NRK Meny
Normal

Gymnas-eigarar handlar med seg sjølve

Eigarane av dei private John Bauer-gymnasa har i 2005 og i 2006 kjøpt tenester for 4,85 millionar kroner frå selskap som dei sjølve eig.

John Bauer-gymnasets fasade
Foto: Inger Lise Uhnger / NRK

Skulane er tilknytta Skandinavias største friskulekjede og har fått over 50 millionar i statsstøtte dei to siste skuleåra. 

No rettar elevar og lærarar sterk kritikk mot dei som styrer skulen.

- Dei held aldri det dei lovar, seier ein av elevane til NRK.

Tips NRK om privatskolene

Andreklassingen meiner det er mykje tull og rot ved skulen, og nemner problem med skulebygningar, mange lærarvikarar og overdriven marknadsføring.

Ho trur mange fleire elevar er i ferd med å slutte. Sjølv skal ho iallfall bytte skule til sommaren.

Les også: Privatskole ga ikke vitnemål

Handlar med seg sjølv

Det er ulovleg å tene pengar på privat skuledrift i Noreg, men eigarane i John Bauer sørgar for at det går millionar til selskap dei sjølve har kontrollen over. 

I løpet av oppstartsåret 2005 og i 2006 har skulane i Oslo og Bergen kjøpt tenester frå eigarselskapet John Bauer Norge og  selskapet Skolekompaniet for iallfall 4,85 millionar kroner, viser rekneskapstal.

Skulane i Noreg er eigd av svenske John Bauer Organization og av det norske selskapet Skolekompaniet.

Den største eigaren i Skolekompaniet er Kåre Syltebø, som i dag er dagleg leiar både ved John Bauer i Bergen og Oslo. Ein annan sentral eigar er Rune Eikeland. Han er dagleg leiar i John Bauer Norge og er også ein av eigarane i Skolekompaniet.

John Bauer i Oslo og Bergen fekk 54,7 millionr kroner i statsstøtte for dei to første åra, opplyser Utdanningsdirrektoratet.

Bevisst underadministrert

Eigarane har bevisst valt å ha få administrativt tilsette ved skulen i Oslo, framgår det av eit brev til Fylkesmannen.

Samtidig blir det handla inn konsulent-tenester frå Kåre Syltebø i selskapet Skolekompaniet i stor stil, fortel fleire kjelder til NRK.

I 2005 vart det mellom anna kjøpt konsulenthjelp for å tilsette lærarar, for å finne lokale, for å gje råd til leiinga, og for å gje hjelp til tariff-forhandlingar, syner rekneskapa.

Til saman har John Bauer i Bergen og Oslo handla med Skolekompaniet for nesten to millionar kroner i 2005 og -06.

Frå skulane sitt eige eigarselskap John Bauer Norge vart det også kjøpt tenester for om lag to millionar. I 2007 aukar Oslo-skulen budsjettet, og planlegg å handle inn tenester for 3,2 millionar kroner.

Fylkesmannen ber om forklaring

Fylkesmannen i Oslo har bede om ei forklaring på pengebruken ved skulen i Oslo, men har ikkje opna formelt tilsyn mot skulen.

- Vi har spurt om ein del postar i rekneskapen som vi meiner kanskje er unormalt store i forhold til drifta, og det vil vi gjerne vurdere før vi seier noko meir om det, seier utdanningsdirektør Bjørg Ølstad hos Fylkesmannen.

- Jussen kan bli påtrengande og ubehagelig. Viss ein ikkje gjer det ein skal, og vi kjem på tilsyn, så vil vi avdekke det, seier Ølstad.

Det har likevel ikkje skjedd noko med saka frå Fylkesmannen si side etter ei brevveksling med skulen i mai i år.

Opprørte lærarar

Samtidig er temperaturen blitt høg ved skulen i Oslo. I eit krast brev som NRK har fått tilgang til, uttrykker lærarane mistillit til Kåre Syltebø som no fungerer som dagleg leiar ved skulen.

Lærarane viser til rot og dårleg administrering. Dei meiner elevane ikkje får det tilbodet dei har betalt for å få og viser til at mange elevar har slutta.

Men det er ikkje berre elevar som har slutta. Det har vore stor utskifting av lærarar i løpet av dei to åra skulen har eksistert, og John Bauer i Oslo har no sin fjerde rektor på drøye to år.

"Vi kan heller ikkje lenger forsvare skulen overfor elevar og foreldre når dei tek kontakt," skriv lærarane vidare i brevet.

Dei meiner skulen ikkje har eit forsvarleg driftsbudsjett, og at det er vanskeleg å følge læreplanane i mange fag på grunn av utstyrsmangel.

"Slik situasjonen er på det noverande tidspunktet er det uforsvarleg å drive skulen."

NRK er kjend med at også foreldre vil ta opp dei kritikkverdige forholda ved skulen på eit foreldremøte i morgon, torsdag 25. oktober.

Vil ikkje svare

NRK har vendt seg til Kåre Syltebø og Rune Eikeland fleire gonger i samband med denne saka. Dei har ikkje villa svare på spørsmål. Syltebø kasta ein reporter og ein fotograf ut frå John Bauer i Oslo tysdag.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger