NRK Meny
Normal

Skjerpa Nav-krav får folk i jobb

Fleire folk i arbeid og færre på sosialhjelp er resultatet når Nav stiller krav. Men KS vil ikkje ha krava inn i lovverket. – Kostar for mykje, meiner dei.

Student

LØNSAMT: Nav-kontor over heile landet stiller skjerpa krav til dei som tek imot sosialhjelp. Ein ny rapport frå KS viser at det er lønsamt på sikt.

Foto: Comnet / Scanpix

– Vi brukte mindre på sosialhjelp i 2015 enn i 2014. Vi er heilt sikre på at det kjem av den praksisendringa vi har starta med på Nav-kontoret, seier rådmann på Hamar, Bjørn Gudbjørgsrud.

Hamar kommune innførte aktivitetsplikt i desember. Først vart ei gruppe som mottok sosialhjelp sette til å skru saman møblar eller vaske ut av leilegheiter.

- Det var litt som slavearbeid, seier 35 år gamle Monica, som ikkje vil ha etternamnet sitt på trykk.

Men då Nav snakka med henne om kva ho kunne tenkje seg å gjere, og sikra ho ein mogleg praksisplass i helsevesenet, endra ho oppfatning.

– Det er bra, for det viser at det har skjedd ei endring, seier Monica.

Målet for ho er eigen jobb og eigen inntekt.

Krav fører til mindre sosialhjelp

I dag kjem ein rapport som syner at stadig fleire kjem seg ut i arbeid og at færre søkjer sosialhjelp når det lokale Nav-kontoret stiller strengare krav til dei.

Bjørn Gudbjørgsrud

SPARER: – Vi betaler mindre ut i sosialstønad no enn tidlegare, seier rådmann på Hamar, Bjørn Gudbjørgsrud

Foto: nyebilder.no / NAV

I rapporten, som er laga av Proba samfunnsanalyse på vegne av KS, svarer 70 prosent av Nav-leiarane at dei stiller ein eller annan form for krav. Av dei seier to av tre at dei gjerne skulle vore endå strengare med dei som tek imot sosialstønad.

Det er mangel på tiltaksplassar eller få ressursar på Nav-kontora som er årsaka til at krava frå Nav ikkje er endå strengare.

– Ein må ha eit tilbod, og gje tettare oppfølging. Enklaste og billegaste vil vere å berre betale ut pengar, men det er på kort sikt, seier Simen Markussen ved Frishsenteret.

Vil ikkje ha obligatorisk plikt

I fjor haust presenterte senteret forsking som viser at aktivitetsplikt er lønsamt.

– Færre tek imot sosialhjelp og fleire fullfører vidaregåande skule.

Stortinget har vedteke at det skal vere obligatorisk aktivitetsplikt i alle kommunar, men lova er enno ikkje sett ut i live.

Direktør for interessepolitikk i KS, Helge Eide, er kritisk til obligatorisk aktivitetsplikt.

– Vi er veldig for at kommunane kan bruke eigen fleksibilitet og skjønn i desse sakene. Får vi rigide reglar der dreiinga går frå kven dette passar for til at kommunane må følgje reglane stortinget har sett, vil det koste meir pengar.

– Kva legg du i skjønn?

Helge Eide

SKEPTISK: Direktør for interessepolitikk i KS Helge Eide, er kritisk til obligatorisk aktivitetsplikt. Han meiner det må vere opp til kvar enkelt kommune å vurdere kva tiltak som fungerer best for brukaren.

Foto: Idar Edvin Krogstad / NRK

– Kommunane vil ut frå kunnskapen dei har om brukarane, vurdere kven dei ulike tilboda hjelper for. Typisk kan det gjelde unge personar under 30 år eller unge med innvandrarbakgrunn som har svak kontakt med arbeidslivet. Då vil kommunar setje i verk aktivitetsplikt, forklarer Eide

Han meiner kommunane klarer å vurdere dette sjølve.

– Den kunnskapen dei har brukar kommunane fornuftig i dag. Vi har bestilt denne rapporten for å få på bordet kva for kostnader vi snakkar om her.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger