– Når det varselet om fare for liv og helse kom, så er tvungen lønnsnemnd alternativet som låg over oss. Vi har valt å ta styringa på det sjølv, og har gjort ein avtale med Spekter om ei frivillig nemnd i staden for, seier leiar i Sjukepleiarforbundet Lill Sverresdatter Larsen til NRK.
Ho fortel at dei fekk varselet om fare for liv og helse fordi ei sjukepleiarvakt i ein særskilt funksjon ved Oslo universitetssjukehus ikkje ville bli fylt klokka 16 onsdag.
Tvungen lønnsnemnd ville blitt innført frå det tidspunktet, men løysinga blei altså heller ei frivillig lønnsnemnd.
– Vi er nøgde med at vi har fått med oss arbeidsgivar på ei frivillig nemnd som vi i noka større grad kan påverka, enn ei tvungen lønnsnemnd, seier Sverresdatter Larsen.
Ho understrekar at streikeviljen hjå medlemane framleis var stor, men at Unio måtte ta ansvar når tvungen lønnsnemnd var det einaste alternativet som låg på bordet.
– Og så er det ikkje prøvd før, så det skal i alle fall ikkje vera nokon som kjem og seier at vi ikkje har prøvd alt.
Fornøgde
Også Spekter og helseføretaka er nøgde med å ha kome til semje med Unio om at lønnsoppgjeret for Unio sine medlem i sjukehusa skal løysast med ei frivillig nemndbehandling.
Spekter sin administrerande direktør, Anne-Kari Bratten, meiner det er bra at drifta på sjukehusa og tilbodet til pasientane no kan normaliserast.
Anne-Kari Bratten, administrerande direktør i Spekter.
Foto: Thomas T. Kleiven / Thomas T. Kleiven– Eg er fornøgd med at Unio og Spekter etter opne og tillitsfulle forhandlingar blei einige om denne løysinga. Unio sine medlem representerer svært viktig kompetanse både no, og i åra framover, seier Bratten.
Frivillig lønnsnemnd
Ei frivillig lønnsnemnd blir sett saman av tre nøytrale medlem oppnemnde av Riksmeklaren, to medlem oppnemnde av Unio og to medlem oppnemnde av Spekter.
– Det er partane som er ansvarlege for å finna ei løysing på arbeidskonfliktar. Difor er det bra at dei ha kome til ei frivillig løysing, seier arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.
Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen.
Foto: Camilla Helen Heiervang / NRKDepartementet stadfestar at dei tysdag kveld fekk eit varsel frå Statens helsetilsyn om at det ville oppstå fare for liv og helse frå klokka 16 onsdag ettermiddag.
Statsråden kalla difor inn til eit uformelt møte onsdag morgon der partane blei informerte om dette. Partane blei deretter einige om frivillig nemndløysing.