Hopp til innhold

Sjekkar Treholt-kofferten på ny

Gjenopptakingskommisjonen vil no gjere si eiga undersøking av kofferten til spiondømde Arne Treholt. Også dei vil leite etter ein mykje omtalt tapebit.

Treholts attachékoffert

Kofferten til Arne Treholt med tapebit.

Foto: Politiets sikkerhetstjeneste

Arne Treholt

Arne Treholt vart dømd til 20 år i fengsel for spionasje i 1985.

Foto: NRK
Boka "Forfalskningen" og Treholts koffert

Boka 'Forfalskningen' og kofferten til Arne Treholt.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

I går kom det fram at eit britisk kriminalteknisk institutt slår fast at det ikkje var nokon tapebit på kofferten til Arne Treholt då han vart arrestert .

Advoktaten hans, Harald Stabell, meinte rapporten viste at politiet hadde triksa med bevismateriale, og at rapporten ville gjere det umogleg for kommisjonen å nekte gjenopptaking.

Kjøpte sjølv

Ifølgje Aftenposten var det Treholt sjølv som betalte for denne rapporten, men Stabell seier kjøpet ikkje må bli sett på som kritikk av arbeidet til kommisjonen.

No har kommisjonen starta si eiga fototekniske undersøking, stadfestar kommisjonsleiar Helen Sæter.

– Eg kan stadfeste at vi har motteke rapporten frå forsvararen til Treholt. Han er sendt vidare til omsetjing, og vil inngå i det vi skal vurdere, seier ho til Aftenposten.

– Fabrikkert bevis

Tapebiten vart først omtalt i boka «Forfalskningen» som kom ut i september. Der seier ein tidlegare politispanar at pengebeviset mot Treholt vart fabrikkert .

Då Arne Treholt vart arrestert i 1984 bar han på ein koffert. På bilete frå like før pågripinga er ikkje tapebiten synleg, ifølgje rapporten.

Det var han derimot på eit bilete som politiet hevdar vart teke i bustaden til Treholt i 1983, som skulle styrkje det såkalla pengebeviset mot Treholt. Pengebeviset var sentralt i saka.

Tapebiten viser seg igjen på bilete frå etter pågripinga. Ifølgje Forfalskningen-forfattar Geir Selvik Malthe-Sørensen var det bevis for at politiet juksa med pengebeviset.

Video Refleksjon på Treholt-koffert

Biletet til høgre viser ein tapebit over metallflata på kofferten. På biletet til høgre er ikkje tapebiten der.

Foto: Fra boken "Forfalskningen"

– Endrar lite

Fotoekspertar som uttalar seg i den britiske rapporten støttar at det ikkje var nokon tapebit på kofferten då han vart arrestert.

Førstestatsadvokat Lasse Qvigstad seier til Aftenposten at han er overraska over at Treholt-forsvararen har gjort eigne undersøkingar, men at han tar dette med stor ro.

– Det endrar lite for vår del. Vi skal kommentere rapporten når vi får saka til uttale frå kommisjonen, seier han.

AKTUELT NÅ