Hopp til innhold

Sjå kronprinsen surfe

Kronprinsfamilien lada opp til surfe-EM på Jæren med å teste ut bølgjene på Stadtlandet tidlegare i haust.

Laurdag startar surfe-EM på Jæren i Rogaland. Det er første gong meisterskapen blir arrangert i Skandinavia, og det skjer med hjelp frå kronprins Haakon. Han tok sjølv kontakt med arrangørane og spurte om han fekk vere med å arrangere.

– Eg har drive med surfing sidan eg var liten. Og så blei eg inspirert av at bølgjesurfing blir ein del av neste sommar-OL i Japan, fortalde kronprinsen NRK i januar då hovudkomiteen hadde sitt første møte for å planlegge EM.

Det er venta rundt 500 deltakarar, støtteapparat og lagleiing til arrangementet.

Kanskje skal kronprinsen sjølv i vatnet

I føremiddag var kronprins Håkon på plass på Borestranda, tydeleg oppglødd før arrangementet.

– Det er veldig gøy at det er surfe-EM i Noreg. Moro å ha eit så stort arrangement her på Klepp, seier han til NRK.no.

Han ser ikkje bort frå at han skal ut i vatnet sjølv, i løpet av dagen.

– Eg er jo veldig glad i å vere ute i bølgene. Det er ein fin måte å vere ute i naturen på. Men eg er på eit heilt anna nivå enn dei som konkurrerer her, seier surfe-kronprinsen.

Surfe-kronprinsen
Foto: Fjordlapse Photography

Lada opp med familien

Tidlegare i haust tok kronprins Haakon med seg resten av familien til Hoddevika på Stadtlandet i Sogn og Fjordane for å surfe. Der fekk kronprinsen vist fram ferdigheitene sine i bølgjene.

Det såg også ut til at barna også treivst godt på brettet, og at dei hadde plukka opp eitt og anna triks frå faren.

Etter at dei hadde kosa seg i vatnet, slappa dei av med litt grilling på stranda.

– Litt små bølger, men ein veldig fin dag. Me hadde det bra, sa kronprinsen om turen i dag.

AKTUELT NÅ