Hopp til innhold

Skredekspert: – Veldig vanskeleg å varsla skred på våren og sommaren

Skredet i Loen fredag kom utan førevarsel. – Det å varsla eit slikt skred som dette er frykteleg vanskeleg, seier skredekspert.

Snøskredet i Loen, vist frå lufta.

FLAKSKRED: NVE seier at skredet i Kjenndalen var eit stort og vått flakskred som drog med seg stein og grus.

Foto: NRK

Frå over 1500 meters høgde raste store mengder snø nedover fjellsida i Kjenndalen i Loen fredag.

Tre personar, ein mann, ei kvinne og eit barn, vart trefte av delar av skredet, men kom ut med lettare skadar.

Store mengder snø rasar nedover fjellsida. Ein turist har filma frå rasstaden.

– Det er skremmande. Det var veldig bra at det ikkje vart større skade enn det vart. Vi hadde rekna med at snøskredfaren var over no. Det er veldig uvanleg at det kjem så seint. Det kom som eit sjokk, seier Magne Beinnes ved Sande camping i Lodalen.

Magne Beinnes

Magne Beinnes seier at skredet i Kjenndalen kom som eit sjokk.

Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK

Også skredekspertane seier til NRK at det ikkje er vanleg med skred på denne tida av året. Men det kan skje.

– I indre fjordstrøk, slik som inn mot Jostedalsbreen og dei djupe dalane der, har det gått skred uti juni før. Særskilt når vi har ein sein vår.

Det seier Krister Kristensen ved NGI, som er på veg inn i Lodalen for å sjå på skredet.

Les også Ikkje nye søk i rasområdet søndag

Vanskelege å varsla

Både på Vestlandet og i Nord-Noreg er det framleis mykje snø i fjellet. Det kombinert med varme- og mildvêr gjev fare for skred, men det er vanskeleg å føreseia når dei vil bli utløyste.

– Det er veldig vanskeleg å varsla skred på våren og sommaren. Dette er fordi at det er varmen som løyser ut skreda og det er vanskeleg å spå. Det er ikkje som på vinteren der dei fleste naturlege utløyste skred går i samband med uvêr, seier skredekspert Kjetil Brattlien.

Han seier at skredet i Loen ikkje kunne vore varsla om på førehand.

Skred frå lufta.

Politiet har delt fleire bilete som blei tekne like etter at skredet gjekk.

Foto: Politiet / 330 Skvadronen Ørlandet
Skredet frå lufta.

Bileta som er tekne frå lufta viser store mengder snø langs fjellsida.

Foto: Politiet / 330 Skvadronen Ørlandet
Skredet i Loen.

Dette biletet tok NRK frå lufta fredag ettermiddag.

– Det kan gå skred kvar dag, men det å varsla eit slikt skred som dette, er frykteleg vanskeleg. For det første fordi det er lite sannsynleg for at det skal skje, og for det andre at ein ikkje veit når, seier Brattlien.

På varsom.no finn ein naturfarevarslane i Noreg. Her er det ikkje varsla om skredfare.

Kjetil Brattlien

Kjetil Brattlien er skredekspert. Han seier at det er vanskeleg å føresjå skred som kjem på sommaren.

Foto: Mathias Moene Rød / NRK

– Vi veit at det er mykje snø i fjellet og at det har vore ein periode med mildvêr. Burde ein ikkje då varsla om skredfare?

– Det ligg mykje informasjon på varsom.no. Kunnskap om skredterreng og faktorar som verkar inn på sannsynet for at det går skred, er informasjon som ligg der, svarar Brattlien.

– Naturen er lunefull. Vi må ha tilstrekkeleg respekt og kunnskap slik at vi kan ferdast på ein trygg måte, legg Brattlien til.

Les også Tanja og Stefan sat i bilen og vart tekne av skredet: – Trudde eg kom til å døy

Tanja og Stefan Trampe

Losna av seg sjølv

Rune Engeset, seksjonsleiar i NVE, seier at det var varmen, smeltevatn frå snøen, og kanskje litt regn, som førte til skredet i Loen fredag.

– Bilete viser at det er eit vått flakskred som har losna på nesten 1800 meter over havet og drege med seg stein og grus og treft dalbotnen, seier Engeset.

Bil tatt av skredet i Loen

Denne bilen vart teken av skredet i Loen fredag.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstuen / NRK

Han minner om at skredfaren er der så lenge det er snø og terrenget er bratt nok.

Også Brattlien har råd til dei som skal ferdast i naturen i sommar.

– Tenk på terrenget over deg, tenk konsekvens og gled deg over den flotte naturen vi har. Men hugs på at vi ikkje er udødelege. Naturen er mektigare enn oss, så vi må visa respekt for omgivnadane våre, seier han.

AKTUELT NÅ