Hopp til innhold

Skuffa over moderpartias manglande investering i fornybar energi

Ungdomspartia på høgresida vil at oljefondet skal investere tungt i fornybar energi. Og er skuffa over eigne moderparti som let sjansen gå frå seg i år.

Vindmøller til havs

Unge Høgre forventar at klima blir eit sjølvstendig investeringsmandat i oljefondet.

Foto: MICHAEL KOOREN / Reuters

Paul Joakim Sandøy

Paul Joakim Sandøy er leiar i Unge Høgre.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Førre veke diskuterte Stortinget oljefondet sin investeringsstrategi. Det enda ikkje på den måten Unge Høgre og KrFU hadde håpa. For sjølv om moderpartia deira har programformuleringar om at oljefondet skal få eit eige investeringsmandat for å gå inn i fornybar energi, så gjorde ikkje Stortinget vedtak om noko slikt eksplisitt mandat denne gongen.

– Synd

– Eg synest det var synd at det blei slik no, seier Paul Joakim Sandøy, leiar i Unge Høgre. – Det vi ønskjer er klima som eit eige investeringsmandat, på same måte som eigedom.

– Moderpartia våre har sagt at dei vil investere oljefondet i fornybar energi, då er det på tide at vi faktisk får gjort noko med det når vi no sit med makta, seier Emil André Erstad, leiar i KrFU. Han viser til at regjeringspartia og støttepartia KrF og Venstre kan få gjennom dette.

– Akkurat no saknar eg politiske initiativ for å få til dette, både oljefondet og klimaet er avhengig av det, seier Erstad.

Utolmodig ungdom

– Det er alltid slik at ungdommen ønskjer å gå raskt fram, mens hovudpartia kanskje ønskjer å gå litt saktare fram, vedgår Svein Flåtten som var saksordførar då Stortinget behandla oljefondets investeringsstrategi.

Han meiner likevel ungdommen ikkje har grunn til å vere misfornøgd, sjølv om det ikkje vart eit slik eksplisitt investeringsmandat som dei etterlyser.

– I den meldinga vi har behandla no blir det lagt opp til å auke miljøinvesteringane på heilt opp til 50 milliardar. I tillegg varslar Regjeringa at det blir arbeidd med å auke fornybar-investeringane ytterlegare.

– Men ungdomspartia etterlyser jo at eit eige investeringsprogram vil gje endå større satsing enn det du skisserer?

– Ja, det ser eg ikkje bort frå, men no seier jo Regjeringa at dei ser på heile dette området, så det kan jo bli ei framtidig løysing. Eg trur fornybar-området vil kome, men fondet skal vere litt konservativt. Diskusjonen kjem nok tilbake neste år, seier Flåtten.

Det lovar Unge Høgre-leiaren også.

– Unge Høgre forventar at når Stortingsmeldinga om oljefondet kjem neste år, så inneheld den eit punkt om at klima blir eit sjølvstendig investeringsmandat, seier Paul Joakim Sandøy.

AKTUELT NÅ