Hopp til innhold

Sjukepleiarforbundet: – Vi føler oss ikkje som forsøkskaninar

Sjukepleiarforbundet vil oppmoda sjukepleiarane om å ta AstraZeneca dersom vaksinen får grønt lys frå styresmaktene igjen.

Leder i Norsk Sykepleierforbund, Lill Sverresdatter Larsen foran Universitetssykehuset Nord-Norge.

Leiaren i Norsk Sykepleierforbund, Lill Sverresdatter Larsen, vil halda fram med å anbefala AstraZeneca-vaksinen til sjukepleiarar.

Foto: Jørn Inge Johansen

I går blei det kjend at tre helsearbeidarar er innlagde på Oslo universitetssykehus (OUS) med blodpropp, og at Legemiddelverket ser om blodproppane har samanheng med AstraZeneca-vaksinering.

– Det er sjølvsagt alvorleg for dei det gjeld, seier Lill Sverresdatter Larsen, leiar i Norsk Sykepleierforbund (NSF).

Ho meiner likevel at hendinga viser at kvalitetssystema knytt til koronavaksinane fungerer.

– Det er jo heilt riktig at FHI har stoppa vaksinen, og at dei sjølvsagt undersøker om det er ein samanheng, eller om det er tilfeldig.

Då nyheita kom i går, blei legevaktar over heile landet ringde ned.

Legevakta i Trondheim

STOR PÅGANG: Legevakten i Trondheim måtte kalla inn ekstra folk for å svara på alle telefonane.

Foto: Erland Knutsen / NRK

– Sjukepleiarane er også urolege

Leiaren i NSF fortel at også ho har fått bekymringsmeldingar det siste døgnet.

– Det er klart at også sjukepleiarane er urolege. Det er stort sett helsepersonell som har fått tilbodet om AstraZeneca i denne perioden. Dei ventar spent på det resultatet som Legemiddelverket finn, seier ho.

Sverresdatter Larsen legg til at det internasjonalt ikkje er nokre teikn som tyder på at det er ein samanheng mellom AstraZeneca-vaksinen og blodpropp som biverknad.

Hallvard Sandberg om sammenhengen mellom AstraZeneca og blodpropp.

Hallvard Sandberg om samanhengen mellom AstraZeneca og blodpropp.

– Men når det er slike alvorlege tilfelle, så må det sjølvsagt følgast opp, seier ho.

– Alle vaksinane kan ha lette biverknader, med det er klart at det er ein skilnad mellom lette biverknader og litt feber, og sånn som det er med dei tre som er innlagde no.

NSF meiner det kan sjå ut som AstraZeneca gir meir biverknader ved første dose, men at Pfizer-vaksinen har gitt meir biverknader ved andre dose.

NRK forklarer

Kan man få blodpropp av AstraZeneca-vaksinen?

Det vet man ikke sikkert, men...

...norske forskere ved Oslo universitetssykehus (OUS) mener de har funnet en sammenheng mellom AstraZeneca-vaksinen og en sjelden kombinasjon av et lavt antall blodplater, blødning og blodpropp. 

Vaksinen kan ha ført til en kraftig imunrespons. Hva betyr det?

Immunsystemet vårt hjelper oss å bekjempe virus og bakterier i kroppen. Av og til kan immunforsvaret overreagere og utløse kraftige betennelsesreaksjoner. De norske forskerne mistenker at noen har reagert slik på vaksinen, noe som igjen har ført til de sjeldne sykdomsbildene. 

Hva er blodpropp?

Blodpropp betyr at blodet levrer seg lettere og blokkerer normal sirkulasjon. Årlig blir mellom 5000–6000 pasienter innlagt med blodpropp på norske sykehus.

 

«Nedsatte blodplater i blodet», hva betyr det?

Blodet består av blodvæske, røde og hvite blodlegemer og blodplater. Blodplatene er viktige for blodets evne til å levre seg.
 

Flere av pasientene har hatt et lavt antall blodplater i blodet, noe som vanligvis gir motsatt problem av blodpropp, nemlig blødning. Tegn på blødning kan være blåmerker, at man blør i tannkjøttet når man pusser tenner eller punktformede blødninger i huden, spesielt på beina.

Hvor mange er døde?

Søndag 21. mars er tre personer er døde etter å ha vært innlagt på sykehus med det sjeldne sykdomsbildet. Alle var under 55 år. 

 

I Tynset kommune døde en helsearbeider i 30-årene med et annerledes sykdomsbilde. Det undersøkes om også dette sykdomsbildet kan ha hatt en sammenheng med vaksinen.

Hvor mange er alvorlig syke?

Søndag 21. mars er to vaksinerte personer innlagt på Oslo universitetssykehus med den sjeldne kombinasjon av lave blodplater, blødning og blodpropp. 

 

Det er satt 121.820 doser med AstraZeneca i Norge, 17 millioner er vaksinert globalt. 

Man kan få blodpropp av covid-19

Koronaviruset trigger også en sterk immunreaksjon, slik forskerne mistenker at AstraZeneca-vaksinen har gjort for noen pasienter. Det er denne reaksjonen som gjør at en del koronasmittede får et alvorlig sykdomsforløp. Observasjoner viser at pasienter med alvorlig covid-19-sykdom er spesielt utsatt for å få blodpropp.

EMA gir vaksinen grønt lys

Det europeiske legemiddelbyrået (EMA) konkluderte torsdag 18. mars med at en sammenheng mellom blodproppene og vaksinen ikke kan utelukkes, men at nytten er større enn risikoen. Flere land tok etter dette i bruk AstraZeneca-vaksinen igjen, mens Norge avventer. 

Har du fått AstraZeneca-vaksinen? Dette må du følge med på

Føler seg ikkje som forsøkskaninar

I februar gjekk NSF ut og bad FHI revurdera AstraZeneca-vaksinen til helsepersonell, men leiaren i forbundet seier at dei ikkje kjenner seg som forsøkskaninar.

– Vi gjer ikkje det. Grunnen til at vi bad om ei revurdering då, var på bakgrunn av dei dataa som sa noko om smittereduksjonen på AstraZeneca, samanlikna med Pfeizer-vaksinen, eller mRNA-vaksinane, seier ho.

AstraZeneca

Dei aller første dosane (36.000 dosar) av AstraZeneca-vaksinen vil bli gitt til helsepersonell.

Foto: Joel Saget / AFP

NSF-leiaren vil framleis anbefala AstraZeneca-vaksinen om Legemiddelverket ikkje finn nokon samanheng, og at dei gjer ei avgjerd på å byrja å rulla vaksinane ut igjen.

– Det er ein god vaksine sånn som det står fram utifrå dagens forskingsresultat, seier ho.

– Må få nok informasjon

Lill Sverresdatter Larsen meiner at helsemyndigheitene må gjera akkurat slik som dei gjer no for å halda på vaksinetilliten.

– Dei må stoppa opp vaksineutrullinga, undersøka om det er eit tilfelle, eller om det er ein samanheng. Og så må dei undersøka om det er ein batch det kan vera noko gale med. Om det er slik, så betyr ikkje det at det er noko gale med alle vaksinane.

I og med sjukepleiarane også har ein rådgjevande funksjon for pasientane sine, meiner NSF-leiaren at det er avgjerande at sjukepleiarane får nok informasjon.

– Dei er nøydde til å både få nok informasjon til å føla seg trygge til å kunna setja vaksinen på andre, og kunna informera andre om verknad og eventuelle biverknader. Ikkje minst må dei også kunna følgja opp eventuelle biverknader på ein god måte, seier ho.

Er ikkje redde for svekkja tillit

Vaksinekoordinator for AstraZeneca-vaksinen i Sverige og Noreg, Richard Bergström, er ikkje redd for at støyen rundt vaksinen skal svekkja tilliten til AstraZeneca eller vaksinasjonen generelt.

– Eg håpar folk har forståing for at vaksineutvikling ikkje er enkelt. Det tar vanlegvis mange år og det er eit stort steg frå laboratoriet til masseproduksjon. Det at myndigheitene tar pausar når det dukkar opp mistenkte biverknader, trur eg kan bidra til å auka tilliten til vaksinane. Folk forstår at dette ikkje er noko ein hastar fram, men at ein tar det på alvor.

Richard Bergström

Vaksinekoordinator for AstraZeneca-vaksinen i Noreg og Sverige, Richard Bergström.

Foto: LOKMAN GHORBANI / NRK

Også Europeiske helsemyndigheiter granskar no det mistenkte sambandet mellom blodpropp og AstraZeneca-vaksinen.

Bergström vil ikkje spekulera i kva som blir konsekvensen dersom ein vel å fjerna AstraZeneca frå vaksineprogrammet.

– Generelt kan eg seia at vaksinasjonstakta blir påverka om ein av vaksinane forsvinn heilt. Men vi har ikkje lagt alle egga i ei korg, og har satsa på alle vaksinar som kjem. EU har kontraktar på 3 milliardar dosar. Dei fleste av dei kjem seinare og blir bra å ha på lager til ein eventuelt treng påfyll av vaksinerte.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ