NRK Meny
Normal

Sjå det fantastiske fyrverkeriet!

Fyrverkeriet som sette punktum for opninga av Operaen, var truleg det største i Noreg nokon sinne.

Fyrverkeri under operaåpningen
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

23.30 laurdag kveld braka det laus i hovudstaden.

Folk i hovudstaden kunne sjå fyrverkeriet på lange avstandar. Tv-sjåarane fekk også med seg gnistregnet.

NETT-TV: Sjå det fantastiske fyrverkeriet!

Fyrverkerishowet vara i åtte minutt og nitten sekund. Rakettane vart skotne opp frå tre posisjonar på fjorden like ved Operaen.

Eit tonn sprengstoff

Fyrverkeriet var sett saman av ein tredelt seanse der det fyrste minuttet var tilpassa TV-sendingar. Deretter kom ein meir moderat «transportetappe», før ein storslagen finale.

På lageret til Engelsrud NFI Pyrotechnics AS jobba dei på spreng før operaopninga. Eit tonn sprengstoff vart lada og montert, og riggar og ramper vart klargjort.

Stort ansvar

Jan Yngve Gundersen og sonen Tommy, var to av 20 personar som hadde ansvaret for det gigantiske fyrverkeriet i samband med opninga av Operaen.

- Det er ikkje mange i Noreg som kan setje opp fyrverkerishow i denne storleiken. Her er det spesielle typar varer som blir brukt, sa karane frå Kristiansand til Fedrelandsvennen i god tid før dei tente på lunta.

Statsråden duppa

Til tonane av Richard Wagners opera "Den flygande hollender" vart dei fyrste rakettane sendt opp i nattehimmelen.

I hamna utanfor Operaen låg Statsraad Lemkuhl og mange småbåtar og duppa i gnistregnet.

Operaen og Oslo kommune hadde slått seg saman for å finansiere den gnistrande feiringa av det storlagne huset.

NETT-TV: Kjendisene gleder seg over ny opera

NETT-TV: Slavene fikk bli med på festen

NETT-TV: Stoltenberg: - Håper på ny tidsalder

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger