Hopp til innhold

Skattelistene: Dette er Noregs rikaste

Øvst på lista er laksearvingen Gustav Magnar Witzøe. Han er dermed den personen som bidreg mest til felleskassa.

Gustav Magnar Witzøe

Gustav Magnar Witzøe har klatra seg opp til første plass over landets rikaste, ifølge skattelistene.

Foto: Frode Hansen / VG

Salmar-arvingen og modell Gustav Magnar Witzøe (f. 1993) var på andre plass på skattelista for 2020, med ein formue på nesten 7,65 milliardar kroner. I fjor hadde han ein nettoformue på 19.796.945.007 kroner.

Han er dermed også på topp på formueslista for dei under 30 år.

Kjell Inge Røkke

Eigar av investeringsselskapet Aker, Kjell Inge Røkke. Aker ASA gjer investeringar innan mellom anna olje og gass, fornybar energi og ulike typar teknologi.

Foto: Anne Skifjeld / NRK

Witzøe bidrog mest til statskassa i fjor, med heile 551.393.215 kroner i skatt.

Aker-eigar Kjell Inge Røkke som i år flytta til Sveits, kjem på andre plass. I fjor hadde han ein formue på nesten 18 milliardar, og betalte over 181 millionar i skatt.

Etter Røkke kjem Oljefond-sjef Nicolai Tangen, som står på same plass som i fjor, sjølv om nettoformuen er redusert med nesten 500 millionar.

Norges Bank Investment Management om ny handlingsplan for klima

Oljefond-sjef Nicolai Tangen.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Han betalte 66 millionar i skatt i fjor, og hadde ei nettoinntekt på 0 kroner, ifølge skattelistene.

Dei første kvinnene på lista er søstrene og Ferd-arvingane Alexandra Gamlemshaug Andresen (f. 1996) og Katharina Gamlemshaug Andresen (f. 1995).

Dei er høvesvis nummer seks og nummer 7 på lista. Begge har ein formue på nesten 5 milliardar. Av dei to søstrene var det Alexandra som betalte mest skatt i 2021.

Skattelistene viser ikkje heile sanninga når det kjem til kven som er dei rikaste i Noreg (sjå faktaboks).

Johan H. Andresen og døtrene Katharina G. Andresen og Alexandra G. Andresen

Styreleiar i Ferd AS, Johan Henrik Andresen (f. 1961), og døtrene Katharina G. Andresen og Alexandra G. Andresen er femte og sjette generasjon eigarar i familieselskapet Ferd. Johan blir av og til omtala som «tobakksarvingen», då familien tidlegare eigde Tiedemanns Tobaksfabrik. Dei selde seg ut av tobakksindustrien i 2005.

Foto: Dag Knudsen / Pressebilde

Til dømes betalte dei 20 rikaste personane i Noreg, ifølge Kapital si oversikt, totalt 992.130.127 kroner i skatt i 2021.

Det er over 184 millionar kroner mindre enn dei fire personane som betalar mest skatt i Noreg, syner skattelistene.

Dei 20 rikaste nordmennene har ein nettoformue på tilsaman 41 milliardar kroner, ifølge skattelistene. Ser ein på Kapital si oversikt, har Noregs rikaste mann, John Fredriksen, åleine 124 milliardar i formue.

Her er dei med høgast nettoformue

Plass Navn Fødselsår Kommune Formue
1. gustav magnar witzøe 1993 Frøya 19 796 945 077
2. kjell inge røkke 1958 Asker 17 841 930 790
3. nicolai tangen 1966 Oslo 7 613 329 963
4. odd reitan 1951 Trondheim 6 211 776 451
5. johan johannson 1967 Oslo 5 825 705 306
6. alexandra gamlemshaug andresen 1996 Moss 4 939 984 145
7. katharina gamlemshaug andresen 1995 Oslo 4 911 511 920
8. magnus reitan 1975 Oslo 4 870 204 703
9. ole robert reitan 1971 Oslo 4 765 662 497
10. else helene sundt 1979 Oslo 4 031 150 873
11. edgar haugen 1965 Oslo 3 499 519 319
12. trond mohn 1943 Bergen 3 132 786 131
13. ivar erik tollefsen 1961 Bærum 3 038 263 330
14. rannfrid rasmussen 1935 Kristiansand 2 686 651 175
15. erik christian must 1973 Bærum 2 560 403 553

Les også Så mye skattet de rike utflytterne i 2021

Kjell Inge Røkke, Kristoffer Reitan, Hans Jacob Sundby

Oppover for daglegvarekonsern

Med ein nettoformue på over 6 milliardar står Rema 1000-gründer og eigar av Reitan-gruppa Odd Reitan (f 1951) er fjerde på lista. Med det har han klatra to steg på lista frå 2020.

Han er nummer to på Kapital si liste over landets rikaste.

Odd Reitan på Briannia Hotell

Odd Reitan i 2019.

Foto: Helene Solheim / NRK

Det siste året har formuen hans auka 25 prosent. Han er Noregs skatteytar nummer to, ifølge skattelistene. I fjor betalte han 218.991.715 kroner i skatt.

Johan Johannson (f. 1967) eig 74 prosent av aksjane i daglegvarekonsernet Norgesgruppen saman med familien. Han er nummer fem på lista, slik som i fjor.

I 2020 hadde han over 6 milliardar, i 2021 hadde han omtrent 5,8 milliardar i nettoformue.

Johannson betalte rundt 51,7 millionar i skatt i fjor, som tilsvarar 41.-plass på skattelista. Han hadde ei inntekt på nesten 5,5 millionar.

Nokon plassar ned, kjem sønene til Odd Reitan, Magnus Reitan (f. 1975) og Ole Robert Reitan (f. 1971).

Magnus (t.v.) og Ole Robert Reitan ankommer NHOs middag etter årskonferansen i Oslo Spektrum torsdag.

Magnus (t.v.) og Ole Robert Reitan på veg inn til middagen etter NHOs årskonferanse i år.

Foto: Javad Parsa / NTB

Magnus er administrerande direktør i Reitan Kapital AS, og Ole Robert er administrerande direktør i Reitan Retail AS. Brørne sitt bidrag til statskassa landa på tilsaman over 401 millionar kroner i skatt.

Skattelistene: Desse betalte mest skatt

Plass Navn Fødselsår Kommune Skatt
1. gustav magnar witzøe 1993 Frøya 551 393 215
2. odd reitan 1951 Trondheim 218 991 715
3. bjørn rune gjelsten 1956 Oslo 205 118 740
4. magnus reitan 1975 Oslo 200 997 666
5. ole robert reitan 1971 Oslo 200 612 254
6. alexandra gamlemshaug andresen 1996 Moss 195 698 755
7. else helene sundt 1979 Oslo 191 905 651
8. kjell inge røkke 1958 Asker 181 083 757
9. karl johan lier 1960 Sveio 171 855 233
10. edgar haugen 1965 Oslo 167 930 154
11. tor øivind fjeld 1979 Oslo 132 535 141
12. katharina gamlemshaug andresen 1995 Oslo 117 469 688
13. kjell blakseth 1955 Tønsberg 112 342 374
14. kristoffer daniel norambuena 1990 Indre Østfold 111 612 833
15. erik christian must 1973 Bærum 100 985 130

Noregs rikaste kvinne

Etter Reitan-brørne kjem den tredje kvinna på lista, Else Helene Sundt (f. 1979), på ein 10.-plass. Ho har ein nettoformue på 4.031.150.873 kroner, ifølge skattelistene.

Else Helene Sundt

Eigar og styrleiar i Sundt AS, Else Helene Sundt.

Foto: Pressebilde / Sundt AS

Sundt er eigar og styremedlem i Sundt AS, og gjennom selskapet sit ho saman med bror sin Christian eigardelar i hotellselskapet Pandos, Eiendomspar og flyselskapet Norwegian.

På inntektslista er ho nummer fire, med ei inntekt på opp mot 504 millionar kroner.

Ifølge Kapital si liste over landets 400 rikaste, er Sundt den rikaste kvinna i Noreg. Der står ho på 29.-plass.

Samtidig er ho nummer sju på skattelistene si liste over kven som betalar mest skatt.

Skattelistene: Desse tente mest

Plass Navn Fødselsår Kommune Inntekt
1. gustav magnar witzøe 1993 Frøya 1 207 825 884
2. bjørn rune gjelsten 1956 Oslo 584 366 401
3. odd reitan 1951 Trondheim 524 017 400
4. else helene sundt 1979 Oslo 503 829 215
5. ole robert reitan 1971 Oslo 503 169 098
6. magnus reitan 1975 Oslo 501 104 905
7. kristoffer daniel norambuena 1990 Indre Østfold 483 838 590
8. alexandra gamlemshaug andresen 1996 Moss 482 672 538
9. edgar haugen 1965 Oslo 430 694 218
10. karl johan lier 1960 Sveio 370 789 032
11. tor øivind fjeld 1979 Oslo 352 331 768
12. kjell blakseth 1955 Tønsberg 350 172 117
13. thage patrik thomas hilde 1966 Bærum 281 739 291
14. sigurd marius skaugen 1958 Oslo 272 363 992
15. tom eide-knudsen 1959 Fjaler 268 436 177

Her kan du lesa oversikta over fjorårets skatteliste:

Les også Skattelistene: Dette er Norges rikeste

Kjell Inge Røkke på Paretos energikonferanse 2020

AKTUELT NÅ