Skreiv feil på makrellboksar

Då Stryn skulle få seg eigen makrellboks på nynorsk, gjekk det gale. I ei setning på boksen sneik det seg inn to skrivefeil. – Ein alvorleg svikt i kvalitetssikringa, seier språkvitar.

Makrell i tomat

Det er fleire skrivefeil på boksen med Stabbur-makrell med tekst om Stryn. Orkla Foods Norge beklagar og lover å rette opp når det blir laga nye boksar med denne teksten på. Illustrasjonen er laga av Sindre Goksøyr.

Foto: Linda Eikrem / Facebook

I fjor kom Orkla Foods Norge med makrellboksar der dei prøvde å karakterisere dei som åt makrell ulike stader i Noreg.

Det blei laga i alt 60 variantar. Blant dei er operaelskarar frå Oslo og songarar frå Sauda. Det er produsert fleire millionar boksar med slike lokalnamn på emballasjen. Men på boksen frå Stryn gjekk det kanskje litt for fort i svingane:

«Snøbrettkjøyrarar frå Stryn elsker Stabbur-makrell», stod det på boksen.

– Her gjer dei to grove skrivefeil på ein svært avgrensa plass. Det skal ikkje vere nokon «j» mellom «k» og «øy», og på nynorsk heiter det «elskar», seier språkprofessor Sylfest Lomheim ved Universitetet i Agder.

Svikt i kvalitetssikringa

Sylfest Lomheim

Språkprofessor og tidlegare direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, meiner skrivefeila på makrellboksen vitnar om ein alvorleg svikt i kvalitetssikringa.

Foto: Sindre Hopland/NRK Sørlandet

Det kan vere vanskeleg å hugse alle skrivereglane på norsk. Difor har mange laga seg reglar for å hugse korleis ord skal skrivast, som at «i», «y», «ei» og «øy» ikkje skal ha ein «j» framfor seg.

Men denne gongen glapp det i korrekturen for makrellprodusenten. Det er alvorleg, meiner Lomheim.

– Dette er ein svikt i kvalitetssikringa. Når det sviktar der, er det noko grunnleggjande som sviktar. Og det er svært alvorleg.

Han håper feila blir retta opp så snart som råd er.

Beklagar feilen

Orkla Foods Norge beklagar skrivefeilen. Kommunikasjonsdirektør Dag Olav Stokken seier at det har vore ein glipp i rutinane dei har for å lese korrektur på emballasje.

Dag Olav Stokken

Kommunikasjonsdirektør Dag Olav Stokken i Orkla Foods Norge beklagar at det glapp i korrekturlesinga. Han seier dei gjer mykje for å unngå skrivefeil på emballasjen.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

– Her har nokon i utgangspunktet skrive noko feil, og så har vi ikkje klart å fange det opp i korrekturlesinga. Det må vi berre beklage.

Når det gjeld at dei har skrive «elsker» i staden for «elskar», seier han at dei er klar over at det er feil på nynorsk. Og at det er noko dei har diskutert internt.

– Det er berre hovudteksten i det blå banneret som er ulik på dei ulike boksane. Men vi vurderer om vi skal endre slik at det blir samsvar mellom banneret og teksten elles på boksen.

Viktig korrekturlesing

Stokken seier dei er svært nøye i korrekturlesinga av all innpakning for å unngå skrivefeil i produktnamn og kva produkta inneheld.

– Men når det skjer feil, er det ofte den store skrifta vi glepp på. Og det er også der feila blir mest synlege.

Han seier dei vil rette opp til neste gong det kjem ein boks med Stryn-tekst. I tillegg går dei gjennom dei andre tekstane for å sikre at det ikkje er fleire skrivefeil. Uansett er det uaktuelt å kalle tilbake boksar på grunn av skrivefeil.

– Vi kjem ikkje til å kassere boksar på grunn av dette. I valet mellom korrektur og redusert matsvinn, er valet enkelt. Vi kastar ikkje mat, seier Stokken.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger