Sju av ti gir ikkje til tiggarar

68 prosent av oss gir ikkje til tiggarar, viser ei undersøking NRK har gjort. Folk i Telemark gir mest, medan innbyggjarar i Finnmark og Møre og Romsdal gir minst.

Gina Ionescu er romkvinne fra Romania.

Gina Ionescu tiggar for å kunne sende pengar heim til barna i Romania.

Foto: Christensen, Marte / NTB scanpix
Bent Tanstad
Journalist

1000 personar, 500 menn og 500 kvinner, har svart på det enkle spørsmålet: Gir du til tiggarar? 29 prosent svarte ja, medan 68 prosent svarte nei. Tre prosent ville ikkje svare på spørsmålet.

32 prosent av kvinnene svarar at dei gir til tiggarar, mot 25 prosent av mennene. 65 prosent av kvinnene seier eit klart nei til tiggarar, medan 72 prosent av mennene gjer det same, går det fram av undersøkinga, som Norstat har gjort for NRK.

Gir du til tiggere, fordelt på alder og kjønn

 

TOTAL

Mann

Kvinne

Under 30 år

30-39 år

40-49 år

50 år +

Ja

29%

25%

32%

27%

23%

24%

34%

Nei

68%

72%

65%

71%

73%

75%

62%

Usikker/ vet ikke /ønsker ikke svare

3%

3%

3%

2%

3%

1%

4%

Antall respondenter

1000

500

500

242

165

179

415

50 pluss gir mest

Aldersmessig er det også ein del skilnader. I aldersgruppa mellom 30 og 50 år er det færrast som gir til tiggarar. 23 prosent i gruppa 30 og 39 år, medan 24 prosent av dei mellom 40 og 49 seier at dei gir pengar til tiggarar. For dei under 18 år er talet 27 prosent, medan aldersgruppa 50 pluss gir mest. I denne gruppa seier 34 prosent av dei gir til tiggarar.

Tiggar i Oslo.

Det er mange tiggarar som konkurrerer om pengane i Oslo for tida.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

Dersom vi bryt ned tale til å gjelde kvart enkelt fylke er det ein del skilnader. Givargleda er klart minst i Finnmark og Møre og Romsdal. 81 prosent vil ikkje gi til tiggarar i Finnmark. Berre 19 prosent seier dei gir frå seg pengar til tiggarar.

Berre 19 prosent seier dei gir til tiggarar også i Møre og Romsdal. 73 prosent seier nei, medan åtte prosent ikkje ville svare på spørsmålet.

Gir du til tiggere, fordelt på fylke

 

Finnmark

Troms

Nordland

Nord-Trøndelag

Sør-Trøndelag

Møre og Romsdal

Ja

19%

31%

25%

23%

30%

19%

Nei

81%

66%

71%

73%

70%

73%

Usikker/ ønsker ikke svare

0%

4%

4%

4%

0%

8%

Antall respondenter

14

31

50

28

61

50

 

Sogn og Fjordane

Hordaland

Rogaland

Vest-Agder

Aust-Agder

Telemark

Ja

25%

22%

37%

31%

23%

41%

Nei

75%

77%

60%

64%

71%

54%

Usikker/ ønsker ikke svare

0%

1%

3%

5%

7%

5%

Antall respondenter

20

99

87

37

22

32

Vestfold

Buskerud

Oppland

Hedmark

Østfold

Akershus

Oslo

37%

18%

36%

27%

30%

27%

32%

58%

77%

59%

65%

68%

71%

67%

4%

4%

5%

8%

2%

2%

1%

49

52

38

40

55

111

125

Gir i Telemark

Mest positive til å gi pengar til tiggarar er folk i Telemark. 41 prosent av telemarkingane svarar at dei gir til tiggarar, medan 54 prosent seier nei. 37 prosent seier at dei gir til tiggarar i Rogaland og Vestfold.

Så mange svarar at dei gir til tiggarar i dei andre fylka: Troms 31 prosent, Nordland 25 prosent, Nord-Trøndelag 23 prosent, Sør-Trøndelag 30 prosent, Sogn og Fjordane 25 prosent, Hordaland 22 prosent, Vest-Agder 31 prosent, Aust-Agder 23 prosent, Buskerud 18 prosent, Oppland 36 prosent, Hedmark 27 prosent, Østfold 30 prosent, Akershus 27 prosent og Oslo 32 prosent.

Det er også ein del skilnader på tilhengjarar av dei ulike politiske partia her i landet. Arbeidarpartiet sine veljarar ligg svært nær opp til det som er landsgjennomsnittet. 31 prosent seier at dei gir til tiggarar, medan 65 prosent seier nei.

Gir du til tiggere, fordelt på partipreferanse

 

TOTAL

Frp

H

Ap

V

Sp

SV

KrF

Rødt

MDG

Ja

29%

18%

22%

31%

43%

44%

43%

49%

60%

69%

Nei

68%

79%

76%

65%

57%

56%

48%

43%

40%

31%

Usikker/ vet ikke/ ønsker ikke svare

3%

3%

2%

4%

0%

0%

8%

8%

0%

0%

Antall respondenter

1000

73

269

193

43

36

39

43

10

8

Minst i H og Frp

Viljen til å gi til tiggarar er langt mindre i Høgre og Framstegspartiet. I Framstegspartiet svarar 18 prosent av dei gir til tiggarar, medan 79 prosent svarar nei. I Høgre seier 22 prosent at dei gir, medan 76 prosent ikkje gjer det.

Fleste som gir til tiggarar finn vi i minipartia Raudt og Miljøpartiet dei grøne. 60 prosent av Raudt-veljarane og 69 prosent av tilhengjarane av Miljøpartiet dei grøne svarar at dei gir til tiggarar.

43 prosent av dei som røystar på Venstre gir til tiggarar, det gjer også 48 prosent av dei som røystar SV, 44 prosent av Senterparti-veljarane og 49 prosent av KrF-veljarane.

Lite pengar å tene

Ein tiggar NRK har snakka med i Oslo, 25 år gamle Anna frå Romania, fortel at det er lite pengar å tene om dagen. Tigging gir sjeldan meir enn 50 til 100 kroner dagen, nokre dagar ingenting, fortel ho.

Frode Woldsund jobbar med romfolk i Frelsesarmeen.

Frode Woldsund i Frelsesarmeen seier at mange romfolk greier å leve på 50 kroner dagen.

Anna kom til Oslo med buss, og bussbilletten kosta 1000 kroner, kan ho fortelje.

Gina Ionescu kom til Noreg saman med mannen sin for å skaffe pengar slik at dei kan forsørgje dei tre borna sine, som blir tekne hand om av slektningar heime i Romania. Dei tiggar på gata i Oslo . Pengane dei får inn sender dei rett til slektningane i heimlandet, fortel ho.

Gina fortel at dei sjeldan får inn meir enn mellom 100 og 200 kroner i løpet av ein dag.

200 kroner dagen

Dag Woldsund i Frelsesarmeen seier til NRK at rundt 200 kroner er ei vanleg dagsinntekt for tiggarar i Oslo. Han fortel at sidan dei bur ute og brukar berre rundt 50 kroner dag på mat, så greier dei likevel å leggje seg opp litt pengar.

Dei har lite utgifter, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger