Hopp til innhold

- Far må få sjølvstendig oppteningsrett

Landsmøtet i Høgre vil styrke rettane far har til å ta ut barselspermisjon, og har vedteke at dei vil endre reglane for sjølvstendig oppteningsrett til permisjonstid.

Far med baby
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Leiar i kvinneforumet til Høgre, Linda Cathrine Hofstad Helleland er nøgd.

Høgres Linda Hofstad Helleland

Høgres Linda Cathrine Hofstad Helleland.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

- Høgre har no fjerna B-stempelet på far som omsorgsperson, seier ho.

Høgre har på landsmøtet vedteke at dei vil sikre begge foreldra sjølvstendig oppteningsrett til den permisjonstida dei sjølve tek ut. Far har sjølvstendig oppteningsrett i dag, han kan vere heime på eiga lønn, men berre dersom mor før permisjonstida har arbeidd i meir enn 50% stilling i seks månader.

Det er det siste punktet Høgre no vil endre.

Les: NAV om foreldrepengar ved fødsel

Mot utviding av fedrekvote

Tord Dale, politisk rådgjevar i Barne- og likestillingsdepartementet

Tord Dale, politisk rådgjevar i Barne- og likestillingsdepartementet.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Samstundes går Høgre saman med Frp imot meir permisjonstid til far i den nye mannsmeldinga, ifølgje politisk rådgjevar i Barne- og likestillingsdepartementet, Tord Dale.

- Medlemmane frå Frp og Høgre deler ikkje regjeringas syn når det gjeld deling av permisjonstida, men meiner det må vere opp til kvar enkelt familie å dele tida, seier Dale.

- Utfordringa er at ein veit at bedrifter i liten grad oppmodar far til å vere heime, og at det dessverre fortsatt er slik at det er liten status for far å ta fedrepermisjon. Utviding av fedrekvoten er et viktig virkemiddel for mer likestilling, seier Dale.

- Vert snart ein realitet

Får Høgre gjennomslag for vedtaket sitt, likestiller dei mor og far. Det trur Hofstad Helleland er viktig for barnefamiliane.

- Posisjonen til pappa vert styrkt, økonomien til familien vert dermed ikkje ruinert viss ein ikkje har vore i jobb. Det sikrer båe høve til å vere heime med barnet deira viss dei ynskjer det, seier Hofstad Helleland.

Hofstad Helleland trur ikkje det vil ta lang tid før dette vert ein realitet.

- Eg trur Stortinget er klar for å likestille far som omsorgsperson. Me krev at far stiller opp på alle område i samfunnet, men da må han få same rettane, seier Hofstad Helleland.

AKTUELT NÅ