I to veker har gymsalar og auditorium på vidaregåande skular over heile landet vore arena for ungdom og politisk debatt.
Om ikkje lenge vil resultatet av årets skuleval vere klart, noko valforskarane meiner er ein svært viktig indikator også for resultatet av sjølve valet 11. september.
SPANANDE: Valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking meiner resultatet av skulevalet gir eit viktig signal til partia.
Foto: Kyrre Lien / ISF– Det seier heilt klart noko om stemninga og retning for valkampen, forklarer valforskar Johannes Bergh.
- Les kronikk: Skolevalga er viktige
Det gir gjerne ein ekstra motivasjon til partia som kjem godt ut.
– Det er sjølvsagt også andre ting som påverkar kva valresultatet blir, men skulevalet kan vere ein symbolsk siger nærme valdagen.
I år er nesten alle, 389 vidaregåande skular over heile landet påmeldt. Norsk senter for forskingsdata (NSD) reknar med at fleire enn 150.000 elevar vil delta.
Sjå opptak av NRKs skulevalsending direkte frå Lier vidaregåanse:
NRK møtte elevar, ungdomspolitikarar, skuleleiinga og lot elevane komme med spørsmål til vår politiske kommentator. Sjå sendinga frå Lier i Buskerud.
– Spanande å sjå korleis det går med MDG og Raudt.
Bergh ser i år spesielt fram til å sjå korleis Miljøpartiet Dei Grøne og partiet Raudt gjer det i skulevalet.
– Dette er parti som begge har gjort det godt på meiningsmålingane og vi veit at småpartia tradisjonelt har gjort det godt i skuleval, seier han.
– Seier dette noko om korleis vala vert i framtida?
– Ja, dette er jo bokstavleg talt framtidas veljarar.
Resultat frå skulevala frå 1989 til 2015:
Stemmer ofte likt som foreldra
Tradisjonelt har ofte partia ytst til venstre eller høgre kome godt ut av skulevala, men dei siste åra har stemmene frå skuleungdommen i hovudtrekk vore likt det faktiske valresultatet.
– For 10 og 20 år sidan var det særleg SV eller FrP som gjorde det godt, men no stemmer ungdom meir eller mindre likt som dei vaksne veljarane. Ungdom er altså ikkje like radikale som ein gong var, seier Bergh.
Dette gjer at resultatet av skulevalet er ein meir truverdig peikepinn på korleis valet vil gå.
Ungdomsforskar Guro Ødegård frå NOVA har sett nærmare på kvifor det er slik.
– Den opposisjonen vi tidlegare såg hos ungdom er mindre dominerande i dag enn tidlegare. Vi ser ein ny ungdomsgenerasjon der opprør er bytta ut med gode skuleresultat, vennskap med foreldre og så vidare.
Ho meiner mange stemmer likt som sine foreldre og at det er viktig med diskusjon rundt middagsbordet for å skape politisk engasjement hos dei unge. Ho er glad for at mange er oppteken av samfunnsspørsmål og politikk.
– Vi ser at dei orienterer seg til die politiske partia og at dei er betre på å bruke stemmeretten enn dei unge for berre 10 og 15 år sidan, seier ho.
STEMMEN I BOKS: Nathanael Shiferaw avgir stemme under skulevalet ved Oslo Katedralskole, tysdag.
Foto: Berit Roald / NTB scanpix