Hopp til innhold

Må ta asbest-pause etter to timar i Regjeringskvartalet

På grunn av farleg asbest må arbeidarane i Regjeringskvartalet ta pause etter to timars arbeid i området. I juni skal Statsbygg vera ferdige med oppryddingsarbeidet.

Video Tettar holet etter bomba i Regjeringskvartalet

Krateret etter bomba i Regjeringskvartalet er rundt 5x5 meter stort og går 7-8 meter ned under bakkenivå. No skal det tettast.

Krateret etter bombeeksplosjonen 22.juli ligg framleis som eit ope sår utanfor Høgblokka i Regjeringskvartalet i Oslo sentrum. I dag inviterte Statsbygg media på ei synfaring i området, som fekk store skadar under eksplosjonen.

På byggjeplassen er arbeidarane i full sving med å rydda ut samanrasa sement og øydelagt armeringsjern. I blå overtrekksdressar og med masker, trillande på oransje trillebårer, går dei inn og ut av den stillas-omringa Høgblokka.

Det omstendelege verneutstyret skal beskytta mot asbestfiber, som blei spreidd frå eternittplater som blei skadde i terroråtaket.

– På grunn av farleg asbest må oppryddingsarbeidarane gå ut og ta seg ein pause etter å ha jobba i bygningane i to timar, fortel Alf Weiby i kommunikasjonsstaben til Statsbygg.

Oppryddingsarbeid i Regjeringskvartalet

Arbeidarar med verneutstyr mot farleg asbestfiber i Regjeringskvartalet.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Skal tetta bombeholet

I tillegg til Statsministerens kontor (SMK) og Departementenes Servicesenter, husar Regjeringskvartalet 14 av totalt 17 departement. Området har eit tomteareal på 41.000 kvadratmeter.

Til no er det brukt 300 millionar kroner på rydde- og saneringsarbeid og rehabilitering av dei mindre skadde bygningane, ifølgje Statsbygg.

Krateret etter bomba måler om lag 5x5 meter og går 7-8 meter under jorda, gjennom den underjordiske tunnelen og ned i eit garasjeanlegg få meter unna vaktsentralen.

No skal bombeholet tettast.

– Først skal me riva ned dei delane av dekket som er skadde, så skal me byggja det opp att, omtrent som det var, fortel byggjeleiaren for Høgblokka, Frode Steinsvik.

Ifølgje Steinsvik er det fleire årsaker til at dei no vil sy saman bombesåret.

– Me ønskjer å ta i bruk området over, uavhengig av om bygningane skal rivast eller om dei skal byggjast opp att. Me er avhengige av plassen oppå her dersom me skal kunne stå på. Dessutan ønskjer dei som jobbar her å kunna ta i bruk garasjeanlegget under, fortel byggjeleiaren.

Høyblokka etter bomben (23. juli 2011)

Slik såg Høgblokka og området rundt ut den 23.juli fjor.

Foto: Kripos / Scanpix

Vil stå tomt

Før 22.juli nytta hundrevis av tilsette det underjordiske tunnelsystemet dagleg, blant anna til interne postleveransar. Frå tid til anna har også statsministeren og statsrådar teke i bruk kulverten for å koma seg frå eitt bygg til eit anna.

Bomba eksploderte på ein fredag ettermiddag midt i fellesferien. Hadde åtaket skjedd på ein dag med full bemanning, ville utfallet truleg ha vore endå verre.

Regjeringa har utsett avgjerda om kva som skal skje med Regjeringskvartalet til 2013. Spørsmålet er om ein skal reparera og ta vare på bygningane, om ein skal riva og byggja nytt, eller om ein skal gå for ei mellomløysing.

Oppryddingsarbeidet skal derimot vera unnagjort i juni i år. Dermed vil dei ferdigsanerte bygga stå tomme i minst eitt år, medan administrasjonsminister Rigmor Aasrud (Ap) og regjeringa avgjer den endelege lagnaden.

AKTUELT NÅ