Hopp til innhold

Sjekk vêret – sommarvarm start på hausten

I morgon startar hausten, ifølgje kalenderen. Men vêret heng ikkje heilt med – enno.

Vêret laurdag 1. september 2018

Kartet viser temperaturen høgt oppe i atmosfæren laurdag 1. september, ikkje bakketemperaturar. Raudt er varmt.

Foto: Meteorologene, Twitter

– Når kalenderen viser 1. september er det eigentleg haust, men denne helga blir det varmt og fint seinsommarvêr i mesteparten av Noreg, seier statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl.

Rafael forteller om været

– Nyt den første haustdagen, seier statsmeteorolog Rafael Escobar Løvdahl.

Foto: Maria Knoph Vigsnæs

20 grader

Han viser fram vêrkart med sol i alle landsdelane og høgare temperatur enn forventa for denne helga.

– Sørlandet, Telemark, Austlandet, Midt-Noreg og Nord-Noreg får fint vêr laurdag med 20 grader enkelte stader. I vest startar det også fint laurdag, men så tek vinden frå sør seg opp og det skyar noko til. Men det kunne jo vore nordleg kuling og betydeleg lågare temperatur, seier meteorologen.

Vêret laurdag 1. september 2018

Sola blir å sjå i alle delar av landet laurdag 1. september.

Foto: Meteorologene/Twitter

Ikkje haustvêr enno

Definisjonen for når hausten set inn, er ifølgje vêrmannen når døgnmiddeltemperaturen ligg mellom 0 og 10 grader.

– Vi er ikkje der enno. Men allereie søndag kjem det nedbør både i vest og nordover i landet, så nyt den første haustdagen, smiler Escobar Løvdahl.

Yr.no har tidlegare teke eit dykk i statistikkane for å sjå når hausten normalt sett kjem til dei ulike byane:

Sjekk når hausten kjem til deg

STAD

FYLKE

HAUSTEN STARTAR

Alta

Finnmark

31. august

Bardufoss

Troms

27. august

Bergen

Hordaland

2. oktober

Bodø

Nordland

8. september

Drammen

Buskerud

20. september

Fredrikstad

Østfold

6. oktober

Førde

Sogn og Fjordane

11. september

Hammerfest

Finnmark

22. august

Harstad

Troms

3. september

Haugesund

Rogaland

5. oktober

Karasjok

Finnmark

22. august

Kristiansand

Vest-Agder

30. september

Lillehammer

Oppland

7. september

Lillestrøm

Akershus

12. septmeber

Mo i Rana

Nordland

1. september

Molde

Møre og Romsdal

15. september

Narvik

Nordland

4. september

Oslo

Oslo

21. september

Sandefjord

Vestfold

24. september

Sandnes

Rogaland

7. oktober

Sarpsborg

Østfold

27. september

Skien

Telemark

24. september

Stavanger

Rogaland

6. oktober

Steinkjer

Nord-Trøndelag

12. september

Tromsø

Troms

25. august

Trondheim

Sør-Trøndelag

8. september

Tønsberg

Vestfold

24. september

Vadsø

Finnmark

8. august

Volda

Møre og Romsdal

15. september

*Gjennomsnittleg dato for når hausten kjem er basert på normalperioden 1961-90.
*Tabellen kan ikkje brukes som eit rent vêrvarsel, men antydar når hausten normalt sett kjem ut i frå ein meteorologisk definisjon.
*Manglar staden du bur på i tabellen? Søk på ein stad på yr.no.

Ekspander/minimer faktaboks

AKTUELT NÅ