Hopp til innhold

Sjømannskyrkje tilpassa ei ny tid

Denne helga skal kronprinsesse Mette-Marit stå for den offisielle opninga av den nye sjømannskyrkja i Florida i USA. Opninga markerer ei ny tid for Sjømannskyrkja.

Den nye norske sjømannskyrkja i Davie i Florida.

Den nye norske sjømannskyrkja i Davie i Florida skal offisielt opnast denne helga.

Foto: Sjømannskyrkja

Sidan 1981 har den norske sjømannskyrkja halde til like ved cruisehamna i Port of Miami, lett tilgjengeleg for dei norske sjøfolka som har arbeidet sitt på dei mange cruiseskipa som har Miami som heimehamn. Her har dei leigd lokale i det norske velferdssenteret Leiv Eiriksson Center.

Flyttar til Davie

Kronprinsesse Mette-Marit.

Kronprinsesse Mette-Marit skal stå for den offisielle opninga av sjømannskyrkja i Davie i Florida.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Den nye kyrkja er flytta til byen Davie, vest for Fort Lauderdale. Dette er midt i eit område der det bur mange nordmenn og andre skandinavar, og det er midt mellom cruisehamnene i Miami og Fort Lauderdale.

– Dette er ein ny type sjømannskyrkje. Vi kallar det eit skandinavisk kyrkjesenter. Filosofien bak er at vi ynskjer mest mogleg aktivitet ved senteret, men det handlar også om økonomi og inntening, seier generalsekretær i Sjømannskyrkja, Audun Myhre til NRK.no på telefonen frå Florida.

Talet på norske sjøfolk i området har gått kraftig ned dei siste åra, medan talet på nordmenn som bur og arbeider i andre næringar er aukande. Denne utviklinga har vore med på å endre måten Sjømannskyrkja tenkjer på. Det er rundt 4000 norske fastbuande i det sørlege Florida.

– Det er viktig for oss å møte andre nordmenn i utlandet på same måten som vi i mange år har møtt norske sjøfolk, seier Audun Myhre.

LES OGSÅ: Stadig fleire nordmenn i trøbbel i utlandet

LES OGSÅ: – Norske born opplever omsorgssvikt i Thailand

Kontorplassar til leige

Generalsekretær i Sjømannskirken, Audun Myhre.

Audun Myhre er generalsekretær i Sjømannskyrkja.

Foto: Øyvind H. Sæthre

I den nye kyrkja er det kapell, leserom, kontor- og fleirbrukslokale, samt bustader for tre familiar. Det er skal vere ein kyrkjeleg, kulturell og sosial møtestad med vigslar, konfirmantundervisning, barne- og ungdomsarbeid og kulturarrangement.

Heilt nytt er det at det er etablert kontorplassar til utleige i senteret. Det kan vere for norske selskap som ynskjer å etablere seg i Florida, og som har behov for kontorlokale.

– Vi må tenkje nytt, vere moderne og framtidsretta i den oppsøkjande verksemda vår. Derfor inviterer vi norske selskap til å leige lokale hos oss, seier generalsekretæren.

– Vi kallar oss for «Scandinavian Church and Center» og skal vere for alle skandinavar. Det er flest svenskar i området, og også ein del danskar og finnar, og vi har fått signal at desse gruppene vil bruke oss, legg Audun Myhre til.

Kongeleg tradisjon

Kyrkja har også namnet H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marits kyrkje. Det er ein tradisjon i Sjømannskyrkja å kalle opp kyrkjene sine etter kongelege, noko som har bakgrunnen sin i at Kongen er Sjømannskyrkja sin høgste beskyttar.

Video Ny sjømannskirke får Mette-Marits navn

VIDEO: Sjå reportasjen frå Laurdagsrevyen 19.11.

Bygginga av det nye senteret starta opp i fjor sommar. Totalkostnaden er på 5.670.000 amerikanske dollar. Størstedelen av summen kjem frå mororganisasjonen i Noreg, men 1,6 millionar dollar blir finansiert gjennom lokal pengeinnsamling.

Mange norske selskap som er etablerte i dette området har gitt pengar til kyrkjesenteret, og som takk har dei fått rom oppkalla etter seg. Til dømes har konserthallen fått namnet Royal Caribbean Cruises Hall.

– Godt innarbeidd namn

Generalsekretær Audun Myhre forsikrar at det ikkje blir aktuelt for Sjømannskyrkja å endre namn, i takt med ei utvikling der det blir stadig færre sjøfolk. Til det er namnet altfor godt innarbeidd, seier han.

Den store opningsfesten starta fredag kveld lokal tid med ein middag for kronprinsesse Mette-Marit. Så frå klokka 11 lokal tid (kl. 17 norsk tid) laurdag er det fullt program med diverse kulturaktivitetar og planting av tuntre.

Så er det vigslingsgudsteneste søndag føremiddag med etterfølgjande kyrkjekaffi, og så «Fest på kjerka» om kvelden.

Den gamle sjømannskyrkja låg like ved cruisehamna i Miami.

Den gamle sjømannskyrkja i Miami ligg like ved cruisehamna.

Foto: Sjømannskyrkja
Den nye sjømannskyrkja i Miami sett frå sida.

Den nye sjømannskyrkja i Davie i Florida er moderne på fleire måtar.

Foto: Sjømannskyrkja

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

AKTUELT NÅ