Hopp til innhold

Norsk Spitfire naudlanda i 1944 – no er målet å få det på vengene igjen

29. desember 1944 naudlanda eit norsk Spitfire-fly på ei mark ved Tubbergen i Nederland. Den norske Spitfire-foreininga håpar at flyet snart skal førast tilbake til flygande stand.

Spitfire under flyshow.

Det er eit Spitfire jagarfly som no skal tilbake til gammal prakt. Dette er ein annan Spitfire under eit flyshow i 2017.

Foto: Eirik Østensjo

Lars Ness, leiar i Norwegian Spitfire Foundation , fortel til NRK at målet er at flyet, ein Spitfire PL 258, skal byggjast opp igjen til flygande stand, slik at det blir eit levande symbol på Noregs og Europas kamp for fridomen under andre verdskrigen.

Det var fenrik Carl Jacob Stousland som sat bak spakane på Spitfiren denne romjulsdagen i 1944. Like før naudlandinga skaut Stousland ned ein tysk Focke Wulf 190. Årsaka til naudlandinga var at han ved eit uhell kolliderte med flyet han opererte saman med.

Tok vare på flydelane

Del av Spitfire.

Dekselet over bensintanken på flyet vart brukt som del av eit hundehus på ein gard like ved der flyet naudlanda i desember 1944.

Foto: Norwegian Spitfire Foundation

Flyet var intakt etter naudlandinga, og det vart liggjande meir eller mindre utan vakthald. Lokale bønder og seinare private samlarar tok vare på flydelane.

Fenrik Stousland var den norske jagarflygaren som hadde den lengste flukta gjennom fiendtleg territorium under andre verdskrigen.

Norwegian Spitfire Foundation eig no restane av jagarflyet, og desse restane skal danne grunnlaget for restaureringsprosjektet.

– Dei fleste veteranane er borte, og mange har slite med å snakke om det dei opplevde. Dei har hatt psykiske problem og alkoholproblem – det er trass alt krig vi snakkar om. Derfor meiner vi det er viktig å hjelpe til med å formidle det som skjedde, seier Lars Ness til NRK.

Teikning av Spitfire PL 258.

Slik er det meininga at flyet skal sjå ut når det er ferdig restaurert.

Foto: Norwegian Spitfire Foundation

– For lite heider og ære

Han meiner at dei norske flymannskapa under krigen aldri har fått den heider og ære dei fortener for innsatsen dei gjorde. Han trur at det å ha ein Spitfire i lufta har eit sterkt formidlingspotensial.

– Det er ein heilt ny måte å tenkje formidling på. Spitfire var ein av dei viktigaste flytypane, og det var den flytypen det norske luftforsvaret hadde då det vart etablert i 1944. Dette har i stor grad blitt gløymt, seier han.

Ness minner om at dei norske jagarflygarane hadde dei høgste prosentmessige tapstala av alle norske soldatar under krigen. Han fortel at dei norske flygarane vart utdanna i Little Norway i Canada, og dei opererte i hovudsak frå England.

Del av Spitfire.

Ein del av Spitfire-jagarflyet som no skal restaurerast.

Foto: Norwegian Spitfire Foundation

Gjenoppbygging i England

Flyet som no skal restaurerast vart levert nytt til 331-skvadronen 24. juli 1944. Det blir kalkulert med at det vil koste rundt 25–30 millionar kroner å sette det i stand. Sjølve arbeidet med å byggje opp igjen flyet skal skje hos Aircraft Restoration Company i England, som har lang erfaring med liknande prosjekt.

Torsdag 17. oktober skal Norwegian Spitfire Foundation presentere planane for restaureringa av det norske Spitfire-flyet i fanehallen på Akershus festning. Blant gjestene er forsvarsminister Frank Bakke-Jensen saman med flyekspertar frå inn- og utland, blant anna frå britiske Royal Air Force.

Blant dei som deltek er Carl Stousland, sonen til fenrik Carl Jacob Stousland.

AKTUELT NÅ