NRK Meny
Normal

– Dei er først og framst ute etter klientane

Overvakingsekspert Ketil Lund meiner eit fortruleg advokatforhold har lite å seie opp mot omsynet for nasjonal tryggleik.

Ketil Lund og Finn Sjue

Ketil Lund og Finn Sjue er to av mentorane i Noreg når det gjeld overvaking. Dei er ikkje overraska dersom amerikanarane overvaker norske advokatar.

Foto: NRK/NTB Scanpix

I løpet av dei siste dagane er det kome fram at to norske toppadvokatar hevdar seg overvaka av amerikanske styresmakter. John Christian Elden seier han har fått ein Facebook-samtale kartlagt, medan Brynjar Meling seier at han har blitt telefonavlytta.

Dette kjem fram i lyset kort tid etter at Edward Snowden varsla om korleis etterretningstenesta NSA driv med omfattande kartlegging av telefon- og internettrafikk.

– Ute etter klientane

Leiaren for Lundkommisjonen, Ketil Lund, tvilar ikkje på at amerikanarane har ressursar til å overvake norske advokatar, men han trur hovudmålet er klientane.

– Det er ikkje noko i vegen for at amerikanarane har tilgang til å overvaka dei. Spørsmålet er om det er klientane eller om det er advokatane som er overvaka. Det siste er vel mindre sannsynleg enn det første.

Lund seier at etterretningstenester ikkje tek omsyn til teieplikta som eksisterer mellom advokat og klient, så lenge det er snakk om nasjonale tryggingsinteresser.

– Det treng ikkje bety så mykje for advokatsamtalar. I den verda amerikanarane opptrer i går eg ut ifrå at det ikkje er avgrensingar på om denne typen informasjon er fortruleg, seier Lund til NRK.no.

– Dei nye opplysningane som kjem frå USA er illustrerande for kor aggresivt overvakingsstaten er ute etter alle opplysningar om oss, ikkje minst dei enorme mengdene med informasjon me bevisstlaust gir frå oss på nettet og via mobiltelefonar.

Den tidlegare overvakingsgranskaren meiner den nye moderne overvakinga skil seg frå den han sjølv granska på 90-talet.

– Tidlegare måtte overvakingstenesta setje i verk skript for å få tak i opplysningar personar ikkje hadde gitt frå seg frivillig. Dels ved å drive omfattande registrering av personar, og dels med avlytting mot ei rekkje personar. Begge delar vert framleis nytta i dag, seier Lund.

– Meir enn teoretisk mogleg

Avsløringane varslaren Edward Snowden står bak, viser at den militære etterretningstenesta National Security Agency (NSA) i USA har skaffa seg tilgang til opplysningar om telefontrafikken til millionar av amerikanarar og om aktiviteten på serverane til selskap som Microsoft, Google, Facebook, Yahoo, Skype og Apple.

Tidlegare journalistikkprofessor Finn Sjue er heller ikkje overraska over at dette også gjeld nordmenn.

– Det er ingen grunn til å tru at det er utelukkande snakk om amerikanske borgarar. Tvert i mot kan det ha vore lettare for amerikanske styresmakter å hente inn samtalar frå borgarar i andre land. Sannsynet for at advokatar har blitt overvaka er meir enn ein teoretisk moglegheit. Eg har jobba med dette i 30 år, så eg meiner eg veit kva eg snakkar om.

Sjue gav i 2007 ut boka «Overvåket» saman med Ronald Bye. Denne boka er ein omfattande kartlegging av overvakinga som har skjedd i Noreg. Han trur det kan vere lettare å overvake kommunikasjonen til personar utanfor USA.

– Eg er ikkje overraska i det heile teke. Dette har vore «business as usual» frå NSA i mange år. At dei flyttar merksemda til mektige og viktige sosiale media så undrar det meg i det heile ikkje.

– Det er eit mylder av amerikanske overvakingstenester. I denne samanhengen er det NSA som er spesielt interessante. Dei står bak eit stort internasjonalt samarbeid for global overvaking, og har etter kvart utvikla seg til å bli svært teknisk avansert.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger