Hopp til innhold

Skular på desperat lærar-jakt

Det pågår ein fortvila jakt på lærarar rundt om på norske skular.

undervisning
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Søkjermassen på ledige stillingar har gått dramatisk ned, viser ei kartlegging.

Kartlegginga gjort av Utdanningsforbundet, UNIO , blant 15 fylker viser at stadig færre søkjer lærarjobb.

I Rogaland er nedgangen 20 prosent i forhold til i fjor.

Kommunar i mellom anna Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og i Nord-Trøndelag melder om halvering i søknadsmassen.

3500 fleire ledige stillingar

I tillegg viser nye tal frå arbeidsetaten NAV om 3500 fleire ledige stillingar i undervisingssektoren dei siste to åra.

Konsekvensen er at desperate skular tilsett ufaglært arbeidskraft.

- Eg synes det er trist. Statsminister Jens Stoltenberg har som mål at Noreg skal ha den beste skulen i verda. Å skape verdas beste skule utan kvalifiserte lærarar blir berre tull, seier nestleiaren i Utdanningsforbundet, Per Aahlin.

Nyutdanna lærarar flyktar til det private næringslivet på grunn av den låge løna. Utdanningsforbundet krev difor ein betydeleg lønsauke under lønsoppgjeret for stat- og kommunetilsette.

Går til andre yrker

Tal frå forskningsinstitusjonen NIFU Step viser at kvar tredje lærarstudentane vel andre yrker. Utdanningsforskar Per Olav Aamodt meiner tendensen må takast på alvor.

- No framover er det også mange eldre lærarar som går av med pensjon, og dei må erstattast. Dersom tendensen held fram, bør dettetakast på alvor, seier Aamodt.

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell har tidlegere sagt at han tar situasjonen på alvor og held han under oppsikt.

AKTUELT NÅ