I år leverte avisa inn fem bidrag. Aftenposten sto for seks nominerte prosjekt.

Den største mediebedrifta i landet er også den største bidragsytaren til SKUP. NRK leverte sju prosjekt til juryen. Brennpunkt-redaksjonen har medverka sterkt.

Mange lokalaviser sendte også inn bidrag. I år som i fjor utmerka Kongsbergavisa Laagendalsposten seg med tre nominasjonar.

Nettet også representert

Sjølv om juryen i år kikka nærare på fire bokprosjekt, er det framleis avis- og tv-redaksjonar som dominerer.

Berre ein nettredaksjon, dagbladet.no, var med i vurderinga. Dei fleste prosjekta er likevel å finne på nett i ein eller annan form.

Eit omfattande nettprosjekt som også blei vurdert av juryen, er Maktbasen til NRK Brennpunkt.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger