Hopp til innhold

Skjerpa asylreglar: – Vert penge- og sosialproblem for kommunane

Dei skjerpa asylreglane er no på høyring, og møter motbør i byane. Det vert vanskeleg og dyrt å drive integrering, meiner dei. – Vi finn att nokre av desse asylantane i rusmiljøet, seier venstrepolitikar i Bergen.

Nygårdsparken

UTFORDRING: – At dei veit at dei kan bli sende ut når dei er 18 år fører til dårleg integrering, meiner Erlend Horn (V). Han fortel at fleire av dei mindreårige asylantane i byen har hamna i rusmiljøet i Bergen.

Foto: NRK

– Det er klart at det vil bli utfordrande for oss, seier byråd for integrering i Bergen, Erlend Horn frå Venstre.

Regjeringa sit forslag om at færre skal få status som flyktning møter motbør i dei største byane. Fristen for å svare på forslaga som er på høyring går ut i morgon. Har ein status som flyktning følgjer det pengar med frå den statlege folketrygda. Forsvinn statusen, forsvinn også pengane. Medan flyktningen er der framleis.

Sosialbyråd Erlend Horn i Bergen

VANSKELEG: Erlend Horn (V) meiner situasjonen vil bli krevjande for Bergen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Då vil kommunen måtte betale for sosialhjelp, og det vert mindre pengar å bruke på integrering og velferdstenester generelt, seier Horn.

Fann att asylantar i rusmiljøet

For einslege mindreårige asylantar vil regjeringa gjere ei ny vurdering av behovet for vern når tenåringen vert 18 år. Då kan dei bli sende ut av Noreg.

Bergen gjorde eit forsøk på ei slik ordning fram til 2011. Der forsvann fleire tenåringar like før dei fylte 18 år.

– At dei visste at dei kanskje måtte ut av landet då dei vart 18 år, det gjorde det i alle fall ikkje lettare for våre fagfolk som arbeidde med integreringa å klare å møte desse på ein god måte, seier Horn.

Han seier erfaringane ikkje er gode for Bergen sin del.

– Ein del av dei fann vi att i det tunge rusmiljøet i Nygårdsparken. Denne

Geir Lippestad (Ap)

UROA: Geir Lippestad (Ap) meiner langvarig venting hindrar integrering.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

ventetida for einslege mindreårige er absolutt ikkje god, seier han.

Byrået i Oslo er og uroa over at kommunane vert sitjande att med rekninga som følgje av innstramminga i asylpolitikken og forslaga frå innvandringsminister Sylvi Listhaug.

Næringsbyråd, Geir Lippestad (Ap), er også uroa over kva dette vil gjere med dei som sit og ventar på svar på søknaden sin.

– Både barn og unge som må vente i mange år før dei får avklart om dei får bli verande, men også vaksne og familiar, vert vanskelegare å integrere.

– Må vere strenge

Statssekretær i Justisdepartementet Marit Berger Røsland (H) seier regelverket må bli strengare.

– Det er ingen tvil om at det å vere på mellombels opphald har nokre negative følgjer. Men det må vi vege opp mot det vi no ser skjer, nemleg at barn vert sende på farlege reiser til Europa. Dette er ei stor utfordring, og vi må stramme inn vårt regelverk for hindre at det held fram slik som no.

At kostnadane vert skuva over på kommunane vedgår ho ikkje var planen.

– Det vil vi kome attende til i lovforslaget om korleis det vil påverke kommunesektoren.

AKTUELT NÅ