Hopp til innhold

Skepsisen til EU aukar

Under ein av tre ville ha røysta for norsk EU-medlemskap i dag, viser ei ny meiningsmåling som Norstat har gjort for NRK.

Heming Olaussen

Heming Olaussen er leiar i Nei til EU.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Paal Frisvold

Paal Frisvold i Europabevegelsen meiner EU er skapt for å takle slike kriser som Europa opplever no.

Foto: Pressebilde

55 prosent seier nei, 32,3 prosent seier ja og 12,7 prosent seier dei ikkje veit kva meiner.

- Vi opplever at stadig fleire blir skeptiske til norsk medlemskap i EU, og det er klart at folk er veldig opptekne av det som skjer i Europa no, seier leiar av organisasjonen Nei til EU, Heming Olaussen.

Han synest det er logisk at folk reagerer med å vere takknemlege for at Noreg ikkje er med i euro-samarbeidet. Samstundes har folk stor sympati med dei som misser jobbane sine som følgje av denne krisa, seier han.

Se video:

Video Nei siden frem

Klikk på bildet for å se video.

Leiar i Europabevegelsen, Pål Frisvold, er ikkje overraska over resultatet av meiningsmålinga, sett på bakgrunn av at det er ei kritisk tid for verdsøkonomien og eurosona.

Men Frisvold meiner det ikkje er kritisk for EU som prosjekt.

- Det er nettopp slike kriser EU er skapt for å løyse, seier han.

LES OGSÅ: Flere i Frp er positive til EU

LES OGSÅ: Nei til EU vokser

LES OGSÅ: Trygve Nordby til Europabevegelsen

LES OGSÅ: EU-tilhengernes oppslutning øker

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger