Hopp til innhold

Sju omkomne syklistar på to månader

I løpet av dei siste to månadene har sju syklistar omkome i trafikken. – Tilrettelegginga går for treigt, hevdar Trygg Trafikk.

Vanskelige forhold for syklister

Norges Cykleforbund meiner styresmaktene må tilrettelegge betre for syklistar for å unngå ulukker. Her prøver ein syklist å ta seg fram i den krevjande Oslo-trafikken.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

I 2012 var det fire syklistar som omkom i trafikken i løpet av dei seks første månadane. I år har dette talet nesten dobla seg, til sju omkomne. Alle desse dødsfalla har skjedd i løpet av dei siste to månadane.

Desse syklistane måtte bøte med livet:

  • 28. april, gut (11), påkøyrsel i Rakkestad
  • 9. mai, mann (54), påkøyrsel i Øvre Eiker
  • 14. mai, mann (37), påkøyrsel i Kyrksæterøra
  • 18. mai, mann (69), utforkøyring i Horten
  • 26. mai, mann (63), utforkøyring i Agdenes
  • 1. juni, mann (48), utforkøyring i Bergen
  • 10. juni, mann (40), utforkøyring i Verdal

– Skremmande

Harald Tiedemann Hansen

Harald Tiedemann Hanssen, president i Norges Cykleforbund.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Dette høyrest skremmande ut, seier president Harald Tiedemann Hanssen i Norges Cykleforbund.

– Sju omkomne er definitivt sju for mange.

Hanssen er blitt lei av debatten mellom illsinte bilistar og syklistar, og meiner ein heller bør rette kritikken mot styresmaktene.

– Me må slutte å kjefte og hakke på kvarandre. Det er ikkje vits å leggje skulda på kvarandre, for dette er vegstyresmaktene si oppgåve. Me har tre typar trafikantar, og det er ikkje tilrettelagt ein smidig handtering av desse.

– Kva må bli gjort?

– Syklistar tenkjer ofte at det ikkje går fort, men det går ofte fortare enn ein trur. Bilistane bør bli flinkare til å sjå seg om to gonger, men likevel er det dei mjuke trafikantane som må ta omsyn til at det er oss det går ut over. Men det går på samspel, og det perspektivet saknar eg litt.

– Må gjerast meir

Trygg Trafikk er også bekymra over tala, for dei har sett fleire statistikkar dei siste åra som går i feil retning.

Kristin Øyen, kommunikasjonsjef i Trygg Trafikk

Kristin Øyen, kommunikasjonsjef i Trygg Trafikk.

– Me er bekymra over at dei mjuke trafikantane no utgjer ein større del av dei omkomne enn før, seier kommunikasjonssjef i Trygg Trafikk, Kristin Øyen.

Ho viser til at 23 prosent av dei omkomne i 2012 var mjuke trafikantar, mot eit gjennomsnitt på 17 prosent dei siste fem åra.

– Med andre ord har den store nedgangen i talet på omkomne dei siste to-tre åra i større grad kome bilistane til gode, seier ho.

– Kva bør gjerast for å få tala ned?

– Me meiner det må gjerast meir for å sikre dei mjuke trafikantane. Betre tilrettelegging for sykling, meir bruk av 30-sonar i bysentra og bustadområde, og betre separering av ulike trafikantgrupper i byar og tettstadar, seier Øyen til NRK.no.

– For sakte

Øyen meiner Nasjonal Transportplan vil styrke tryggleiken for syklistane, men ho meiner det går for sakte å setje dei i kraft.

– Me synest det er positivt at styresmaktene ønskjer å auke talet på syklistar i dei største byane. Dette gir færre bilar i trafikken og betre tryggleik for alle. Men for at det ikkje skal føre til fleire drepne eller skadde syklistar må tilrettelegginga bli vesentleg betre enn den er i dag.

AKTUELT NÅ