Hopp til innhold

Sjukehus må utsetje operasjonar

Over halvparten av sjukehusa som er ramma av streik, har utsett operasjonar fordi det ikkje er nok folk på jobb.

Ahus

Ahus er eitt av sjukehusa som er ramma av streik.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Dette går fram av ein telefonrunde NRK har gjort til dei ni sjukehuset som er tekne ut i streik.

Kommunikasjonsdirektør ved Akershus Universitetssjukehus, Geir Lindhjem, seier seg lei for at streiken går ut over pasientane.

Han fortel at dei i måtte utsetje 22 planlagde operasjonar ved sjukehuset. 950 tilsette ved ni sjukehuset deltek i streiken.

LES OGSÅ: 30.000 nye blir tatt ut i streik

Fem av dei ni sjukehusa har utsett operasjonar som følgje av konflikten i sjukehussektoren.

Forhandlingsleiar i UNIO/Spekter Lisbeth Nordmann beklagar dette, men seier at slik vert det når krava deira om likelønn ikkje vert møtte.

Ei mogleg opptrapping av streiken førstkomande onsdag skjer ved dei helseføretaka som alt er råka av streiken.

Det er: Akershus universitetssjukehus (Ahus), Helse Bergen, Helse Stavanger, Nordlandsskukehuset, Oslo universitetssjukehus, St. Olavs hospital, Sykehuset Østfold, Sørlandet sjukehus og Universitetssjukehuset Nord-Norge.

Sjukehusa seier dei tek kontakt med dei pasientane som ikkje vert operert, og at pasientar som ikkje høyrer noko må møte som planlagt.

LES OGSÅ: – Ikke fare for liv og helse ved sykehusene

LES OGSÅ: – De store streikenes tid er forbi

LES OGSÅ: Streiken rammar Victoria hardt

AKTUELT NÅ