Hopp til innhold

Sivs liv i toppolitikken

Siv Jensen tok opposisjonspartiet som alltid brukte utestemme og gjorde det til eit regjeringsparti som inngjekk kompromiss og styrte landet. Dette er Siv Jensens liv i toppolitikken.

HISTORISKEBILDER

FERSK: I 1997 kom 28 år gamle Siv Jensen inn i rikspolitikken.

Foto: Erik Johansen / NTB

Oslo-jenta Siv Jensen fann sitt parti som 18-åring.

Etter nokre år som rådgjevar og politikar i Oslo bystyre og som vararepresentant til Stortinget, vart ho sett på tredjeplass på Frps Oslo-liste til stortingsvalet i 1997.

Tredjeplassen ville ikkje nødvendigvis bety at ho var sikra ein plass i rikspolitikken.

Kronprinsesse

Men Frp var på veg opp. Det var også Siv Jensen.

Partiet gjorde eit godt val i 1997, og Jensen vart valt inn på Stortinget på fast plass. I eit mannsdominert parti fekk det fortsatt unge politikartalentet umiddelbart stort ansvar av formann Carl I. Hagen.

Ho hamna i den mektige finanskomiteen og året etter vart ho også valt inn i Frps sentralstyre. Allereie i 1999 vart Jensen valt til nestformann, som det heitte den gongen, i Frp.

NYTTÅRSINTERVJU

ANSVAR: Fortsatt ung og på veg opp i finanskomiteen i 2001.

Foto: Lise Åserud / NTB

Ho var nestleiar for Frps stortingsgruppe i stortingsperioden 2001-2005, og var også leiar i den mektige finanskomiteen på Stortinget og dermed ein viktig forhandlar då Kjell Magne Bondevik var statsminister for Høgre-KrF-Venstre-regjeringa.

Trass god oppslutning, bratt karrierekurve og mektig posisjon, var denne perioden også ei utfordrande tid for Jensen.

Skandale

Partiet vart rysta av skandalen då det kom fram at Jensens nestformann-kollega Terje Søviknes hadde hatt sex med ei 16 år gammal jente som var på ungdomspartiets landsmøte.

Kvinna opplevde det som eit overgrep og hadde fortalt om det som skjedde til partileiinga. Men Siv Jensen og partileiinga som hadde kjent godt til skuldingane, greip ikkje inn mot stortingsnominasjonen av Søviknes.

Det var ein sterkt prega Siv Jensen som fortalte om saka på ein pressekonferanse i februar 2001.

TÅRER: Siv Jensen tok til tårene på pressekonferansen i 2001 om valdtektsskuldingane mot Søviknes.

Foto: Erlend Aas / NTB

Siv Jensen har seinare omtalt denne saka som noko av det verste ho har vore med på. I 2016 tok partileiar Søviknes inn i regjeringa.

Partileiar

Jensens posisjon i paritet vart berre styrka på tidleg 2000-tal. I 2005 overtok ho som gruppeleiar på Stortinget etter Carl I. Hagen.

Og då partiformann gjennom 28 år, «Kong Carl», gjekk av i 2006, var det ingen tvil om kven som skulle ta over. Kongen abdiserte og hadde peika ut sin etterføljar.

Landsmøtet valde den 36 år gamle Siv Jensen som Frps nye formann.

Kronprinsessa var blitt dronning.

Siv Jensen bar formannstittelen fram til partiet endra tittelen til leiar tre år seinare. Men uansett om det heiter formann eller leiar: Posisjonen har vore uomstridt.

I dei 15 åra som har gått etter at ho tiltrådte har det ikkje vore tvil. Siv Jensen er sjefen, og ingen har utfordra hennar posisjon i Frp. Av dei noverande partileiarane i norsk politikk er det berre Erna Solberg som har site lenger enn Jensen.

Fremskrittspartiets landsmøte

TRONSKIFTE: Siv Jensen vart valt til leiar etter Carl I. Hagen på landsmøtet i 2006.

Foto: Morten Holm / NTB

20-prosentpartiet

I Siv Jensens første periode som leiar var Frp i kraftig medvind. Veljarane hadde valet mellom «Jens eller Jensen». Frp-leiaren var statsministerkandidat.

Statsministerjobb vart det verken då eller seinare. Men Jensen leia Frp til det beste resultatet i partiets historie i 2009. Med oppslutnad frå heile 22,9 prosent av veljarane, kunne Jensen leie ei stortingsgruppe med 11 fleire representantar enn Høgre hadde.

Frp var det største og viktigaste opposisjonspartiet i Jens Stoltenbergs åtte regjeringsår.

Og med det solide resultatet i 2009 hadde ferda mot regjeringsmakt starta for alvor. Siv Jensen var ein av pådrivarane for at dei borgarlege partia skulle gå saman i regjering, og var klar på at ein ikkje kunne kome utanom Frp om det skulle bli regjering på høgresida.

Morna, Jens!

I 2013-valet nådde Jensen målet sitt. Sjølv om Frp gjekk kraftig tilbake i valet, gjorde høgresida det bra. Det var klart for maktskifte.

Øyeblikket på Frps valvake septemberkvelden kjem til å bli ståande i all ettertid.

MORNA JENS: Siv Jensen i ein kjole og med eit sitat for dei politiske historiebøkene.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

«Dette har jeg venta lenge på å si. Og jeg har venta lenge på å si det jeg skal si nå», starta Jensen. Så tok ho ein kunstpause og lot alle kjensler fløyme fritt:

«Morna, Jeeeens!»

Ein ny æra i norsk politikk hadde starta.

Etter regjeringsforhandlingar mellom Høgre og Frp på Sundvolden, måtte Jens Stoltenberg flytte ut av regjeringskontora, mens Siv Jensen tok plass ved kongens bord som finansminister med kontroll på pengesekken til den norske staten.

Frp kunne juble over ein regjeringsplattform som mellom anna vektla skattelette, strengare innvandringspolitikk og betra politiberedskap. Men bompengar klarte partiet aldri å bli kvitt.

STATSRÅD 2013: For første gong i norsk historie går statsrådar frå Frp ut på slottsplassen. Siv Jensen er i front.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Etter eit drygt halvår i regjering måtte finansminister Jensen sjå at gullkrana i norsk politikk vart skrudd igjen då oljeprisen starta å gå kraftig nedover.

Oljeprisfallet i 2014, arbeidsløysa og omstillinga prega perioden hennar i finansdepartementet og budsjetta ho la fram på vegne av Solberg-regjeringa.

Nok er nok

Framstegspartiet hadde aldri vore i regjering før, men med støtte frå KrF og Venstre i Stortinget var fleirtalet sikra. Frp og Høgre styrte dermed saman i regjering i heile fireårsperioden fram til 2017.

I valet 2017 fekk dei fire partia fleirtal på ny, og Siv Jensen heldt fram som finansminister og partileiar. Men med Venstre og etterkvart KrF på plass i regjering vart konfliktene fleire. Jensen og Frp opplevde dessutan at regjeringsprosjektet vart utvatna.

Fremskrittspartiet går ut av regjering

UT: I januar 2020 tok Siv Jensen Frp ut av regjering.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

I januar 2020 konkluderte partiet med at det var nok. At regjeringa ville hente heim ei norsk kvinne som var tilknytta terror-rørsla IS var dråpen som fekk det til å flyte over. Kort tid før pandemien traff landet tok Jensen Frp ut av regjering.

Håpet var at partiet skulle finne seg sjølv og auke oppslutnaden. Men eit drygt år seinare ligg Frp på under 10 prosent.

18. februar 2021 varsla Siv Jensen at ho ikkje tek attval til Stortinget, og at ho har gitt valkomiteen i partiet beskjed om å finne ein ny partileiar.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ